Mikroeventyr på Øysand - ny linje? (22.02.2018)


Characteristic Ice climbing
Map
Visits of other PBEs Iscrag på Øysand (20m) 22.02.2018

Isklatresesongen er ikkje over sjølv om snøen legg seg og sola stig. Kveldens mikroeventyr var ei fin lita linje som eg topptaua eit par gonger i fjord. I kveld var eg og Pål Christian ute for å lede saken. Først lett opp i eit hjørne til høgre for istappen, eit par kammar inn under overhenget, før ein lena seg ut med ei øks i risset i hjørnet. Få øksa opp over kanten, og svinge seg ut på isen. Artig! Herifrå var det i år overraskande bratt is til topps. Tok meg god tid og skrudde tett. Anker i godt tre rett over kanten.

Deretter tok vi eit par runder på topptauet, og medan vi holdt på med dette kom det ein politibil sigande. Den stoppa, og ut kom onkel politi. Eg kunne ikkje tenke meg at vi gjorde noko gale her, men man kan jo alltids bli litt stressa av å bli sjekka av politiet. Men det viste seg at Onkel Politi klatra is sjølv, og hadde blitt nyskjerrig av lysa på isen. Så då stilte dei seg midt i fallinja utan hjelm intill dei fann det tryggast å skli tilbake til bilen.

Om denne linja klokkar inn på WI5 veit eg ikkje, for det var ikkje så vedvarande. Meir kortare bratte parti, litt tæknisk og spenstig ut overhenget.

Om ingen har gått denne før så kallar eg det ein første, men det vil vise seg. I fjord kalla eg den "I know how to die" - i linje med Motorhead-temaet på veggen. Ca 20 meter, WI4+(5-?). Kan bli ein mikroklassikar denne!

Senterlinja. Venstrelinja og høgrelinja kan også bli spenstige saker med eit par borreboltar.
Senterlinja. Venstrelinja og høgrelinja kan også bli spenstige saker med eit par borreboltar.
Pål Christian prøver å finne vegen ut av hula
Pål Christian prøver å finne vegen ut av hula

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.