Sportsklatring på Hell: Kaninartikler (7) mm. (14.05.2017)


Characteristic Sport climbing
Map
Visits of other PBEs Hell klatrefelt 14.05.2017

Det er ikkje så ofte vi driv og klippar boltar her i familien. Men skal ein bli seig så må det til. Og tross alt: buldringa kring T-town er ikkje all verden, men sportsklatringa på Hell er jo faktisk ganske bra.

Eg og Kona avleverte jr. på hytta til Svigers, og sette snuten mot Hell i fantastisk vårvær. Der gikk vi først nokon moderate saker, før eg prøvde meg på Kaninartikler (7). Sidan eg har klatra så innmari lite sport har eg faktisk ikkje klatra 7 før. Det gikk heller ikkje no. Etter eit par forsøk vart det berre verre og verre.

Så overraska Kona med å sende tre firerruter på rappen på led: Edderkoppen, Pompel og Pilt. Ho såg avslappa ut og greier.

Medan vi pakka tenkte eg at eg kunne jo gi Kaninartikler eit støt til. Vi hadde tatt ned slyngene, men eg kunne jo øve inn betaen skikkelig, om ikkje anna. Dessutan var eg jo utkvilt no. Kanskje...

Og jammen gikk det! Persen var eit faktum!

Diverre ingen bileter av hærligheta, men det er berre og google Hell Rock, så får de eit inntrykk av kva dette handlar om.

Indre bilete er heller ikkje og forakte.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.