Harbaktur med kid'n (06.05.2017)


Characteristic Bouldering
Map
Visits of other PBEs Harbak 06.05.2017

Kona stakk til San Fransisco på konferanse. Eskil sa at vi kunne jo ikkje berre sitte heime og sjå på kvarandre heller, så med det fine været leigde vi oss rorbu på Harbak frå fredag til søndag. Her skulle sporty Pappa avslappa som han er ta med kid'n på tur til Fosens buldre-og-kystparadis.

Eskil vart pakka i bilen i sovande tilstand fredag kveld, og det var grei skuring til Harbak.

Dagen etter var det diverre skodde og duskregn over heile linja, med ein kald og sur vind. Etter ein god del utforsking av innsida av rorbua, ein tur på butikken, etc etc. så tok vi oss ein tur på buldrefeltet. I hellaren skulle det i det minste vere tørt.

Litt surt her også, diverre. Men det er jo verdens største leikekasse av inntørka saudeskit, så det vart tatt godt opp. Etter litt mat sovna sonen, så då var det berre å støte som pesten. Friksjonen var det så som så med, men eg støta ein del på Høygaffel (7b+, diverre med feil beta) og Scum of the slum (7a+). Sending vart det lite av, men i det minste vart det ei real økt.

Etter litt mysing mot skodda og stadig sjekking av yr, som insisterte på at det var strålande sol, fann eg ut at det var lite vits å vere til søndag kveld. Vi tok lunch i rorbua, før vi tok ein ettermiddagstur i hellaren igjen. Her fekk eg riktig beta på Høygaffel av nokre kjenningar frå Trondheim, men då var eg diverre for gåen.

Så vart det middag og meir herjing høgt og lavt før småen sovna, og vi pakka sakene og køyrde heimover - i nydelig kveldslys over Fosen sine bare granittrabbar.

Opp!
Opp!
Verdas største sandkasse?
Verdas største sandkasse?
Eskil har utstyret i orden
Eskil har utstyret i orden

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.