Dritværtur i Trøndsemithe (05.12.2016)


Characteristic Hillwalk
Duration 3h 00min
Map
Ascents Krokstadfjellet (544m) 05.12.2016 not summited
Visits of other PBEs Midgarden P-lomme (120m) 05.12.2016

Kona var i Tigerstaden, og Svigers skulle sitte barnevakt.
Denne søndagen skulle det bli pudderfest!
Så slo det til med 7 grader, 20mps og svært store nedbørsmengder.
Ikkje akkurat skiføre.
Men man må jo ut.
Så eg hoppa i bilen og køyrde til Snillfjord for å sjå etter potensielle nye klatreveggar.
Eg såg nokon greier sist som eg ville sjå nærare på.

Det var dritvær ja, skikkelig også.
Såg først litt på ein nabb ved Høgeloftet, denne hadde sett flott ut frå vegen men var like fast som ein pakke cottage cheese.
Sjølve Høgeloftet sine sørveggar, derimot, såg litt bedre ut.
Så køyrde eg til Slørdalen og traska opp Fagerdalen.
Tungt føre for ein forkjølingsherja kropp!
Flotte veggar oppover her!
Mykje moglegheiter til artig cragging.
1000kronersspørsmålet er sjølvsagt om ein gidd 1 times anmarsj når ein heller kan redpointe på lyneggen.

Her kan det klatrast! Flott stein, akkurat som på Harbak. Kanskje 40m høg. Cruxet er anmarsjen.
Her kan det klatrast! Flott stein, akkurat som på Harbak. Kanskje 40m høg. Cruxet er anmarsjen.
Opp her for eksempel. Usikker på om du kan perse her, Mats. Men det kan vere koselig allikavel.
Opp her for eksempel. Usikker på om du kan perse her, Mats. Men det kan vere koselig allikavel.
Set kilar i meg, please! Synest du Tikneppen har fin klatring men for kort anmarsj så har vi denne vesle sideveggen til deg.
Set kilar i meg, please! Synest du Tikneppen har fin klatring men for kort anmarsj så har vi denne vesle sideveggen til deg.
Når denne 15 meter høge veggen ikkje er ein foss, slik som i dag, har den potensiale for nokre skikkelige kremruter. Sjekk dei diedera då!
Når denne 15 meter høge veggen ikkje er ein foss, slik som i dag, har den potensiale for nokre skikkelige kremruter. Sjekk dei diedera då!
Og synest du ein times anmarsj er i kortaste laget så kan vi tilby denne bortgøymde perla: nordveggen på Krokstadfjellet
Og synest du ein times anmarsj er i kortaste laget så kan vi tilby denne bortgøymde perla: nordveggen på Krokstadfjellet
Snillfjord frå Yosemite-vinkelen.
Snillfjord frå Yosemite-vinkelen.

Eg gjekk ikkje for toppen i dag då været var vedvarande pyton, og eg ikkje heilt vistte kvar toppunktet til Krokstadfjellet var.

På veg nedatt skua eg ut over Trøndsemithe (Snillfjord): akkurat som Yosemite berre lavare og lausare.
Slik vi likar det (?).
Dessutan stod alle fossane rett til værs grunna dei kraftige oppvindane.

Vel tilbake ved bilen kika eg på Glashylla.
Den må jo kunne klatrast!
Ser fast og fin ut, kanskje 250 m høg nordvegg.
15 min anmarsj til noko som ser ut som fast fjell.
Kanskje eit Hægefjell i miniatyr?
Det skal eg sjekke ut!

Denne såg jo fin ut!
Denne såg jo fin ut!

Vel heime hadde svigers laga pinnekjøt. Nam nam!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.