Walkabout i Trøndsemite (27.11.2016)


Characteristic Jogging
Duration 3h 49min
Distance 20.2km
Vertical meters 1,115m
GPS
Ascents Svarthammaren (572m) 27.11.2016
Svartholkjerka (572m) 27.11.2016

Nei, det er ikkje Tikneppen det er snakk om. Heller ikkje Størenhammaren. Og nei - Lyneggen er ikkje Trøndelag's The Nose.

Vi snakkar om Snillfjord, nærare bestemt dalen kring Slørdalsvatnet (det blir vel Slørdalen det då?). Kvifor denne frekke påstanden at dette er Trøndelags Yosemite? Vel, her som hjå si amerikanske storesøster stuper fagre og bratte granittveggar ned mot barskogen i botnen, medan dramatiske fossefall hiv seg over kantane med dødsforakt - ein dødsforakt som speilast i isklatrarane som bestig dei same fossane i frosen tilstand vinterstid.

Men her stoppar plutselig likskapen brått med det same, liksom uventa. For der Yosemite er overstrødd med klatreruter i verdsklasse, avgrensar klippeklatringa i Snillfjord seg til ei handfull ruter under eit overheng på Suluberga. I tillegg er her eit flott buldrefelt, men trondheimsbarten vil heller køyre halvannan time ekstra til Harbak for å prosjektere på Små Muser.

No er riktig nok kilerutene så knallharde at energiforbruk under samla bestiging av dei 5-6 rutene i Snillfjord er ganske likt det ein ville brukt på dei to fantasillionar rutene i Yos. Men likevel, det må jo vere fleire moglegheiter i denne dalen? Eg berre spør.

Mitt ærend denne dagen var å kike litt på denne knallharde veggen, samt ta meg ein fjelltur. Veggen såg hard ut, men eg klara å spotte ei rute eg trur eg skulle klara å karre meg opp. Den absolutt kortaste. Buldringa såg også veldig flott ut!

Deretter sprang eg oppover Fagerdalen på fin skogsveg/sti mot dagens turmål, Svartholkjerka. Eg hadde lurt litt på om det var sko- eller ski-føre i dag. Svaret var vel hverken eller, men eg kom meg raskt opp på ryggen der det var avblåst og berg. Herifrå drygt innover forbi Svarthammaren mot Svartholkjerka. Noko surt her oppe, men eg var mest bekymra for dei rimelig heftige bygene som kosta forbi. Men eg unngikk dei akkurat - ei passerte vest for meg og ei austafor.

Swosj, der for det ei diger ei! Der var eg i stad. Lite trivelig å havne inn i ei slik.
Swosj, der for det ei diger ei! Der var eg i stad. Lite trivelig å havne inn i ei slik.

På toppen var det bygd ein lav og brei varde, og utsikta var flott over Hemnfjorden. Det var imidlertid ikkje nokon værande stad i kulda, og eg ville også kome meg kjapt nedatt for å unngå meir byger. Jogga tilbake stort sett same veg, og freista å holde meg på bergryggane for å unngå myra med fokksnø og gjennomslag.

Eg kom meg opp sjølv om det vart kaldt på beina med joggesko.
Eg kom meg opp sjølv om det vart kaldt på beina med joggesko.
Utover mot ytre Hemnfjorden
Utover mot ytre Hemnfjorden

På veg ned fagerdalen såg eg mange veggar langs sørsida av dalen som rett og slett er perfekte som kileklatrecrag - riss og dieder i mengder! Men det er klart at når ein må gå ein halvtimes tid for å kome fram er det nok mange joikabollar som trekk seg. Vel, hit vil eg tilbake! Nesten som eg skulle hatt med meg nøttesettet berre for å kjent litt på sikringane!

På veg ned dalen såg eg dei store granittsidene forsvinne inn i skyminga, og det slo meg: Dette er Trøndelags Yosemite. Den grå-orange granitten med dei mørke strekane, dei elegante bua svaa som skalar av og dannar riss og dieder perfekte for klatring - her er dei. Diverre var det for lite lys til at kameraet var egna til å fange stemninga.

Men kvar er klatrarane? Eg får ta meg ein tur på Tikneppen og sjå om eg finn nokon. Eller inne på bunkeren. Om dei ikkje sit og ladar opp til Cybermonday.

Tilbake gikk turen igjen over myra mellom Melvatnet og Slørdalsvatnet. Her er det ein sti, men dette er ein typsik trøndersti. Det vil seie at den går frå å vere svært godt merka med gul tape kring kvar einaste furustamme, til brått heilt utan forvarsel å forsvinne heilt plutselig, gjerne uventa. Typisk ved kanten av ei myr. Og myrer er det mange av i Trøndelag, så det seier seg sjølv at slike stiar er det mange av.

I bilen vart det god stemning med sjokomelk og stolvarme. Eg lurte tilogmed på om eg skulle stoppe på Orkdal for å kjøpe ei sjokomelk til. Men det gjorde eg ikkje.

Start date 27.11.2016 12:00
(UTC+01:00)
End date 27.11.2016 15:50
(UTC+01:00)
Total Time 3h 49min
Moving Time 3h 42min
Stopped Time 0h 7min
Overall Average 5.3km/h
Moving Average 5.4km/h
Distance 20.2km
Vertical meters 1,114m

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.