Is topptauing på Øysand (09.11.2016)


Turtype Isklatring
Kart
Andre besøkte PBE'er Iscrag på Øysand (20moh) 09.11.2016

Topptaua vertikal is på rampa austgåande. Bra økt der teknikken fikk køyrd seg.

Sjølv om det har vore kaldt var det framleis vatn i sving her, så denne har potensiale til å bygge bra. Ellers var resten av motorveggen (veggen i vegskjæringa langs rampa og vegen mot bilopphoggeriet) noget tynn.

Slenger med eit bilete frå recon dagen før. Dette området er intet mindre enn ein isklatregym nøyaktig 15 minutters køyring frå inngangsdøra. Masse masse linjer og lette topptauingforhold. Meiner det er vel verdt å lage ein førar på dette området også etter kvart, med navn, graderingar og det heile. Kanskje bore nokon linjer for mixklatring i vegskjæringa - hadde gjort underverker for isklatreskillza i trondheimsregionen.

Isen vi klatra i vegskjæringa. Ca. 10 m høgt der vi klatra, rett ovanfor vikepliktskiltet. Øysandpillaren bygger i høgda.
Isen vi klatra i vegskjæringa. Ca. 10 m høgt der vi klatra, rett ovanfor vikepliktskiltet. Øysandpillaren bygger i høgda.
Resten av motorveggen var framleis noko tørr, men det er jo tross alt berre første veka i november. Oppe i skogen er det også masse interessante saker.
Resten av motorveggen var framleis noko tørr, men det er jo tross alt berre første veka i november. Oppe i skogen er det også masse interessante saker.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.