Orkdal: Jamtfjellet og Svartfjellet (19.02.2017)


Start point Songli p-lomme (270m)
Endpoint Songli p-lomme
Characteristic Jogging
Duration 2h 00min
Distance 13.0km
Vertical meters 720m
Map
Ascents Grønlikammen (555m) 19.02.2017
Hattfjellet (580m) 19.02.2017
Jamtfjellet (587m) 19.02.2017
Svartfjellet (581m) 19.02.2017
Visits of other PBEs Songli p-lomme (270m) 19.02.2017

Uværstur til Songdalen for litt trim og listefyll. Friske kast på parkeringa, men la i veg opp mot det eg trudde var Jamtfjellet sitt høgste punkt. Etter ein del snøv, myr og generelt våt stemning skreiv eg meg inn i boka 40 minutter etter start. Her var det ein del vind, for å seie det slik. Eg tenkte at det var jo greit å ta med sidetoppen også medan ein var på veg, og svinga innom denne på vei tilbake til bilen.

Godt var det, for dette er merka av som høgste punkt på kartet. Eg meinar bestemt at den såg lavare ut, og det meiner tydelig vis dei som har sett ut boks og bok også (utan at det gjer ein så mykje meir klok - Trønderar er som kjent ikkje så sterke på dette med høgste punkt (har eg budd for lenge i Trøndelag? Byrjar toppinstinktet mitt og svikte??)). Boka står altså på Hattfjellet, medan Grønhammaren er merka av her på Peaker'n som høgste punkt på Jamtfjellet.

Vel vel, nede på parkeringa la eg att sekken i bilen før eg jogga til Songmo og opp mot Svartfjellet. Her fann eg stien, så det letta sakene litt. Også ein god del mindre snø her. Då eg kom til toppen så møtte eg vinden igjen, og den var tiltakande. Det vart ikkje noko fotosession, for eg hadde nok med å fote meg. Dessutan var eg noko tynnkledd for slik trekk.

Skreiv meg inn i boka her etter 1t40 min på tur. Opprinnelig hadde eg lurt på om eg skulle ta Songsjøen rundt og inkludere Anndølskammen også, men med dette været var det best å kome seg nedatt. Eg måtte gå sidelengs for å kome meg ned bakkane frå toppen. Eg svinga innom Grønlikammen, men no var det seriøst ufyselig. Lurer på kva vindstyrka var her oppe, for dette var stivt. Det er jo artig å vere ute i slikt vær også, men eg skulle hatt eit lag til på kroppen. Ekstremvær + ekstremsport = Ekstremværsport?

Såg ellers lite folk på fjellet i dag.

Det gikk radig ned bakkane, men låra byrja å bli stive av kulden. Tilbake til bilen etter vel 2 timar. Skrudde varmeapparatet på fullt, og sette Kråkesølv på respektabelt volum. "Nordavind mot varme kinn" kledde situasjonen, sjølv om det var vestavinden som hadde piska i dag. Svinga innom Shell på Orkdal for ein skulebolle og kaffi. Varmen fekk eg først tilbake etter ein varm dusj. Brrrr.

Fin tur! Synd det ikkje vart bilete, men strengt tatt ser det til forveksling likt ut dei andre trønderske kysttoppane. Så berre gå inn på dei andre turrapportane, så får de eit greit bilete av situasjonen.

Indre bilete er heller ikkje og forakte. For eksempel av skulebollar.

User comments

  • -
    avatar

    Uværstur

    Written by BjørnF 20.02.2017 09:38

    Kjenner at en lever når det pisker slik at en må gå sidelengs.Rart hvor mye mer det blåser når en kommer opp på toppene! Har hatt noen slike turer, er jo ingen spesiell god fornøyelse, men etter en dusj føles det som en har vært på spa (tror jeg). Ihvertfall føles det som om en er renset.

    • -
      avatar

      Sv: Uværstur

      Written by kobbenes 20.02.2017 10:02

      ja i går var det kraftig. det er jo spennande og facinerande med vær, så det er litt morsomt og vere ute når det er slik. Sikta var god, så følte aldri det var noko fare på ferde. Men skulle altså hatt på meir kle. Godt å kome inn i bilen og få varmen i alle fall!

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.