Blåtinden og Haddalhornet (28.12.2016)


Characteristic Jogging
Duration 1h 36min
Distance 8.0km
Vertical meters 730m
GPS
Ascents Blåtind (697m) 28.12.2016 14:14
Grøthornet (593m) 28.12.2016 14:14
Haddalshornet (611m) 28.12.2016 14:14
Visits of other PBEs Tursti Blåtind via Klungsdalen (60m) 28.12.2016 14:15
Blåtind fra Ringstaddalen (75m) 28.12.2016 14:15

På den første dagen i jula som hadde nokolunde anstendig vær tok eg beina fatt mot nok ein listetopp på Hareid/Ulstein-lista, nemlig Haddalhornet. Sidan det hadde vorte litt lite aktivitet dei siste dagane kunne eg like godt ta turen oppom Blåtind også.

Eg parkerte ved "Reveskuret", og gjekk for direkteversjonen rett opp raset. Første gong eg gjekk opp her hadde eg ikkje fylt 5 år enda. Bratt nok, syntest min juleribbemarinerte kropp i dag.

Mot toppen tiltok vinden, og ved varden var det riktig så stivt. To kjæringar dukka brått opp frå bak varden medan eg skreiv meg inn i boka. Dei hadde nok med å fote seg.

Frå Blåtinden sprang eg mot skaret mot Haddalhornet. Nedover her var det riktig så fint terreng og flott usikt. Ein står midt mellom Vartdalsfjorden, Ørstafjorden, Voldafjorden, Rovdefjorden, og Dragsundet, med flott utsikt både innover i fjordane, mot Ørstahalvøya, Rovde, og øyane utanfor. Virkelig mykje flott og kvile augene på!

Fjellfie på Haddalhornet
Fjellfie på Haddalhornet

På veg opp til Haddalhornet tiltok vinden på ny, så berre ein rask fotosession her. Fint, altså! At eg ikkje har vore her før.

Raskt ned att gjennom Klungsdalen, som er omtrent så spennande og alpin som ein dal blir på ytre søre sunnmøre. Potensiale for nokon enkle og artige alpinlinjer oppi her.

God sti tilbake til Haddal, og jogg tilbake til bilen. Virkelig anbefalelsesverdig tur. Neste gong tar eg kvartetten Haddalhornet-Blåtind-Kongsvoll-Kvamstua :-)

Haddalhornet frå Grøthornet
Haddalhornet frå Grøthornet
Mot Vartdalsveggen, Rjåneset og Liadal. Denne utsikta, altså!
Mot Vartdalsveggen, Rjåneset og Liadal. Denne utsikta, altså!
Haddal i framgrunnen, mot Bergsøy etc etc etc. Runde lengst ute.
Haddal i framgrunnen, mot Bergsøy etc etc etc. Runde lengst ute.
Kuling på Vartdalsfjorden
Kuling på Vartdalsfjorden
Liadal, Ørstafjorden, Voldsfjorden, Dalsfjorden
Liadal, Ørstafjorden, Voldsfjorden, Dalsfjorden
Rovde og Rovdefjorden
Rovde og Rovdefjorden
Start date 28.12.2016 11:31
(UTC+01:00)
End date 28.12.2016 13:15
(UTC+01:00)
Total Time 1h 43min
Moving Time 1h 38min
Stopped Time 0h 5min
Overall Average 4.6km/h
Moving Average 4.9km/h
Distance 8.0km
Vertical meters 695m

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.