Storbekkhøa (17.12.2016)


Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 4h 30min
Distance 15.0km
Vertical meters 1,100m
Map
Ascents Halsbekkhøa (1,366m) 17.12.2016
Storbekkhøa (1,504m) 17.12.2016
Visits of other PBEs Storlia Parkering (620m) 17.12.2016

Mats inviterte på tur til ein av Trollheimen sine virkelige klassikarar, Storbekkhøa. Slikt kan ein ikkje seie nei til!

Eg møtte Mats og Tor på Storlia Parkering litt over klokka 10, deretter jamn trask oppover mot dagens turmål.

Ein liten parantes: det er blitt så vanlig å snakke om topptur. Eg skal så klart ikkje nekte folk å nytte dette omgrepet, men det er vel vitterlig ikkje noko som skiljer dette frå det litt eldre (og etter mi meining litt meir sympatiske) "å gå på fjellet".

Vel vel, Storbekkhøa tok seg flott ut, og det gikk radig opp dei slake bakkane. Lokalkjentmann Tor peika på sør-ryggen, og snakka om moglegheiter der. Eg som nett har festa hælen, og berre såvidt kom meg ned ein ås i Snillfjord i går, lurte litt på om det var lurt i dag. Men men, eg klarer jo alltid å psyke meg ut på eit eller anna.

Opp opp opp! Dagens turmål i sikte.
Opp opp opp! Dagens turmål i sikte.

I siste bratta opp til toppen byrja skia å løsne - eit eller anna med dei nye bindingane som ikkje tåla sidebelastning. Det var rimelig hardt, så eg rusla siste biten.

Kråkvasstind i desemberlys.
Kråkvasstind i desemberlys.
Team Storbekkhøa-16 hadde koordinert både sekkar, skredsøkarar, hanskar mm. for denne ekspedisjonen.
Team Storbekkhøa-16 hadde koordinert både sekkar, skredsøkarar, hanskar mm. for denne ekspedisjonen.

Storbekkhøa var omtrent einaste topp i området som ikkje låg i skodde. Var det flaks, eller var det kjentmannsteften til Tor som hadde leda oss til dagens drømmetopp? Nydelig utsikt mot Innerdalen, Storlidalen, Gjevilvassvatnet, Snota og Nedalssnota. Trollheimen, altså. Ikkje av dei skarpaste og høgaste, men dei har sin eigne mektige ro. Dei ser så gamle ut, desse fjella - formasjonane så store. Åh hærlighet så fint det er å vere på fjellet!

Mats leitar fram marsipansgrisen
Mats leitar fram marsipansgrisen
Tor brukar kjentmannsteften sin til å vurdere forholda. Gjevilvassvatnet og Okla bak.
Tor brukar kjentmannsteften sin til å vurdere forholda. Gjevilvassvatnet og Okla bak.

Vi rann så forsiktig ned sørryggen, og slapp oss ned i sørflanken der skavlen tok slutt. Kjempeartig! Hadde det ikkje vore tidenes blindeføre så hadde det vore enda bedre.

Då vi etter kvart stod still på flata foreslo Tor at vi kunne ta med Halsbekkhøa også. Klart det! Eg visste jo allerede at den var ein pf>100-topp, og det kom for ein dag at eg ikkje var den einaste i turfølget som hadde eit medvite forhold til høgdemeterregistrering.

Halsbekkhøa, her kjem vi!
Halsbekkhøa, her kjem vi!

Kjapt opp til toppen. Førre namn i boka var - sjølvsagt - Johan Solberg. Nedatt var det vindpåverka vind med ein del hard skare. Ikkje så lett for den ferske randoutøvar. Venstresvingen gikk greit, høgresvingen var litt verre.

Mats psykar seg opp til meir skare, blindeføre, og lange transportetapper.
Mats psykar seg opp til meir skare, blindeføre, og lange transportetapper.

Vel nede i skogen var det tendensar til papp, men det kom seg etter kvart, og det vart reint artig køyring siste stykket til vegen.

Takk for turen!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.