Halvrund runde i Rondane - eller Rondane halv-2K maraton (04.09.2016)


Start point Bjørnhollia
Endpoint Bjørnhollia
Characteristic Hillwalk
Duration 12h 45min
Distance 38.0km
Vertical meters 3,500m
Map
Ascents Digerronden (2,016m) 04.09.2016 05:50
Digerronden Sørøst (1,860m) 04.09.2016 05:50
Høgronden (2,115m) 04.09.2016 05:50
Vest for Høgronden (1,900m) 04.09.2016 05:50
Midtronden Aust (2,042m) 04.09.2016 05:50
Vest for Midtronden Aust (2,035m) 04.09.2016 05:50
Midtronden Vest (2,060m) 04.09.2016 05:50
Øst for Midtronden Vest (2,057m) 04.09.2016 05:50
Rondslottet (2,178m) 04.09.2016 05:50
Rondvasshøgde Sentraltopp (1,865m) 04.09.2016 05:50
Rondvasshøgde Ø2 (1,838m) 04.09.2016 05:50
Rondvasshøgde Øst (1,923m) 04.09.2016 05:50
Øst for Rondvasshøgde Sentraltopp (1,807m) 04.09.2016 05:50
Storronden (2,138m) 04.09.2016 05:50
Vinjeronden (2,044m) 04.09.2016 05:50
Vinjeronden Nord (2,035m) 04.09.2016 05:50
Visits of other PBEs Bjørnhollia (914m) 04.09.2016 05:50

Rondane stream-of-conciousness turrapport (her er det lov å tenke på for eksempel James Joyce)

FORORD

Konfirmasjon konfirmasjon konfirmasjon
Det er kjekt med konfirmasjon, men eg hadde jo meldt meg på fjellmaraton den helga!
Trent heile våren og sommaren
Og no sit eg her med krut i beina til ingen nytte
Eg må springe allikavel
Bymarka? Runde i Bymarka?
Det blir innmari mange snirklar og spesialvegar om det skal bli maraton altså
Trollheimen?
RONDANE!
2K 2K 2K!
Pansermeldingar!
Skal eg ta heile runden?
4600 høgdemeter?
Nei, eg kan ikkje risikere å havarere oppi der. Eg gjekk meg jo nesten fast i Bymarka av berre krampe.
Det blir så langt å køyre også, heilt til Spranget.
Bjørnhollia? Rondane såg jo så innmari fine ut frå Folldalen. Ja!
Dagens første middag: Steikt ball på Oppdal. Dei kan det på Oppdal. Mat altså.
Dagens andre middag: Rømmegraut på Hjerkin.
Sykle til Bjørnhollia for dagens tredje middag: Real i teltet.
”Sei frå kvar du dreg”: Eg skal gå aleine, så eg tenkte å seie frå kvar eg går og når eg er tilbake. Dama bak disken ser uforståande på meg. ”Du får ha god tur” seier ho.
Vaknar klokka 5 morgonen etter. Ein real turmat, så er vi i gong, 05:50

BJØRNHOLLIA-HØGRONDEN.

Høgronden. Framleis naiv og trur at denne turen vil gå raskt
Høgronden. Framleis naiv og trur at denne turen vil gå raskt

Best å ta det rolig til å byrje med. Gå på byrjinga – springe på slutten.
Dette går jo flott!
Oppover oppover oppover. No lettar vel den skodda kring toppane snart.
No står sola opp, no lettar det snart.
Toppen! 2t30min! På kartet står det bereikna tid 6 timar. Dette går som smurt!
Synd med utsikta, men det lettar vel.
Oppover går det! Atna langt der nede.
Oppover går det! Atna langt der nede.
Opp i skodda!
Opp i skodda!

HØGRONDEN-MIDTRONDEN-DIGERRONDEN.

Midtronden (vest)
Midtronden (vest)

Uff, det var glatt ned ura her. Det har jo frose på.
Skodde skodde. Ur ur.
Puh, det tar tid i ura. Det er ikkje så mykje trailrunning akkurat. Verken trail eller running.
Bra bakke opp til Midtronden. For ei flott egg!
4t opp hit. Hm.
Synd med den skodda. Fram med kompasset og peile kursen.
Ned lang bakke, og heldigvis kortare opp til Digerronden.
Digerronden
Digerronden

Rund ja. Ei einaste diger steinur. Laus stein. Tippar det ikkje finnast fast fjell i heile haugen.
Digerronden er eit vel fint namn på ein slik steinhaug. Legg ein godsida til liknar det eit bryst. Ja, det gjer det. Med varden på toppen.
5 timar opp hit. Dette kjem kanskje til å ta litt tid.
Eg ringer heim. Eg anar at sonen har savna meg.
Men eg gjer dette for at han skal bli stolt! Nei, det gjer eg ikkje. Det vert litt vel amerikansk å seie slikt – og eg budde ikkje i junaiten lenge nok til at eg kan seie det og meine det.
Rondane er ikkje berre runde då. Og skodde er ikkje berre kjedelig.
Rondane er ikkje berre runde då. Og skodde er ikkje berre kjedelig.
Midtronden frå vest
Midtronden frå vest

DIGERRONDEN-LANGGLUPDALEN

Så den delen eg har vore mest spent på: snarvegen ned i Langglupdalen ved å gå rett ned sørvestflanken.
Ja nettopp ja, ur ur og atter ur.
Regn skodde og ur – noko einkvar turentusiast burde oppsøke meir av.
Det letnar litt og eg ser Smedane og resten av fjella vest for Rondvassdalen. Svært imponert over dei som går heile driten på 11 timar! For det første klarar eg ikkje holde farta i ura. For det andre: at nokon gidd å snuble gjennom så innmari mykje ur!
Og her går eg - Ja slik er det å bli forført av glinsande turrapportar.
Rimelig imponert over mindreårige som visst også har traversert dette landskapet utan nemneverdige problem.
Lenger nede kjem sola, og ura blir meir bunden. Det blir lenger strekk av mose og gras. Og så er ein på stien. Deilig. Eg byrja å bli noko lei av ur-skodde-løpet i høgda.
Her vart det pinadø trailrunning også! Eg rusle-spring opp Langglupdalen til det byrjar å gå nedover. Her tar eg ei skjeve og ein beinstrekk. Sola skin, bekken sildrar, og skodda er langt der oppe.
Kroppen kjennest bra, det er berre å lade opp til dagens siste store motbakke.

Smedane frå Digerronden
Smedane frå Digerronden

MOT RONDESLOTTET

Rondeslottet! Royal Icing.
Rondeslottet! Royal Icing.

Dette er ikkje i nærleiken av trailrunning. Ikkje ein gong skyrunning. Skywalking?
Bedre sti enn førre travers.
Gå gå gå, ikkje tenke berre gå gå gå.
Der ser eg Storronden også. Flott! Dagens siste 2K!
Oi, det var ein lang bakke opp dit gitt. Ein må såpass langt ned først ja.
Gulp…
Om ein må gå alle 2Kane i Rondane for å gå eit "Rondane 2K-maraton", kva er så dette? Avstanden er jo så og seie maraton, men det blir jo meir eit halv-2K-maraton.
Eg møter eit Tsjekkisk par som skal til Bjørnhollia. Eg fortel om turplanane mine, så er det kanskje nokon som anar uråd om eg knekk eit bein oppi her.
150 altitude metres left seier dei.
Det er ikkje mykje.
Tata! Rondeslottet!
Ein stor og fin varde dekt i rimfrost. Highpoint!
Klokka er 14.
8 timar hit. Jaja, slik er det.
Storronden har tatt på seg vinterhua
Storronden har tatt på seg vinterhua

RONDESLOTTET-STORRONDEN.

Storronden!
Storronden!

Hui kor det går
Dette er jo autostrada!
Eg passerer den eine joikakaka etter den andre ned frå Slottet.
Feiar forbi Vinjeronden.
Dagens siste skjeve før oppoverbakken ved Storronden. Kona sine surdeigsbrød – det er som Lemblas å rekne.
Er ikkje denne ura litt fastare enn dei i dag tidlig?
Opp opp opp opp.
Og brått står eg på kanten av stupet. Skodda leikar mellom toppane, men sikta er bedre enn i dag tidlig. Åh, her kunne eg tenkt meg å sitte ei stund, for utsikta er fantastisk
Men det ligg regn i Langglupdalen, og det kjem hitover.
Regnet kjem sigande og legg seg på nordsida av Rondvasshøgde. Det er berre å kome seg avgarde.
Rondeslottet og Høgronden, dagens to kolossar. Ganske kult med desse avstandane altså!
Rondeslottet og Høgronden, dagens to kolossar. Ganske kult med desse avstandane altså!
Rondvasshøgde i skiftande skydekke.
Rondvasshøgde i skiftande skydekke.

RONDVASSHØGDE-BJØRNHOLLIA.

Trailrunning!
Bedre ur her.
Ei god ur er som ein god vin.
Ein får tid til å tenke på mykje her oppe i fjellet, men det er merkelig kor lite meining det er i alle desse tankane.

Quiz til lesaren:
1. Kor mange steinar er det i Rondane?
A. Alt for mange?
B. Akkurat passe?
C. For få.

2. Kor mange av desse steinane er lause?
A. 100%
B. 99%
C. 98%
D. Eg føretrekk å kalle dei frie heller enn lause.

Siste bakken opp til siste pf>100 for i dag
Må jammen på med solbriller også.
5 minutt med solbriller, for der kom regnet.

Rondvasshøgde Øst. Værskifte i lufta.
Rondvasshøgde Øst. Værskifte i lufta.

Rondvasshøgde Øst. Klokka er 16:40
Alt blir grått på den breie ryggen.
Kanskje eg skal prøve noko nytt med turrapporten. Eksperimentere litt.
Fram med kompasset, og peile retninga over dei evige luretoppane til Ronvasshøgde Ø2, som eg når ei god stund etter eg trudde at eg var på toppen.
No er det mest nedoverbakke til dagens siste, Veslsvulten. Eg ser på kartet korleis terrenget ser ut, men peilar ikkje kursen. Ditover, ned der.
God fart i nedoverbakken.
Så klarnar skodda delvis, og eg ser ein topp til høgre.
Nei og nei, eg har gått feil. Eg har kome ned i flanken.
Eg orkar ikkje gå opp att. Eg Går berre ned i Langglupdalen.
Eg ser på kartet, og hugsar korleis flankane såg ut då eg passerte dei i dag tidlig. Eg meiner å kjenne meg att.
Terrenget ser fint ut og eg har god sikt nedover. Der nede er stien.
Men det vatnet inne i botnen er ikkje på kartet.
Og Veslsvulten ser veldig høg ut.
Det stemmer ikkje heilt.
Det er uansett ikkje aktuelt å gå opp att. Det gidd eg ikkje. Enten er eg på eine sida eller så er eg på andre.
Eg fortset nedover og nedover, siktar på flata nedanfor vatnet, krysser elva her, og føl grasbakkar vidare ned på stien. Tar opp kartet på ny. Ja nettopp. Eg er i Illmanndalen.
Den skodda altså. Skulle brukt kompasset.
Vel, då er det berre tida og vegen til Bjørnhollia.
TRAILRUNNING!
Og eg spurtar inn på tunet som eg aldri har gjort anna!
18:35. 12 timar og 45 minutt.

ETTERORD

Eg tar meg ein Atna Rondane-pils, og tenker at jøss, det tok tid, men eg er ikkje jæævlig gåen heller.
Distansen gikk jo eigentlig greit, men eg klara ikkje å holde tempoet i ura.
Og alle desse oppoverbakkane – psykisk harde.

...ved reisens slutt
...ved reisens slutt

Teltet blir pakka, og eg syklar tilbake til bilen. Ser konturane av dei enorme fjella mot kveldshimmelen. Det kjennest bra.

Rondeslottet, langt der oppe.
Rondeslottet, langt der oppe.

Eit enormt dokumenteringsarbeide står framom meg, Facebook, Peakbook, Insta etc etc etc.
Eg skrur på lydboka om Donald Trump; mafia og greier og greier. For ein skurk altså.
Dovreveggen lyser framom meg opp Folldalen.

User comments

  • -
    avatar

    Missing title

    Written by ligroenb 05.09.2016 23:25

    halv eller hel, så var det en flott runde du hadde og som vanlig meget fornøyelig lesing !

    • -
      avatar

      Sv:

      Written by kobbenes 06.09.2016 15:35

      takk for det :-) ein veldig fin tur ja! Glad eg ikkje tok heile runden, dette var min til no lengste tur i km, med god margin. veldig artig å kunne gå litt langt.

  • -
    avatar

    Enhver toppturentusiast

    Written by angjerd 05.09.2016 21:49

    burde lese denne rapporten! Jeg lo og ler fortsatt:) Bra quiz også.

    • -
      avatar

      Sv: Enhver toppturentusiast

      Written by kobbenes 06.09.2016 15:37

      Takk for det, Angjerd. Kjekt å høyre! Eg fekk god tid til å tenke på utforminga av rapporten undervegs, for å seie det slik :-) Eg har hatt stor glede av rapportane dykkar frå Storen og særlig Soleiebotn-traversen

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.