Date climb på Lyneggen (23.08.2017)


Characteristic Climbing
Map
Visits of other PBEs Størenhammeren (110m) 23.08.2017

Endelig ville Kona vere med på Størehammaren! Ikkje berre det, ho ville også lede! Vi omplasserte junior til bestisane og hoppa i bilen etter jobb. Tind, nut, nos - eller i alle fall Lyneggen - her kjem vi!

Nedanfor Størenhammaren stod ikkje mindre enn 4 bilar denne onsdags ettermiddagen. Hell i uhell, for eg hadde berre tatt med ein taubrems. Ein svenske lånte oss ein til.

Eg leda opp første taulengda, Motorveien (5), som vanlig den hardaste og finaste lengda på Lyneggen, og kom til ei hylle full av folk. Det vart heligvis faktisk ikkje så ille med venting allikavel.

Korleis var dette igjen no då?
Korleis var dette igjen no då?
"Bratt" er mellomnavnet mitt!
"Bratt" er mellomnavnet mitt!

Kona tok neste lengde (4-), bratt opp eit dieder på gode tak. Ettersom det er ei stund sidan sist ho leda på kilar, vart det litt leiting i selen etter korrekte storleikar, men resultatet vart meget pent satte sikringar. Deretter tok ho også fjerde lengde (3) utan større "om" eller "men". Sola varma i veggen, og trivselsfaktoren var høg. Intill barnevakta ringte og lurte på kvar nøkkelen til leiligheita var. Junior fikk altså brått overnattingsbesøk hjå bestisane i natt. Vel vel..

God stemning på standplass!
God stemning på standplass!
Kven er det som kjem her?
Kven er det som kjem her?

Deretter gikk eg på Lynegg-lengda (5-), før Kona etter litt "om" og "men" seila opp sistelengda (4+).

Vi rappellerte så ned, og feira med sjokomelk og skulebolle.

Husa på Støren vert små frå toppen av Størenhammaren
Husa på Støren vert små frå toppen av Størenhammaren

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.