Kveldsclogg på Øysand del II (12.02.2017)

Turtype Isklatring
Turlengde 3t 00min
Kart
Andre besøkte PBE'er Iscrag på Øysand (20moh) 12.02.2017

Æss, kva skal ein gjere på ein søndagskveld. I morga kjem mildværet, og kven veit - kanskje blir det ikkje meir is i Trondheimsområdet denne sesongen? Vi er allereide midt i Februar.

Så enda eg på samme tappen som i går kveld. Fint det. Meget fin tapp. Det gjeld å få logga meter!

Linja, rett til høgre for midten. Aleine på cragget i dag. Dette er altså 15 min. heimanfrå. Det ser kanskje ikkje så høgt ut, men 25 meter er litt. Bratt er det også. Biletet er tatt i lyset frå bilen, så anmarsjen er det ingen ting å seie på. Eg synest det er fint! Men klart, det er kanskje meir attraktivt å køyre til Dovre for å klatre Bjølla? Eg gikk fleire variantar, høgre og venstre for tappen (som nesten hadde botna, men mest slush lengst nede), samt opp høgresida inn i eit dieder, så ut overheng og ut på tappen. Denne sistevarianten skal eg klare og lede greit berre eg tar med saman. Om tappen frys heilt ned så skulle den også gått - klatringa kjennast innafor ut. Må berre få med meg hovudet. Men men. No er det 6 grader ute, og til veka er det regn. Slik er det.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.