Myr, glede og kultursti: Sjåvidthøgda og Jervfjellet (11.06.2017)


Characteristic Jogging
Duration 2h 34min
Distance 14.5km
Vertical meters 544m
GPS
Ascents Gråberga (496m) 11.06.2017
Jervfjellet (504m) 11.06.2017
Sjåvidthøgda (502m) 11.06.2017

Det har sitte litt langt inne og jobbe på Trondheim pf>100-lista då iveren etter skogkledde våttar har vore så-som-så. Etter å ha lest diverse turrapportar som ikkje akkurat har hylla Sjåvidthøgda opp i skyene har den heller ikkje vorte prioritert. Men, denne søndagskvelden tok brakkesjuka overhand, og litt lei av bymarka tenkte eg at ein kombi med Jervfjellet kunen vere fint.

Nydelig sommarvær i Trøndelagen denne kvelden, og etter studie av kartet parkerte eg ved Jervlandet og jogga skogsvegen langs Trøbekken til endes. Full fuglesang og nydelig lukt i skogen etter varmt sommarregn. Eg tok så til høgre ein sti mot vest, før eg braut rett av over lyng og hei meir eller mindre i rett linje mot Sjåvidthøgda. Litt torvklyving her og der, og eg passerte også nokon stiar som på trøndersk vis ikkje var orientert mot nokon toppunkt.

Eg forstår godt at toppen ikkje blir ein klassikar med sitt noko tilgrodde preg, men utsikta var ikkje så verst.

Oi, kva har skjedd her? Bamse brakar i Malvikmarka?
Oi, kva har skjedd her? Bamse brakar i Malvikmarka?
Sjåvidthøgda panorama. Like før Sverre M. Fjellstad dukkar opp bak ein furulegg.
Sjåvidthøgda panorama. Like før Sverre M. Fjellstad dukkar opp bak ein furulegg.

Tok så av mot Jervfjellet, og passerte både Slåttmyrin sjø og Troingjdalin, der eg kom inn på ein sti som leda til Ner Bjørnstatjønni. Riktig så fint her, med både bålplass og idyll. Plukka opp ein sti opp Jervfjellet sitt opptaksvise terrent.

Skau-idyll på Ner Bjønstadtjønni. Like før Lars Monsen dukkar opp med bikkjer, kano og Trine Rein på stereoen.
Skau-idyll på Ner Bjønstadtjønni. Like før Lars Monsen dukkar opp med bikkjer, kano og Trine Rein på stereoen.

Og oppi her gikk eg meg på ein liten kulturhistorisk snurrepipperi: under ein stor stein var ein hellar med utplassert skrin. Dette måtte sjølvsagt undersøkast, og riktig: i denne hellaren hadde det skjedd litt av kvart. Noko fukt her inne, men ikkje verre enn nokon av kjellarane eg har sett på visning i Trondheimsområdet.

Kva er no dette for noko? Hellar med utplassert skrin? Dei kan dette med kulturminner, trønderane.
Kva er no dette for noko? Hellar med utplassert skrin? Dei kan dette med kulturminner, trønderane.
Ja nettopp, her har det skjedd ting. Bra at malvikingane fikk ordna opp.
Ja nettopp, her har det skjedd ting. Bra at malvikingane fikk ordna opp.

Vidare fint oppover hylleterrenget, og det var like før eg kåra dette til fiiinast turen i Tronjæmsregionen, før eg oppdaga at det var ein kilometer med myrtrakking fram til toppen. Vel vel, varmt og godt og vid utsikt over Trøndelagen herifrå. Sommar er deilig!

Sørover, Vassfjellet til høgre og tordenvær mot Klæbu til venstre. Tordenværet laga oversvømming i Melhus samme natt.
Sørover, Vassfjellet til høgre og tordenvær mot Klæbu til venstre. Tordenværet laga oversvømming i Melhus samme natt.
Jonsvatnet, dei to resterande pf>100-toppane, Solemsvåttån og Trondheimsfjorden.
Jonsvatnet, dei to resterande pf>100-toppane, Solemsvåttån og Trondheimsfjorden.

Nedatt gikk det raskt, og etter eit regnskyll og litt buskbryting var eg tilbake på skogsvegen en route til Oreo-is på brustabua. Nam nam!

Midtommarskveld over Jonsvatnet.
Midtommarskveld over Jonsvatnet.
Start date 11.06.2017 17:46
(UTC+01:00 DST)
End date 11.06.2017 20:20
(UTC+01:00 DST)
Total Time 2h 34min
Moving Time 2h 27min
Stopped Time 0h 6min
Overall Average 5.6km/h
Moving Average 5.9km/h
Distance 14.5km
Vertical meters 544m

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.