Sist men ikkje minst (300m 5), Kårnyken sørveggen (13.07.2017)


Start point Moldbakkåsen (200m)
Endpoint Moldbakkåsen
Characteristic Alpine climbing
Duration 6h 47min
Vertical meters 700m
Map
Visits of other PBEs Kårnyken Sørveggen (1,060m) 13.07.2017 12:00

Eg har lenge tenkt på om sørveggen på Kårnyken kunne vere klatrebar. Den er veldig flott, men steinkvalitet og sikringsmoglegheiter er alltid eit spørsmål.

Denne sommaren hadde eg avtalt med Arve Stavø at vi skulle sjekke ut veggen. Tid og vær gjorde at vi stod i Ålfoten 10:30 i dag, med skiftande vær og regn i lufta. Dottera til Arve, Tuva (17), var også med og var gira på å teste alpinklatreskillza.

Vi hadde uansett ikkje ambisjonar om dei tøffaste linjene i dag, og tenkte at vi heller fekk rekognosere litt. For å ha ein sjangs om å nå toppen valde vi formasjonen lengst til venstre i veggen. Den var kortare enn resten av veggen (men desto lenger anmarsj), og såg ut til å ha like artig klatring.

Heldigvis var skogsvegen god å køyre langt opp, så vi sparte ein god del anmarsj. Deretter vart det skikkelig safari, først opp ein bekk mot Skavlen, før vi braut av for å kome inn under pillaren. Skikkelig gaupeterreng og blautt gras oppover her. Gode sko er eit must! Helst ville vi kome under kløfta aust for pillaren, men vi kom for langt opp, så det var vanskelig å kome ned dit. Vi satsa difor heller på ryggen oppover. Oppstart var litt til høgre på formasjonen, omtrent der vegetasjonen går lengst opp.

1. lengde (3, 50m). Eg tok første lengde, som var over eit greit sva og inn i eit fint dieder, litt buskbryting, og stand på skrå hylle. Vått og ikkje særlig bratt.

2. Lengde (3, 50m) såg ut som den skulle by på finare klatring. Fin klatring opp eit opptak rett frå stand, så over til høgre og inn i ei jæævlig sleip grasrenne. Eg hadde skifta til klatresko for å få litt meir å "gå på", men dette straffa seg her, og eg slo skinnleggen min på ein stein. Vestlandsalpinisme på sitt beste. Vidare gjennom busk og kratt opp på ei stor hylle. Veggen røyste seg over meg, men eg nådde ikkje bort for berre taudrag, så eg sette stand i ei bjørk 15 m under veggen.

3. lengde (4, 50m). Her var det mindre buskbryting og meir klatring. Tuva tok denne, og lurte seg opp våte riss og sleip mose til stand midt i veggen.

4. lengde (5-, 50m). Arve gikk rett opp frå stand, gjennom litt tricky moves på blaut lav, runda rundt eit lite overheng og opp enklare terreng til ei stor hylle. No byrja sola å ta, og det vart riktig så hyggelig. Vi såg toppen ikkje så langt oppe, så dette kom til å bli sendings :-)

5. lengde (3, 50m). Arve tok ein transportetappe over hylla og opp på liten pinakkel under toppveggen. Det var heilt tydelig at vi tok enklaste veg opp, men at terrenget og steinen var svært klatrebar med potensiale for mange flotte linjer!

6. lengde (5, 50m). Dette var utan tvil dagens finaste, og æra gikk til den yngste i laget. Tuva tok racket og sette avgårde opp eit flott diedersystem. Litt navigering av lause blokker rett før det flata ut, så sette ho stand på topp-platået. På denne lengda fikk vi smake på den riktig fine klatringa, med utmerka og velsikra riss og formasjonar. Dog laust nok til eit skikkelig fjell-preg.

Sidan det grovt sett berre var sistelengda som var fin så vart navnet "Sist men ikkje minst", ca 300m og grad 5. Dette er berre ei mogleg linje opp dette terrenget, så nokon nærare beskrivingar føler eg ikkje er nødvendig.

Heller vil eg oppmode folk om å finne andre linjer som har mindre buskbryting og meir klatring, for nokon klassikar vart nok ikkje dette. Derimot var det skikkelig eventyrklatring, og kanskje første bestiging av Kårnyken sin sørvegg?

Etter litt recon langs toppen på veggen, returnerte vi via renna ned Skavlen, og holdt vestsida av bekken for å unngå nokon hamrar. Litt sleipt, så gode sko er atter anbefalt, men det gikk heilt fint.

Dette er eit massiv med alpin storveggskvalitet og slettes ikkje verst steinkvalitet (minst like bra som Innerdalen i alle fall!), og som er relativt tilgjengelig. Hit skal eg utan tvil tilbake, og då helst til større ruter!

User comments

  • -
    avatar

    Tøft

    Written by SturlaS 16.07.2017 20:59

    Tøft og artig med nybrottsarbeid på ukjent fjell!

    • -
      avatar

      Sv: Tøft

      Written by kobbenes 26.07.2017 10:51

      meget artig ja! man må jo ha litt eventyr i dette landet med uendelig klatrepotensiale :-)

      ser ut som du har hatt knall dagar i nord!

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.