Midtvinters på Kongsvollfossen (15.01.2017)


Characteristic Alpine climbing
Duration 8h 30min
Vertical meters 400m
Map
Visits of other PBEs Kongsvollfossen (1,270m) 15.01.2017

Det var på tide å få hakke litt is igjen. Etter litt sondering i omgangskretsen fikk eg napp hjå Morten Tvedt, som har flunkande ferskt isklatreutstyr. Han hadde klatra nokon gongar i fjord, men beskreiv seg ellers som nybyrjar. Kongsvollfossen hadde han hatt lyst å klatre lenge, så det måtte det jo bli ei ordning med!

Etter å ha køyrt oss vill i vegvesenet sine omkøyringsmoglegheiter på E6’en var vi endelig på veg ut av byen litt før 7, og klar på parkeringa 2 timar etter. Det var overraskande lite snø i Drivdalen, så skredfaren skulle ikkje vere eit problem. Fossen hang flott oppe i fjellsida, og alle hjerter gleda seg!

Termometeret viste 7 blå, og ein sur vind gjorde det reint friskt på parkeringa. Eg pakka innleggssålar i dei nye isklatreskoa mine for å vere sikker på å holde varmen, før vi traska opp anmarsjen på høgre side av fossen klokka kvart over 9.

Dagens turmål
Dagens turmål
Dagens turdeltakarar
Dagens turdeltakarar
Spenna klar!
Spenna klar!
Første lengde. Swing swing!
Første lengde. Swing swing!

Der fossen røyser seg racka vi opp på ei god hylle. Då var eg rimelig kald på tærne – dei innleggsålane hadde gjort skoa alt for trange. Eg tok dei ut og la inn varmepads i staden, nok som var eit svært godt trekk.

Frå hylla leda eg først ei kortare enkel lengde opp eit opptak til neste hylle. Morten kom entusiastisk etter. I det han stoppa opp tok neglespretten han att, og han måtte samle seg litt før fokuset igjen kunne rettast oppover.

Det neste opptaket låg på 2ar-talet, og her fikk Morten skarpenden. Han jobba seg oppover, fikk skrudd godt, og forsvann ut av syne. Vind og stode hyller gjorde kommunikasjonen litt vanskelig her i nedre del, men etter kvart var det klart at han hadde standplass, og eg fulgte på.

Vi stod no under der første lengde vanligvis byrjar. Det er fornuftig og sikre etter evne, så for oss var det riktig å legge inn to kortare lengder før dette. Herifrå såg vi sola rett opp til venstre.

I staden for den vanlige høgrevarianten som eg har klatra før, kunne vi klatre ei meir venstre-vendt linje i litt brattare lende. Det såg morsomare ut, isen såg ut som smøris, og vi ville kome opp i sola. Eg racka opp og gav meg av gårde. Det viste seg raskt at dette ikkje var enkelt terreng. Isen var knallhard og skala av i store flak når eg slo. Det var vanskelig å få inn både bein og økser, og ellers var det få konturar, berre slett sva. Noko som såg ut som greit 3er-terreng vart rimelig utfordrande, og eg måtte virkelig konse for å klatre dette trygt. Men man kom jo opp, og eg etablerte standplass i sola, med nydelig utsikt over Dovre. Morten hakka seg etter, i fyr og flamme!

Den kjipe tredjelengda. Ser enkel ut, men det var den aldeles ikkje.
Den kjipe tredjelengda. Ser enkel ut, men det var den aldeles ikkje.
Det var denne karen berre nøgd med!
Det var denne karen berre nøgd med!

Den krevjande isen gjorde meg litt betenkt. Forrige gong hadde vi fresa opp fossen på smøreis, men dagens gav meir motstand. No var klokka nesten 2, så vi hadde brukt rimelig mykje tid. Herifrå fekk vi gi gass, så eg strakk tauet på neste lengda (normalt andre). Først var 2-3er-klatring eit godt stykke, før eg tok ein direktevariant opp eit nydelig fireropptak (god is, gode økser, gode formasjonar) til den store hylla under toppsøyla. Morten jobba seg etter, imponerande innsats!

Fint driv på nest siste lengde.
Fint driv på nest siste lengde.

Toppsøyla såg stor og fin ut, så det skulle ikkje by på problemer tenkte eg. Her var det berre å ta raskaste veg – smyge seg rundt på venstresida, traversere over til høgre på treer-terreng, for så å liste seg ut på søyla. Sjølve søyla er jo ikkje store greiene – kanskje 2-3 meter. Men i dag var den toppa med vinddanna skjermar av is. Desse kan vel berre hamrast vekk, tenkte eg. Men dei var knallharde. Den minste skjermen var midt på søyla, så det var her eg måtte opp. Dette vart eit lite, svakt overhengande buldreproblem. Etter ein del tenking, fundering og psyking jobba eg inn to bombeøkser over kanten og heiv opp ein fot – knakk meg over og i sikkerheit. Her var det to meter inn på topplatået, og så standplass rett i isen.

Trollet på Dovre kan klatrast når det frys i sola! Toppsøyla.
Trollet på Dovre kan klatrast når det frys i sola! Toppsøyla.

Morten jobba seg etter, og hadde ein del styr med taua som rota seg grunna traverseringa. Men til slutt dukka det to økser opp over kanten. Så eit fjes. Så eit ”uuuuuurghh”, så var draumen om Kongsvollfossen i boks! I dag beit den frå seg til siste økseslag.

No var klokka vel fire, og skumring. Vi skrudde på lyktene og pakka sakene. Stegjerna beheldt vi på sidan vi hadde sett ein del is i rennene som passerar utmarsjen. Dette viste seg å vere ubegrunna, og det gikk heilt fint å finne returflanken. Herifrå fekk vi nokre hundre høgdemeter med rutsjing tilbake til parkeringa klokka kvart på 6.

Svært nøgde med dagens innsats tok vi middag på Grøseth på Oppdal – tradisjonen tru. I dag leverte dei diverre ikkje heilt, med overkokte grønsaker og preglaus brunsaus, sjølv om kjøtpuddingen var god. Eg lurer på om dei er best på potetball, blodpølse, spekemat og den slags, og at saus-og-potet-mat ikkje heilt er det dei gjer best.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.