På slep opp Øysandpillaren (17.12.2017)


Characteristic Ice climbing
Map
Visits of other PBEs Iscrag på Øysand (20m) 17.12.2017
Øysandpillaren (176m) 17.12.2017

Sidan isen gror i Trondheimsområdet tenkte vi at det ikkje var nødvendig å køyre 2,5 timar for å klatre i dag. Den lokale klassikaren og testpiecen Øysandpillaren (WI5) var inne, og vi var 4 i bilen på veg til den lokale indrefiléten: Mats, Ole Kristian og Knut. Etter ein stopp på CirkleK Sandmoen for det aller mest nødvendige, var vi klare på parkeringa ved lysets frembrudd (9:30).

Dagens mål.
Dagens mål.

Etter litt buskbryting var vi klar under isen - det såg heftig ut. Eg hadde i mitt stille sinn tenkt at kanskje eg kunne bryne meg på cruxlengda, men dette sinnet vart stillare og stillare. Eg tok uansett føstelengda, som først gjekk opp ei fin renne, før det var opptaksvis bratt på store formasjonar. Skikkelig smøris, artig! Sette standplass i ei busk på hylla til venstre under bratta og tok opp dei tre andre. Klokka vel inn på WI4 (minus), 45m.

Tøff sak. Høgrelinja ser også heftig ut.
Tøff sak. Høgrelinja ser også heftig ut.

Deretter gjekk Mats på bratta, som frå hylla vår såg ut som 25 meter med loddrett is med store formasjonar. Han sneik seg forbi det tredimensjonale startpartiet, og forsvann ut av syne bak søyla. Masse is og rasing, før vi såg han heilt på toppen. Vanvittig luftig opp på her! Litt seinare ropa han "standplass", og det var min tur.

Mats "stødig" Mosti har naturopplevelsar. (biletet er litt på skeiva - det var brattare).
Mats "stødig" Mosti har naturopplevelsar. (biletet er litt på skeiva - det var brattare).

Eg må innrømme at eg gjekk til verket med ein viss ærefrykt. Trur eg sjekka knuten min 15 gonger. Veldig luftig, og dels svakt overhengande gjennom den første delen, men det gjer det også enkelt å hooke og stemme. Når ein kom rundt pillaren la det seg litt, og ein kunne gå opp på ei lita hylle. Den var altså ikkje fullt så vedvarande som det såg ut frå standplassen, så trur den klokkar greit inn på WI5 (40m?). Avslutninga var spektakulær, der ein svinga seg tilbake ut på pillaren med 55 meter under baken. Heftig! God is heile vegen gjorde det til ein fornøyelse!

Tilbakeblikk frå toppen - Ole Kristian med luft under øksene.
Tilbakeblikk frå toppen - Ole Kristian med luft under øksene.

Alle kom seg opp, og ved å etablere rapellen litt nede på kanten av overhenget, rakk vi akkurat ned til sekkane med ein 60-m-rapell. Sidan vi hadde tre tau var det greit å rappellere frå standplassen vår ned til rappellfestet - eg syntest det var utsatt her nede.

Tauet hang snorrett 60m ned til sekkane, og det var rimelig luftige saker. Veldig morsomt å få gått denne lokale superlinja! Ein dag må man vel lede søyla sjølv også.

Knut i luftig rappell.
Knut i luftig rappell.

Det er også andre linjer oppe i denne veggen - ein høgrevariant som nok også er rimelig stram, og tynnare. Ikkje mindre enn WI5 den heller, og litt lenger. Og nokre isar lenger til høgre. Samt overraskande god steinkvalitet (mix og klipperuter???). Vel vel..

God stemning tilbake til bilen. Takk for turen!

User comments

  • -
    avatar

    Juhu!

    Written by SturlaS 17.12.2017 16:58

    Kjørte forbi Øysand i går og så at pillaren var i god utvikling! Var det greie isforhold?

    • -
      avatar

      Sv: Juhu!

      Written by kobbenes 17.12.2017 17:48

      bra ja. bratt men masse is. i dag var det skikkelig smøris

      • +
        avatar

        Sv: Sv: Juhu!

        Written by SturlaS 17.12.2017 19:18
Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.