Haustferie i Font (08.10.2016)


Characteristic Bouldering
Map
Visits of other PBEs Forêt de Fountainebleau 08.10.2016

Årets haustferie gikk til det kanskje mest kjente buldrefeltet i verda, Fontainebleau (eller Font på folkemunne). Dette er mitt fjerde besøk til denne skogen sør for Paris som pregast av nydelige sandsteinar, gåselever og raudvin.

Sidan sist har det skjedd ei drastisk befolkningsauke i vennegjengen, og vi var tre småbarnsfamiliar som trakk sørover: Anne, erlando (Erlend Hassel) med Ane, Solveig, AndreasNordstrand (Andreas Nordstrand) med Jens og Ragna, samt meg, Ms_Holm (Mari Holm) og Eskil.

Det flotte med Font er jo at det passar for ALLE alderar. Buldring i Noreg er stort sett bedrive av menn i 20-åra som vil gå harde ting. I Font er det ein folkesport, og ein finn alt frå veldig fine bulder for nybyrjerar til nokon av verdens hardaste problem. I tillegg ligg mange av områda på flat sand, så det er rimelig trygt for småfolk og ferdast.

Solveig og Andreas hadde budd her nokre månedar for to år sidan, så dei tok på seg rollane som guide. Området er enormt, med mange store separate buldrefelt . Vi tok ein dag kvar på ulike felt, med hovedmål å kose seg.

Eg har gitt opp å perse i Font sidan buldera er av ein litt annan stil enn dei norske. Font-sjokk er eit innarbeida omgrep som beskriv kjensla av å stange hovudet i veggen på ei grad langt under det ein går heime. Eg håpa mest på masse fin klatring, og om eg hadde flaks så kunne eg gå noko hardt.

Det vart litt av begge deler. Eg gikk masse flotte enkle bulder, gikk ein 6b+ på blikk (Pèbrock på Apremont), og gikk to 7a'ar på 5-6 forsøk: Le Lépreux Directe på Elephant og Mardi Gras på Cache aux merciers. Veldig nøgd med det.

Kona gikk også masse fint, og kosa seg mykje meir enn sist ho var her for 4 år sidan. Sidan då har teknikken bedra seg veldig og ho susa rundt på høge og lave moderate bulder.

Eskil fikk også bagga nokon småbulder.

Kona toppar ut eit fint sva
Kona toppar ut eit fint sva
Jens (6 år) lagar barneløype medan pappa Andreas og ragna (6mnd) noterer. Ikkje la dykk lure av høgda - Jens buldrar hardare enn dei fleste peakbook-lesarane.
Jens (6 år) lagar barneløype medan pappa Andreas og ragna (6mnd) noterer. Ikkje la dykk lure av høgda - Jens buldrar hardare enn dei fleste peakbook-lesarane.
Fånt altså...
Fånt altså...
Baris-alarm på Mardi Gras (7a)
Baris-alarm på Mardi Gras (7a)
SEND!
SEND!
Forsøk på ein fin 7a+
Forsøk på ein fin 7a+
Gikk ikkje... Skuldar på regnet.
Gikk ikkje... Skuldar på regnet.
Fånt-bjørnen viser gutane korleis det gjerast
Fånt-bjørnen viser gutane korleis det gjerast

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.