Strukafossen (04.02.2018)


Map
Visits of other PBEs Langstein 04.02.2018 15:37

I denne tidenes isvinter har mitt enorme alpinpotensiale vorte distrahert av gravid kone og ein meget aktiv toåring. Når til alt overmål svigers stakk tre veker til kanarie-øyene midt i januar var det klart at eg ikkje kom til å utmerke meg med store nyturar i Sunndalen i år heller.

Men i samme sekund som svigerfar landa på Værnes sende eg ut melding til min likeså heimekjære omgangskrets av klatrande småbarnsforeldre om at no måtte det støtast! Til alt overmål fekk eg ein heil gjeng på kroken. Etter ein god runde med klager på feber, kulde, låke kne og diverse kroppslige forfall landa vi på Struka - ein foss på Langstein som etter sigende skulle vere stor og fin og i kjekk form.

Det var subalpin start frå trondheim ein gong mellom 8 og 9, med Arve, Mats og Pål-Christian i bilen. Etter ein kort stopp i Stjørdal for at Mats skulle få låne seg ein vintage klatrehjelm, var vi klare på Langstein klokka 9.

Det tok berre 10-15 min opp til fossen, som såg stor og fin ut! Vi ville dele oss i to lag, og det var to openberre linjer - til venstre og høgre. Eg gikk for den til venstre sidan den såg enklast ut - noko den på ingen måte var.

Gjengen i skogen
Gjengen i skogen

Vi racka opp under første opptaket. Arve og Mats gikk løpande herifrå og opp til bratta, medan eg og Pål tok det i to taulengder. Først greit opp opptaket (WI2-3) så trasking eit stykke til nytt opptak. Enklaste veg opp her tok Arve (WI3+) så eg tok ein litt brattare variant (Wi4). Rett ovanfor opptaket tok tauet slutt, så her vart det standplass.

Pål kom kjapt etter og berre fortsette vidare. Dette vart litt ein transportetappe, 60m. Tauet tok slutt der det bratna til.

Pål på andre-lengda. Mats på tredjelenda oppe til høgre. Vi tok den digre greia til venstre.
Pål på andre-lengda. Mats på tredjelenda oppe til høgre. Vi tok den digre greia til venstre.

Eg vart spent på sistelengda - den såg ganske rotete ut, med store formasjonar. Eg hadde også høyrt at det såvidt gikk med eit 60m-tau. Eg håpa vi hadde sett standplassen høgt nok oppe, og at eg hadde nok skruar.

Venstrelinja vår og høgrelinja til Mats og Arve. Vi klatra frå nedre venstre hjørne, og opp til høgre under søyla, så mot venstre. (Tatt frå rappellen nedatt).
Venstrelinja vår og høgrelinja til Mats og Arve. Vi klatra frå nedre venstre hjørne, og opp til høgre under søyla, så mot venstre. (Tatt frå rappellen nedatt).

Eg byrja på sakene – ingen grunn til og stå og psyke seg ut. Det var skikkelig tredimensjonale greier på store, issoppar der vanskeligheitene meir å holde balansen gjennom alle formasjonane. Spennande var det i alle fall, og til tider ganske bratt. Det var deilig å kome opp på homogen is som la seg litt, etter ein ganske spennande tip-toe-travers. Til gjengjeld byrja det å bli tynt i skruesettet, så her fekk ein berre gi seg hen til oppdriftsguden.

*Krafse krafse liste liste - her gjeld det å ikkje snuble i skolissene sine.
*Krafse krafse liste liste - her gjeld det å ikkje snuble i skolissene sine.

Pål byrja no å mase om at det var lite tau igjen, så då var det berre å forte seg til topps før det tok slutt. Eg runda opp på topphylla akkurat i det tauet tok slutt og det var to skruar att på selen. Flaks! Klokka inn på 55m, WI4+.

Arve og Mats var no godt i gang med rapellane, og det var tydelig at dei hadde los for rosinbollane på næraste bensinstasjon. Vi tok oss tida i denne fine isen, med nydelig utsikt over Trondheimsfjorden. Pål var nøgd der han runda kanten. Vi rusla bort på høgresida av isen (sett nedanfrå), der vi rappellerte av ei solid furu på stupkanten. Då rakk vi ned til lia nedanfor øverste bratta. Her gikk vi ned skogen 20 meter ned til neste hammar. Ein ny 60m-rappell tok oss akkurat ned til sekkane. Her vart det endelig lunch før vi møtte dei to andre rosinbollane på parkeringa.

Hallo?
Hallo?
Dette var noko anna enn mørkeklatring i Sunndalen!
Dette var noko anna enn mørkeklatring i Sunndalen!

Takk for turen!

User comments

  • -
    avatar

    Kul linje!

    Written by furreti 23.02.2018 19:26

    Hvor er dette?

    • -
      avatar

      Sv: Kul linje!

      Written by kobbenes 23.02.2018 22:08

      langstein, 10-15min å køyre forbi Stjørdal. Du får opp plasseringa om du trykker på "kart" i toppen under overskrifta. Småtterier i forhold til kva de klatrar på nordmøre sjølvsagt, men i trøndersk målestokk er det respektabelt!

  • -
    avatar

    Bra!

    Written by kristoffergh88 05.02.2018 17:25

    Bra jobba!

    • -
      avatar

      Sv: Bra!

      Written by kobbenes 05.02.2018 20:24

      takker! anbefalelsesverdig tur!

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.