Ein midtsommardraum på Sørøst-hjørnet (24.06.2017)


Start point Giklingedalshytta
Endpoint Dalen parkering
Characteristic Alpine climbing
Duration 14h 00min
Map
Ascents Søndre Skarfjellet (1,548m) 25.06.2017 19:18
Visits of other PBEs Skarfjellet - rapellering under bre (1,400m) 25.06.2017 19:18
Sørøsthjørnet på Skarfjellet (1,400m) 25.06.2017 19:18
Giklingedalshytta (740m) 25.06.2017 19:18
Dalen parkering (260m) 25.06.2017 19:18

Etter ein travel vår med mykje jobb for heile familien vart det denne helga brøyta plass til klatrehelg! Etter litt om og men og sondering av omgangskrinsen av opptekne småbarnsfedre slo Pål Christian til på ein tur til Innerdalen. Etter særs ustadige værmeldingar landa vi på laurdagstur på ultraklassikaren Sørøst-Hjørnet på Skarfjell.

Vi ankom Dalen parkering fredag kveld klokka 22, fylte sekkane med det aller mest nødvendige + litt til (for eksempel to tubar tannkrem!), og la i veg mot Giklingedalshytta. Skodda hang tungt over Innerdalen, og luftfuktigheta var særs høg, for å seie det slik. Men meldingane for morgondagen var supre, så humøret var godt.

Sjå der ja!
Sjå der ja!

Då vi kom opp mot Giklingedalen klarna det opp, og morgendagens turmål stod svært klart for oss! Som nyslått Klub-medlem skulle eg nytte meg av luksusen det er å ha hytte i Giklingedalen. Denne var ferdig oppvarma då vi var framme klokka 12 - to andre var også innlosjert for natta. Då var det framleis ganske lyst. Litt skiver så hoppa vi til sengs.

Morgonen etter hang skodda tungt over vatna, kaffien smakte meget godt, og vi fikk god varme i ovnen. Dei to andre på hytta var eit trivelig par frå Kristiansund, og kunne fortelle litt av kvart.

Skodda letna litt etter litt, og vi snøra sekkane og la avgårde klokka 10. Vi vassa over Fluo og fikk ein frisk start på dagen, for å seie det slik. Det var kaldt - for å seie det på ein annan måte. Ellers ingen problem. Vi fulgte vestsida av vatnet, og skråa deretter oppover mot bekken som kjem ned frå breen. Her låg det ein del snøfonner, så vi knytte oss like greit inn og gikk med tau over snøen opp mot første ringband. Innerdalsføraren beskriv eit klyveopptak opp til ringbandet, og dette ser ein tydelig nedanfrå. Dette var derimot 2/3ar-opptak med ugrei landing, så ikkje dumt å ha klar eit par nøtter her om ein er usikker.

Morgenstund har gull i munn
Morgenstund har gull i munn
Kva er det som lurer i skodda?
Kva er det som lurer i skodda?

Starten på ruta er rett bak ein pinakkel. Google Sørøsthjørnet så er der ein fin video som viser veldig godt kvar ein byrjar klatringa (NB: ikkje dekning på innsteget. Det er dekning på andre ringband, men då har du kanskje funne innsteget allerede?).

I det vi var på innsteget kom det eit anna lag som skulle gå heile trollatraversen. Dei hadde vore i bratt lende før, og gadd ikkje eingong skifte til klatresko før dei forsvann opp veggen. Dei hadde med utstyr for overnatting, og kom seg etter sigende heilskinna nedatt etter ein fin tur. Stilig å sjå folk som har peiling!

Vi tok det meir med ro. Vi (eg) hadde store planar om å linke taulengder, men vi (vi) kom etter kvart til at det hadde lite for seg i den komplekse og blokkete veggen. Taulengdene i føraren gjer at kommunikasjonen går meget bedre og ein unngår taudrag.

1. taulengde (4) opp eit litt rotete høgrevendt dieder som er rødt i toppen, enda på god standplass. Pål leda stødig opp her.

2. taulengde (3) byrja opp nokon blokkoppstablingar, enkel klyveklatring. I føraren står det at ein skal opp svaplata med riss i, men vi traverserte ut til høgre foran pinakkelen, der ein kunne spasere rundt på baksida og setje standplass.

Yes! Klar for andre lengde
Yes! Klar for andre lengde

3. taulengde er kort opp til ringbandet. Det er berre opptaket frå standplassen som er noko å snakke om, så det greiaste (gitt at ein kjenner seg comfy med opptaket) er å gå løpande opp her. Då slepp ein å stå og rope på kvar si side av ringbandkanten. Ringbandet er stort!

4. taulengde frå høgre til venstre i biletet
4. taulengde frå høgre til venstre i biletet

4. taulengde (3) er opp eit høgrevendt dieder/rampe mot nokon overheng. Pål gikk effektivt opp her, og sneik seg til venstre for to blokker. Her er det ei god hylle som vi burde sett standplass på. Men sidan vi var så "effektive" slo vi den saman med 5. lengde.

Opp hit er klatringa relativt grei, og eit erfarent lag vil kunne gå effektivt opp hit, løpande om ein er comfy. Etter dette er det nokre parti med litt vanskeligare klatring der i alle fall eg var glad for å ha svasko: 6. og 8. lengde.

5. taulengde: traversen ut i sydveggen, med påfølgande taudrag og kommunikasjonsprobemer. Då eg kom etter her vart det straks meget mer eksponert. Det var ikkje akkurat romslig på standplassen, og det såg litt begrodd ut oppover, men eit fint dieder. Var vi på rett plass? Med usikkerheit over oss og sydstupet under oss kjende eg stresset kom krypande. Kanskje vi skulle traversert litt lenger, men det såg bratt ut der også. Eg måtte kome meg i bevegelse.

6. taulengde byrja altså litt skvettent frå den luftige standplassen, opp nokre lause blokker før eg fekk satt ei god sikring og kome meg inn i diederet. Her var det fast fjell og lett og sikre, bratt og eksponert vart dette noko av den finaste klatringa på ruta! Eg lurer på om det kan vere det sagnomsuste svenskediederet (6-), men eg er ikkje heilt sikker. Her var ei klemblokk, men var det 6min-klatring? Etter diederet var det enklare terreng, og eg såg vi var tilbake på rett spor. Opp på ei god og avslappande standplasshylle.

Rett ned 6. taulengde. Her var det bratt, og eg såg rett ned i hovudet på Pål, til høgre for blokka midt i biletet
Rett ned 6. taulengde. Her var det bratt, og eg såg rett ned i hovudet på Pål, til høgre for blokka midt i biletet
Upåklagelig utsikt
Upåklagelig utsikt
Ah, rommelige standplasshyller!
Ah, rommelige standplasshyller!

7. taulengde tok Pål på enklare terreng, kort og rett opp til den rommelige hylla under 15metershammaren.

Her byrja vi å kjenne på slitet, og vi burde nok ha tatt ein pause her. Men været låg litt på grensa til regn heile tida, med skodde og sol som kom og gikk. No var det hagl i lufta. Då var det greit å kome seg over hammaren og til enklare terreng i tilfelle væromslag.

8. taulengde: 15-metershammaren. Dette er cruxet på ruta, klatremessig, og kan gåast i fleire variantar. Sidan vi skulle vere litt effektive gikk eg rett på det eg antok var 5- variasjonen. Delikate røyrsler opp plata til eit flak der ein kunne få ein liten kvil. Deretter laidback (cruxet) rundt flaket og over på enklare terreng. Virkelig flott klatring, godt sikra med mindre kammar i byrjinga, og medium på slutten. Det viste seg at eg hadde gått 5+-varianten, og det er eg godt nøgd med! Så morsomt med så fin klatring høgt opp i veggen!

Dette er fint! 15-metershammaren.
Dette er fint! 15-metershammaren.

Deretter enklare terreng, men her gikk eg meg litt vill. Eg fann ikkje skikkelig standplass, og fikk etterkvart bra taudrag. Eg såg ei skråhylle ut mot venstre, og gikk dit. Gode sikringar, men ikkje heilt avslappande posisjon over sydstupet. Her hadde imidlertid vore folk før - eg fann ein gammal trekile i eine risset. Det riktige er å holde meir mot høgre, runde hjørnet og inn i eit digert dieder på høgresida av pillarkanten.

Eg likar ikkje heilt sånne travle, eksponerte standplassar. Pål hadde ein liten kamp med å få med seg sekken opp hammaren, så det tok ei stund før han ankom standplass, noko svett i luggen.

9. taulengde - eg starta opp eit dieder langs eit stort flak som eg lurte på ikkje var heilt fast i fjellet. Fin klatring opp her, og eg sikra berre i nøtter oppover her for å unngå å presse ut blokker ved eit eventuelt fall. Etter diederet la terrenget seg, og eg fann vegen til nisja under dei store topp-overhenga. Stor og romslig hylle og standplass i klemblokk. Det kallar eg balsam for sjela!

Pål på nest siste standplass.
Pål på nest siste standplass.
Skarfjell kastar ein lang skugge
Skarfjell kastar ein lang skugge

10. taulengde tok vi toar-varianten ut mot venstre. Klyving rett ut mot venstre, forbi stupkanten og opp blokkterreng. Eg sette standplass i ei blokk her då dette var klassisk taudragterreng. Vi gikk løpande frå blokka, opp eit klyveopptak så var vi på topp-platået (10m). Det er kanskje like greit å gå løpande frå nisja til toppen.

Den kjensla når terrenget legg seg og ein veit ein har klart det!
Den kjensla når terrenget legg seg og ein veit ein har klart det!
Yes!
Yes!
Toppfjellfie
Toppfjellfie
Få fjell er tøffare enn Trolla!
Få fjell er tøffare enn Trolla!

Vi rusla til toppvarden, kika litt ned øststupet, og tok eit par gruppefjellfies, før vi byrja å sjå etter rapellankeret. Vi gikk ned i skaret mellom syd- og midttoppen, og gikk så på snøen ned til lavaste punkt. Her låg ein litt samanrast varde på berget rett nedanfor snøen, rett til høgre (sett frå snøen) for ein bekk. Uproblematisk bort hit, og rapellfestet låg rett nedanfor til venstre for varden. Vi hadde tauet på og sikringar klar heile vegen hit, men det var eigentlig ikkje noko behov for det her.

Så er det jo veldig deilig, etter å ha klatra ei 300-meters rute, og ta ein 55-meters rappell tilbake til start! Det låg snø under veggen, så vi sikra litt ned bratta under rappellen, og beholdt tauet på heile vegen ned forbi snøen. Ingen grunn til å sakke på sikkerheita på slutten av ein lang dag.

Jauda!
Jauda!
Sørøsthjørnet i profil
Sørøsthjørnet i profil

Så var det trask tibake til hytta, som var full av folk som hadde rusla på tårnet. Klokka var no 22 akkurat, så dette vart 12 timar frå hytte til hytte, med relativt liberal tidsbruk. Vi beslutta å gå til parkeringa. Eg skulle ha ein dag ekstra i Sunndalen, medan Pål hadde tenkt seg heim. Det gikk radig nedatt, sjølv om siste kilometera frå Innerdalshytta til parkeringa er dryge. På parkeringa vart det inntak av sjokomelk og polarbrød klokka 24.

Eit anna fjell i området
Eit anna fjell i området
Takk for no!
Takk for no!

Det er så rart, midtsommars, når det ikkje vert mørkt, og ein berre går og går. Kilometer, høgdemeter, forma er god og kroppen berre kvernar på. Det er alltid lyst - ein midtsommarsdraum var dette!

Deretter slapp Pål meg av i Sunndalsøra, der Øra-dagane var i full sving. Eg fann ein passelig teltplass, og sovna til tonane av Åge og Sambandet "Miiin dag i dag - Hæærrrrææguuud for ein deeeili daaaaag". Jauda, ikkje verst!

Takk for turen, Pål! Dette var saker!

User comments

  • -
    avatar

    Bra!

    Written by oddis 27.06.2017 22:02

    Syns du har en utrolig fin "fortellerstemme" i disse klatrerapportene dine. Startet dagen med denne rapporten og det var bortimot en optimal start på en krevende arbeidsdag.

    Om du vil verifisere at du klatret svenskediederet kan du sjekke ut denne filmen: https://vimeo.com/132941820

    Svenskediederet er der jeg stønner som mest ;)

    Ellers virker det som om at vi gikk omtrent samme variant av ruta.

    • -
      avatar

      Sv: Bra!

      Written by kobbenes 27.06.2017 22:43

      Takk for det, Oddis! Eg studerte filmen dykkar, og den var til god hjelp :-) Om de har klatra svenskediederet så har vi nok klatra noko anna mystisk noko, dette går vel rett opp frå standplass utan å ta traversen, gjer det ikkje? Toralv Furset sa ein skulle ta halve traversen før ein kom til svenskediederet. Anyway, trur ikkje det vi gikk var 6- uansett, men fint var det!

      • +
        avatar

        Sv: Sv: Bra!

        Written by oddis 27.06.2017 22:57
        • +
          avatar

          Sv: Sv: Sv: Bra!

          Written by kobbenes 27.06.2017 23:05
        • +
          avatar

          Sv: Sv: Sv: Bra!

          Written by BjørnF 28.06.2017 04:53
  • -
    avatar

    Snøfritt?

    Written by SturlaS 26.06.2017 12:08

    Gikk det greit med rutevalget?

    Regner med dere tok hardeste variant forbi hammeren. �

    • -
      avatar

      Sv: Snøfritt?

      Written by kobbenes 26.06.2017 12:11

      Det gikk stort sett greit. Ingen snø på ruta, men ein del på anmarsjen, så vi gikk i tau over snøfelta.

      Trur vi var litt off to stader på ruta, men det gikk fint å klatre seg innatt. Det var litt fare for nedbør då vi stod under 15m-hammaren, så vi gikk for 5- varianten for å få opp farta litt. Det gikk ganske fint, hadde kanskje klikka inn på 5+ på størenhammaren :-)

      Rapport kjem, for å seie det slik. Dette var artig!

    • -
      avatar

      Sv: Snøfritt?

      Written by kobbenes 26.06.2017 13:39

      korreksjon: etter å ha sett bilete frå andre turar ser eg at vi faktisk klatra 5+varianten. jøsses.

    • -
      avatar

      Sv: Snøfritt?

      Written by SturlaS 04.07.2017 08:22

      Der var rapporten kommet ja, med kjent høy kvalitet. Flott!

      Neste tur til Inneralen blir vel komplett Trolla-travers nå da?

      PS. Grattis som medlem i kluben.

      • +
        avatar

        Sv: Sv: Snøfritt?

        Written by kobbenes 04.07.2017 09:18
        • +
          avatar

          Sv: Sv: Sv: Snøfritt?

          Written by SturlaS 04.07.2017 09:36
Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.