Førstebestigning av Ragna Route (6-R) på hemmelig crag (17.09.2017)


Start point Hemmelig
Endpoint Superhemmelig
Characteristic Climbing
Map
Visits of other PBEs St. Olavsspranget klatrefelt (200m) 17.09.2017
Andreas på førstebestigninga. 6er-kammen er på plass. No er resten opp til oppdriftsguden.
Andreas på førstebestigninga. 6er-kammen er på plass. No er resten opp til oppdriftsguden.
Topo.
Topo.

På ein hemmelig stad i Bymarka ligg den finaste tradlinja i heile Trondheim Kommune. Ikkje så hemmelig heller, eigentlig. Den er midt i glaninga for alle som følger med. Men det er det få som gjer. Inntill Andreas hadde auga med seg.

"Eg har spotta ei stolt linje, eit riss, i bymarka. Kanskje 15m høgt. Kanskje offwith. Veit ikkje om det er søppel, men vi kan jo sjekke".

Som regel betyr dette at det er søppel. Men det er kjekt med ein tur ut uansett. Eg lasta sekken full av store og ubrukte sikringsmidler.

Linja var synleg høgt over vegen. Milde måne, det såg faktisk heilt rått ut! Vi gikk opp og rappellerte ned. Det såg enda råare ut! God steinkvalitet og ein moderat offwith. Vi pussa risset så godt vi kunne (børster ikkje medbragt). Byrjinga var meir begrodd, så der vart det litt hagearbeid. Det var bratt og kupert under klippa så vi sjølvforankra oss i ei gran.

Vi leita fram dei store sikringsmidla, og tok kvar vår runde på topptau. Det vart fort klart at offwithen ikkje var så vanskelig, men vanskelig å sikre. BigBro'en klara vi ikkje å plassere. 6'er-kammen klara vi å plassere sånn nokolunde, men då måtte den stå heilt i ro. Eg var ikkje gira på slikt i dag, men Andreas, som hadde spotta linja, var meget gira. Versågod!

Først opp eit litt tricky sva (6-). Ein må snike seg litt opp før ein får satt ein god kam i toppen av svaet, men litt utsatt før dette. Så via stor gran opp skrå og grasdekt hylle. Så eit kort og uryddig dieder opp ei litt suspekt klemblokk som ein kan stå på. Sikring i mindre klemblokk (bombe) før ein jobbar seg opp offwithen på gode tak, set 6er-kammen, og går for ei hylle som ein må baske seg oppå. 5/5+. Ramlar ein her får ein tid til å be ei bønn til Black Diamond om at kammen held (tippar 50% sjangse) før ein stoppar - forhåpentligvis før ein treff noko. Ingen garantiar.

Vel oppe på hylla kan ein sikre i kaminen, før uttopping via småtricky moves opp til blokkene på toppen. Oh yeah! Trondheim Kommunes vakraste tradrute er eit faktum! Grattis Andreas!

Eg fulgte med sekk, og fekk ei god treningsøkt. Deretter high fives og diskutering av det vidare potensialet på denne steinen. Her er det fleire linjer! Difor kremmar vi litt hemmeligheiter enn så lenge - har ingen klatra på denne klippa før så kan de vente litt til medan vi testar potensialet ;-)

Navnet vart Ragna Route (6-R) ca 25 m, fordi den er som veslejenta til Andreas, Ragna: ikkje så stor, men mørk og tøff.

image:kobbenes_20170917_59bebdb82309b.jpg|Anmarsj.
image:kobbenes_20170917_59bebe5a8462b.jpg|Offwith med dertilhørende sikringsinstallasjonar
</imageslider>

Oppdatering: Dette var første dagen på St.Olavsspranget klatrecrag. Vi har no laga fleire ruter og ein liten førar. Sjekk ut 27Crags for meir info

User comments

  • -
    avatar

    6- R?

    Written by SturlaS 19.09.2017 19:54

    Er det Yosemite-R som har lurt seg inn i graderingen her?

    Nice work forresten!

    • -
      avatar

      Sv: 6- R?

      Written by kobbenes 19.09.2017 20:00

      Takk for det! R-rated ja. Noget dårlige sikringsmoglegheiter i offwithen. Minst ei kremlinje som ikkje er pussa og testa, kanskje også fleire med litt meir research. Då kan dette likne på ein liten trad-juvel rett ved trondheim :-)

    • -
      avatar

      Re: 6- R?

      Written by AndreasNordstrand 21.09.2017 09:58

      Den første delen (svaet) er også ganske R. Det er bratt under standplass, så om du ramler før du får satt første kammen, triller du utfor et overheng under standplassen, og får et skikkelig faktor 2 fall. Tror dette kan bedres ved å slynge et tre noen meter opp til høyre (se bilde) for svaet, men du får likevel et bra run.

  • -
    avatar

    Nå er rensa skikkelig!

    Written by AndreasNordstrand 19.09.2017 18:24

    Fin rapport. Kan forøvrig informere lesere om at jeg tok turen i dag og rensa ruta ordentlig. Nå er den nice :-)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.