Snillfjord-søndag (04.06.2017)


Characteristic Climbing
Map
Visits of other PBEs Snillfjord Klatrefelt (150m) 04.06.2017

Endelig tur til det hardaste kileklatrefeltet i midt-noreg. Eg og palchsa (Pål Christian Sandtrø) hang oss på to av Midt-Noregs skarpaste kileklatrerar. Medan dei hang i kvar sitt statiske tau og klogga på dritharde mooves, prøvde eg og PC oss på nokon av dei få "enkle" rutene der.

Først prøvde eg meg opp ein søkkblaut "Diedret" (5). Denne kjendest så overgrodd og blaut at eg backa av etter nokon meter. Byrja å tvile på gradene på denne plassen - blaut 5'ar klatring skal jo ikkje vere umogleg.

Psykande overgang mellom det vegetabilske og det mineralske riket.
Psykande overgang mellom det vegetabilske og det mineralske riket.

Så sende Mats oss i retning av Aida, som er 6- til første anker, med ei forlenging på 7 (minus i følge skarpklatrarane). Ruta byrjar med litt treklatring før ein går over til skikkelig granitt-jamming eit par meter, før meir opptaksvis vidare. Stivt nok med bratt jamming synest eg. Gikk fint, men 6-? Prøvde meg også på 7ar-avslutninga, men ei blanding av feig/svak/pumpa gjorde at eg backa unna. PC sleit litt med overgangen mellom det vegetabilske og mineralske, men kom seg avgårde til slutt, og klikka fint inn på mellomankeret.

Meir treklatring
Meir treklatring
No kosar vi oss
No kosar vi oss

Hit skal man tilbake, ingen tvil!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.