Snillfjord-søndag: Aida (7) (27.08.2017)


Characteristic Climbing
Map
Visits of other PBEs Snillfjord Klatrefelt (150m) 27.08.2017
Kulørt klatrepresse
Kulørt klatrepresse

Denne nydelige haust-søndagen sneik eg meg med Skarpklatrarane på tur til Snillfjord igjen. Skarpklatrarane er berre kjent frå den interne klatrepressa. Alle veit kven dei er, men ingen veit kvar dei er. Før det brått er dobbeltsider i den årlige kaffibordblekka til Kluben. Uvant i denne SoMe-tidsalderen.

Sjølv satsar eg heller på mange men lavthengande publikasjonar.

Dei skulle støte på dei harde prosjekta sine. Eg skulle prøve og gå Aida, 7'aren eg psyka ut på sist eg var der. Sidan det har den berre fortsatt og psyke meg ut.

Eg fekk hengt opp topptau på prosjektet mitt, og forsøkte ei runde. Det gjekk veldig fint. Det er ikkje så pumpande - eit buldreproblem på toppen av 25 meter med meir moderat klatring. Dette skulle gå.

Imens eg tenkte på dette topptaua Skarpisane og prata om andre personar hvis navn eg kjenner att frå klatrepressa. Det er ikkje mange ein kjenner i klatremiljøet når ein set sin første kile som 30-åring, tenkte eg for meg sjølv.

Deretter fekk eg skarpenden, med beskjed om å sende sakene. Eg hadde ei god kjensle, racka opp, og gjekk raskt gjennom dei første 25 metera. Eg satte så dei to store kammane i risset i overhenget, ein 3ar og ein 4ar for dei som set pris på slik info. 4aren er sikringa som skal ta mitt fallende legeme om eg tryna, og den sat ikkje heilt, så eg brukte litt tid på å justere denne. Då kom pumpen, så eg klatra ned til kvilen halvannan meter nedanfor.

Her stod eg i nokre minutt og rista. Tenkte minst mogleg, rista mest mogleg. Då eg ikkje fekk ut meir pump lot eg det berre skje.

Og så skjedde akkurat det som gjer klatring virkelig magisk. Eg lena meg inn i laidbacken og stemma imot med føtene. Hand over hand, gjennom det dårlige høgrehandstaket, skifte vekta over venstrefoten og vri meg opp. Muntre og oppløftande tilrop. Sikringane passerte og forsvann under meg medan eg jobba meg oppover og la høgrehanda på topphylla. Ikkje stopp no, berre fortset. Her slapp eg beina og hang fritt, 30 meter over og 7 meter utanfor punktet der eg forlot bakken, slengde hælen opp på hylla og drog meg over. Der var eg i mål!

Ved ankeret på den korte Aida-varianten (6-)
Ved ankeret på den korte Aida-varianten (6-)
Under "bulderet" i toppen
Under "bulderet" i toppen
Gjennom cruxet
Gjennom cruxet
En og to og tre!
En og to og tre!
Hnuuuuurghhhh....
Hnuuuuurghhhh....
Hurraaa! *klipp klipp
Hurraaa! *klipp klipp

Nokre perfekte minutt der kroppen sin eigen rasjonalitet overstyrer nervøsiteten, og held seg trygg og kontrollert gjennom sine eigne koordinerte røyrsler.

Eg tredde gjennom ankeret og lot meg fire nedatt. Det var eit slit og få utatt sikringane der tauet forsvann under det store overhenget. Det var brattare enn det såg ut!

Dette er altså ikkje ei særlig blasert og avmålt turrapport, for det er så innmari artig og klatre slike ruter!

Ned topphenget på Aida. Her var det bratt, gitt!
Ned topphenget på Aida. Her var det bratt, gitt!

Vel nede var eg meget nøgd, for å seie det mildt!

Deretter tok eg sikringsjobben for Sjefsskarpisen. Denne ellers beskjedne nordlendigen prata seg reint vekk der han jobba seg oppover ei marginal og runout rute med bakkefallpotensiale. Det var rimelig stilig å sjå på, med catching og greier. Heile seansen tok nesten ein time. Eg ser at seigpumptreninga på gymmen må inneholde lenger intervall i veggen, for å seie det slik.

Sendings vart det diverre ikkje, og då skarpklatrar #2 var bekymra for ein prolaps i ryggen + manglande pumptrening i det siste var heller ikkje han veldig gira på lange og marginale runouts.

For ein stein! Aida byrjar i det høgre treet, og går til venstre for overhenga til hylla i toppen av biletet.
For ein stein! Aida byrjar i det høgre treet, og går til venstre for overhenga til hylla i toppen av biletet.

Difor fekk eg racket igjen med beskjed om å prøve Borgrisset (sandbag 7+). Det ville eg gjerne for det såg driiitkult ut.

Eg jobba meg oppover og utover, og det vart både tungt og krøkkete og spennande. Etter litt henging og styring kom eg meg ut av overhenget i starten, og etter enda meir styring og henging kom eg meg opp sjølve risset. Her var det testing av diverse manglande jammekunnskap, før eg til slutt måtte ta den "avslappande underclingen" med albuane der eg prøva å klippe meg inn på ein fastrusta karabin. Dette gjekk aldri, og eg ofra ein av mine eigne.

Vel og bra, då har vi eit prosjekt til! Eit med betydelig meir pump!

Fotosession.
Fotosession.

På veg ned gjorde eg ein tabbe i renskearbeidet på den bratte ruta, og snappa den florlette og prolaps-plaga skarpklatraren av bakken så han vart slengt rett inn i ein trestubbe. Det såg fælt ut, og han ropa så buldrarane i dalen ramla ned av prosjekta sine! Men det gjekk heldigvis bedre enn det såg ut, og eg fekk sitte på heilt heim til Trondheim.

Takk for ein prima dag!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.