Mislukka skoddetreff på Skruvane (19.07.2017)


Start point Bygdastøylen P-plass (480m)
Endpoint Bygdastøylen P-plass
Characteristic Hillwalk
Duration 7h 30min
Distance 15.0km
Vertical meters 1,800m
Map
Ascents Hesten (1,160m) 19.07.2017 17:53
Litleskruven sør for (1,411m) 19.07.2017 17:53
Litleskruven (1,545m) 19.07.2017 17:53
Skruven (1,585m) 19.07.2017 17:53
Tverrfjellet (1,508m) 19.07.2017 17:53
Visits of other PBEs Bygdastølen p-plass (480m) 19.07.2017 17:53

Vi leita og leita, men denne dagen måtte vi gi opp. Uansett kvar vi såg var det berre blå himmel over gullrekka av Sunnmørske tindar. Ikkje ein skoddedott å sjå.

Spøk til side, dette var altså ein kjempedag. Skruven er ein klassikar i Norangsdalen - ikkje like kjendt som diverse turistmål i området, men både høg og fin. Dessutan får ein jo to toppar i slengen sidan det er ein dobbeltopp. Dette var sommarferien sitt hovudmål for meg og kroksleiven (Torleiv Orheim), og denne gongen ville vi ha finevær.

Finevær fikk vi, og vi planla ein liten runde for å få med skruven og listetoppen Tverrfjellet. Vi køyrde inn den flotte Synnylvsmolskredalen og parkerte på Bygdastøylen. Her var dagens to turmål lækkert synlige.

Det var ein del skilting herifrå mot diverse dalar. Vi fulgte stien, og kom etter kvart til eit skilt mot skruven, både rett nord og mot vest. Vi skulle mot vest for å kome inn på løypa over Hesten. Denne stien forsvann fortare enn svint under hamrane på den same hesten, og vi knota litt for å kome oss rundt desse. Herifrå vart det stort sett offroad.

Hesten, Skruven og Tverrfjellet frå parkeringa.
Hesten, Skruven og Tverrfjellet frå parkeringa.
Offroad mot Hesten.
Offroad mot Hesten.

Greit opp til Hesten (1158), deretter på snøfonner mot 1242-punktet og vidare til Litleskruven Sør for. Herifrå såg sørvestegga på Litleskruven kvass ut, og eg byrja å få indre visjonar om eit bein på kvar side av egga. Dette holdt eg for meg sjølv, men det var greit å kome seg vidare så ein ikkje fekk for mykje tid til dagdrøyming. Opp til starten på ryggen var det litt klyving i ur, men uproblematisk. Oppe på skuldra såg eg at egga på Litleskruven var like brei som E6 mellom Støren og Berkåk. Dette gav ei lette av humøret som kanskje gav vel mykje prating for Kroksleiven sin smak. Men det er jo lov å vere blid.

Snøfelt mot 1242-punktet
Snøfelt mot 1242-punktet
Eg synest egga på Litleskruven ser kvass ut. Kroksleiven har kvilepuls som vanlig.
Eg synest egga på Litleskruven ser kvass ut. Kroksleiven har kvilepuls som vanlig.
Men sjekk her då! Dette er jo barneskirenn!
Men sjekk her då! Dette er jo barneskirenn!
Torleiv med diverse turistmål i bakgrunnen.
Torleiv med diverse turistmål i bakgrunnen.

Det var reine besseggen-stemninga opp til Litleskruven. Her tok vi ein kort rast før vi rusla vidare til Skruven. Det var mykje snø, men akkurat på kanten var det smelta vekk så vi kunne gå tørskodd heile vegen. På skruven tok vi ein lenger stopp med litt skjever, skriving i bok og beundring av utsikta.

Jauda, det er fint dette! Norangsfjorden, Øye, Slogen og Smørskredtindane.
Jauda, det er fint dette! Norangsfjorden, Øye, Slogen og Smørskredtindane.
Kroksleiven studerar gjesteboka - ikkje så mange som er opp her samanlikna med naboane. Neste turmålet, Tverrfjellet, i bakgrunnen.
Kroksleiven studerar gjesteboka - ikkje så mange som er opp her samanlikna med naboane. Neste turmålet, Tverrfjellet, i bakgrunnen.
Litjskruven er ein finare tind enn stortoppen. Lenger bak er Kvitegga, som heller ikkje er å kimse av.
Litjskruven er ein finare tind enn stortoppen. Lenger bak er Kvitegga, som heller ikkje er å kimse av.

Deretter var turen kome for nedfarta til Russadalen før oppfarta til Tverrfjellet. Eg hadde ei førestilling om at vi skulle ned nordryggen, men det såg på ingen måte gjerbart ut då ein høg og sleip hammar blokkerte toppen. Kroksleiven peika heller på austryggen. Eg syntest den også såg bratt ut, men vi kunne jo rusle nedover og sjå. Den er omkransa av brear, så fann vi ikkje vegen ned fikk vi nok høgdemeter allikavel, for å seie det slik.

Ryggen gikk fint eit godt stykke nedover til den vart sperra av ein litt ekkel hammar. Denne var kanskje 5 meter høg, men det frista lite med nærare kjennskap med ura nedanfor. Vi fann ei omgåing ned svaa mellom breen og ryggen på sørsida - eit litt kinkig men kort klyvenedtak frå ryggen, så kunne vi gå på galleri så vi kom inn på ryggen nedanfor hammaren. Er det vått kan dette vere verre, men under desse forholda gikk det fint. Same vegen kan brukast opp, og då er det kanskje enklare.

Ned austryggen med hammaren øvst i biletet. Vi gikk rundt på venstresida og kom inn rett under hammaren.
Ned austryggen med hammaren øvst i biletet. Vi gikk rundt på venstresida og kom inn rett under hammaren.
Fjellblomster og bekkeklunk.
Fjellblomster og bekkeklunk.
.
.

Vidare ned var ryggen greiare, og vi kom raskt ned til Synnulvsvatnet, der vi tok ein kort beinstrekk før vi byrja på dei 500 vertikale opp til Tverrfjellet.

Nordryggen på Tverrfjellet såg relativt mundan ut på avstand, men på nært hold var den overraskande bratt. Vi var tydeligvis ikkje ferdig med klyvinga for i dag. Artig bortetter ryggen, og så bratna det til siste stykket. Eit par omgåingar på høgresida, men siste stykket mot toppen føl egga. Det løyste seg greit, men det var sleipt så ein bør trå forsiktig. Så var vi på Tverrfjellet, og kunne nyte utsikta tilbake til dagens innsats. Ein lite besøkt men veldig fin topp! Her tok vi dagens siste matbit, før det var ruslings den lange trasken ut til Bygdastølen.

Nordryggen på Tverrfjellet
Nordryggen på Tverrfjellet
Litlskruven, Skruven, og Austryggen der vi kom ned midt imot.
Litlskruven, Skruven, og Austryggen der vi kom ned midt imot.

Takk for turen, Torleiv!

User comments

  • -
    avatar

    Missing title

    Written by kroksleiven 26.07.2017 22:52

    Flott rapport! Det var vel meir enn 1100 høgdemeter.

    • -
      avatar

      Sv:

      Written by kobbenes 26.07.2017 22:53

      Takk! Eg skal finregne litt på det :-)

  • -
    avatar

    Missing title

    Written by ligroenb 19.07.2017 22:22

    Jau sikkert trasig at skodda holdt seg unna, bedre lykke neste gang ;-)

    • -
      avatar

      Sv:

      Written by kobbenes 19.07.2017 22:38

      Ja dette var total fiasko for oss skoddeentusiastar B-D

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.