Kaldfonna, Storkalkin og Kalknebba (22.09.2017)


Start point Hoven
Duration 27h 11min
Distance 25.0km
Vertical meters 3,590m
Map
Ascents Kalknebba (1,644m) 23.09.2017 14:40
Kaldfonna (1,849m) 23.09.2017 14:40
Storkalkinn (1,880m) 23.09.2017 14:40
Visits of other PBEs Haremdalsfalla oppgang (1,000m) 22.09.2017 11:30
Kaldfonna fra Hoven (1,500m) 22.09.2017 11:30
Kalknebba fra Hoven (1,500m) 22.09.2017 11:30
Storkalkinn fra Hoven (1,500m) 22.09.2017 11:30
Parkering Hareima/Litlkalkinn (20m) 23.09.2017 14:40
Tyskerhytta (682m) 23.09.2017 14:40

Denne helga skulle vi eigentlig klatre sesongens vegg-prosjekt, men blanda værmeldingar/forkjøla klatrepartnerar/jobbhelg for kona/vekkreiste barnevakter etc etc etc gir ingen storveggstur på Kristian.

Men godteposen er jo full av alternativ, og etter vurdering av vær og føre fall valget på kremtoppane sør for Sunndalsøra. Sidan eg hadde to dagar til rådigheit, pakka eg teltet – spent på kor mykje eg kunne rekke over, men vel vitande om at ingenting kjem gratis i Sunndalen.

Etter avlevering av Jr. i barnehagen Fredag gikk turen til Sunndalen – berre avbrote av ein stopp på VPG for det aller mest nødvendige.

Kvar gong eg kjem til Sunndalen vert eg fyllt av ærefrykt. Dimensjonane er så enorme. Eg stoppa for å sjå på kløfta vi klatra i vinter – den er jo kjempestor. Eg parkerte på Hoven og la avgårde halv 12 mot høgdemeterfestival.

Stairway to Kaldfonna - opp mot galleria
Stairway to Kaldfonna - opp mot galleria
Galleria, lause og fine
Galleria, lause og fine

Været var dårligare enn meldingane hadde sagt, så det var like greit at vi ikkje hang i veggen i dag. Fin sti opp lia til Tyskerhytta. Her vart eg i tvil på korleis eg skulle legge opp vegen vidare. Eg hadde som foreløbig plan for to dagar å få med Storkalkin, Kalknebba, Kaldfonna, og Dordinakken om eg virkelig hadde oppdrift. Men no var det regn, litt sur vind, god sikt, men skodde på Storkalkin.

På peakern hadde eg sett ein sti rett frå Tyskerhytta opp galleri mot Kaldfonna. Det såg styggbratt ut, men då eg såg ein merkestein på andre sida av elva tenkte eg at dette er faktisk ein sti. Ein sti var det aldeles ikkje. Bratt men greit å gå opp til galleriet. Her skifta det til mitt minst-favoritt-terreng: traversering i laus ur. God plass på galleriet, så noko eksponert var det ikkje. Her og der såg eg spor etter folk. Men den einaste verdien til denne oppgangen er å kome seg kjappast mogleg til toppen, for vakkert var det ikkje. Moralen hadde motbakke opp her, men man fikk berre satse på “finværet” som skulle kome utover ettermiddagen.

Kaldfonna i sikte
Kaldfonna i sikte
Terningkast-3-vær
Terningkast-3-vær

Oppe frå galleria venta to dryge bakkar til i ur, før eg stor på toppen av Kaldfonna (1849moh) 3:30 etter start. Været var framleis ikkje noko å rope hurra for, så det vart ein kort stopp på toppen før eg gikk ned sørflanken.

Ned her var det bedre og gå, fastare ur, og tilogmed eit trakk her og der. Då sola kom fram steig moralen meget, og eg undra i mitt overmot over om eg skulle ta Dordinakken, Storkalkin, eller begge samme dag. Men vel nede ved 1114-vatnet gav krampa i låra beskjed om at 1800 meter med sekk var nok trim for i dag.

Heisann, er det fleire toppar i området?
Heisann, er det fleire toppar i området?

Eg fann ein plass i le der eg slo opp teltet, ovanfor svaa på botnen av austryggen til Storkalkin. Teltet mitt er av det lette slaget, og det har gått på bekostning av styrken, for å seie det slik, så eg brukte god tid på å tynge ned bardunar og diverse med stein. Men tid hadde eg jo nok av no, for å seie det slik (vi seier det ofte slik). Eg nytta den til å ta ein lur. Deretter kunne man jo ta seg goood tid med tilbredelsen av drytech og ein kopp kaffi, før ein lurte på kva dei neste 3 timane skulle brukast til. Vinden reiv i teltet, og kjensla av sårbarheit var absolutt til stades. Eg leita fram lydboka på telefonen:

Into the Wild av John Krakauer.
Into the Wild er ei sann historie om middelklasseguten Christopher McCandless som, inspirert av Jack London og Leo Tolstoy, braut med familien sin etter college, kvitta seg med alle eigenluter, og byrja eit asketisk liv med stadig nye eventyr – til han vart funnen ihjelsvolten i Alaska. Kapittelet denne kvelden handla om at Chris hadde etablert leir i ørkenen i California, der han jobba sporadisk for å tene pengar til Alaska-reisa. Her vart han kjent med ein gammal mann som hadde mista kona og sonen sin i ei bilulukke då han var ung. Den gamle mannen hadde aldri kome over tapet, og i McCandless såg han noko av sonen han mista. Dei to vart godt kjent, og då McCandless skulle reise til Alaska spurte den gamle mannen om han kunne adoptere McCandless som sin son. “La oss snakke om det når eg kjem tilbake” svara McCandless. Den gamle mannen flytta ut i ørkenen, og tok over McCandless sin leirplass. Kvar dag sat han utanfor campingvogna og venta på at McCandless skulle kome tilbake. Heilt til ein dag – då han fekk høyre at McCandless hadde omkome i Alaska. Den gamle mannen hadde mista enda ein son.

Nei altså, dette kan eg ikkje ligge og høyre på her oppe på fjellet! Eg kika litt på kartet i staden. Huff, det er tett mellom høgdekotene her i Sunndalen altså. Ein kan bli nervøs av mindre. Eg la meg og prøvde og sove.

Ny dag, nye moglegheiter. Alpenglow over Dordi
Ny dag, nye moglegheiter. Alpenglow over Dordi
Opp dit!
Opp dit!

Morgonen etter vakna eg halv 7, til ein skyfri og nydelig morgen. Etter ein kort frokost tok eg vegen opp austryggen mot Storkalkin. Mykje ur opp her altså, ikkje noko sti å snakke om, dog litt trakk og varding hist og her. Å kome opp på topplatået var som å kome opp på ein annan planet. Utsikta var noko av det råaste. Å stå her oppe halv 9 og sjå morgensola over halve midtnorge var heilt fantastisk. Eg tok ein telefon til kona for å melde at hjertet framleis slo, og akkurat då kom ein røyskatt ut av toppvarden og lurte på kva som skjedde. Ein røyskatt her oppe? Det var jo ein pussig stad å holde hus. Finn ein seg kjæreste her oppe på 1880 meter då? Og mat?

Men kva er no dette? Langt vekk og høgt. Kan det vere sjølvaste Piggen?
Men kva er no dette? Langt vekk og høgt. Kan det vere sjølvaste Piggen?
Snøhetta
Snøhetta
Hallo du?
Hallo du?
Vel vel, ned ur ur og atter ur til teltet, 2 timar t/r. Gikk raskt vidare, og fann varding ned Haremsdalsfalla. Her var det festa wire, men den nederste hadde ramla ned. Så litt klyving må reknast med. Deretter ut Hareimsdalen til tyskerhytta. Her tok eg ei pause og fyre opp brennaren for litt drytech og ein kopp kaffi.
Storkalkin. Massiv type. Tenk at det bur ein røyskatt der oppe. Du må finne deg ein annan plass, røyskatten - ditta ekje noko framtid.
Storkalkin. Massiv type. Tenk at det bur ein røyskatt der oppe. Du må finne deg ein annan plass, røyskatten - ditta ekje noko framtid.
Sunndalen altså..
Sunndalen altså..
Uten mat og drikke...
Uten mat og drikke...

Deretter dagens siste motbakke opp til Kalknebba. Deilig med sti! (Nokon har jo gått amokk på peakern med sti-merking i dette området, og eg lurer litt på kva som har vore meint med det. Eg tykte stort sett terrenget var krevjande, med mykje ur, og lite men heller ingen sti. Trur ein alle markeringane på peakbook-kartet er tilrettelagde stiar kan ein gå på ein lei smell. Dette er ingen stad for utrente bein i dårlig vær, for å seie det mildt). Fulgte stien mot Litjkalknebba eit godt stykke, og braut deretter av bort ura mot Kalknebba. Det såg jo ikkje så langt ut, men tallenes tale var jo klar – det var 400 høgdemeter att. Og sannelig, det vart drygt opp her. Men jamna dreg etc, og halvannan time etter start var eg på toppen.

Det er jo ikkje så langt opp dit?!?
Det er jo ikkje så langt opp dit?!?
Oi, her var det høgt. Berre i Sunndal får ein slik dal navnet "Litldalen"
Oi, her var det høgt. Berre i Sunndal får ein slik dal navnet "Litldalen"

Belønninga var utsikta ned mot Litledalen – ein heilt vanvittig vegg! Det har jo vore mykje styr og hendelse om trollveggen oppigjennom, men kva med nordveggen på Hårstadnebba då? Kastar ein stein her treff ein jo bonden på Hårstad i haude!

Turmåla
Turmåla

Men alt har ein ende – også motbakkane i Sunndalen. No var det lett jogg ned til tyskerhytta, og deretter tung jobb ned til Hoven. Tilbake i bilen etter venta det 1L sjokomelk og ein pose med Chips. Nam nam.

Hausten set bjørkeskogen i brann
Hausten set bjørkeskogen i brann

Så var det berre tida og vegen tilbake til bartebyen – berre avbrote av ein stopp på VPG for det aller mest nødvendige.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.