Melkeveien/Krystallnatten på Selnes (14.08.2016)


Characteristic Climbing
Map
Visits of other PBEs Selnesklippen (175m) 14.08.2016
Krystallskallen, nr. 15 (6+) (Trønderrock-føraren)
Krystallskallen, nr. 15 (6+) (Trønderrock-føraren)

Fikk med Daniel på tur til Trøndelag si flottaste klatreklippe, Selnesklippa. Han som er ledar i Tindegruppa hadde faktisk ikkje vore der før (!). Vel, det er aldri for seint å oppleve fantastisk Fosenklatring.

Planen var å prøve på ei av klassikerane i hovedveggen. Sidan Himmelstigen var våt satsa vi på Melkeveien (6). Greit opp svalengdene i botnen. Daniel fann ut at granittsva på ingen måte krevjer samme ferdigheiter som å aide The Nose. Begge er krevjande øvingar, på kvar sin måte.

Så etter litt opp og ned stod vi under hovedveggen. Her tok eg ledartrøya, og planen var å strekke seg heilt til topps. Melkeveien har ein direktevariant på 6+ som heiter Krystallskallen. Sidan eg var litt keen på å pushe gradene litt satsa eg på denne.

Første del var våt, og difor ikkje heilt rett fram. Resten var ganske tørt, men heller ikkje rett fram. Ruta føl eit rissystem som går jamt til værs, og det var krevjande klatring heile vegen. Det er alltid velsikra, men ein må jo ein gong spare på racket sidan lengda kom til å nå vel 50 meter. Eg måtte bruke god tid på sekvensane, men som regel hadde dei ei løysing som innebar avstiving, handjamming, jokking etc.

Så kom eg fram til det eg rekna med var cruxet. Eg hadde møtt Arve på ferga, og han gav meg betaen. Etter litt luring så klara eg å drage meg gjennom. 6+! Ikkje dårlig! No kunne eg sjå bort til ankeret. Det var berre å smyge seg langs ei slimete hylle, jekke seg opp eit riss og inn i eit trangt dieder, så kunne ein klippe seg inn i rappellankeret på toppen.

Utsikt frå Melkeveien.
Utsikt frå Melkeveien.

Men så var det å jekke seg opp i dette diederet då. Det gikk raskt opp for meg at dette var 6+ cruxet. Esj. Taudrag, sliten, vått under overhenget. Handjammar, nei. Puste pese, ustødige føter. Ned igjen (glatt!) til kvileposisjon. Nei, Arve hadde sagt laidback mot venstre. Men kanten var bedre på høgresida. Det må vere sekvensen. Opp igjen, legge seg til høgre og høge føter imot. JA! Berre jobbe seg oppover no. Men kanten er jo berre dårligare og dårligare! Pump! Føtene føtene føtene SWOOOP, der var eg i lufta!

Eit klokkereint fall på eigne sikringar. 3 meter lenger nede stoppa eg, og adrenalinpumpa gikk.

Eg hadde brukt lang tid, og Daniel tok på ekstra kleder på standplass. Pump og gåen, men eg måtte ha eit forsøk til. Opp i laidback. Ikkje gå lenger opp, men knekke over inn i diederet, få inn ein "chicken wing", og så urrrgggghhhh, inne! Så var det å spasere opp til ankeret og byrje å hale opp Daniel.

Det vart litt stivt for han, så han leita fram gamle kunstar frå The Nose og gikk mykje av lengda på klemknutar. Artig for begge to! SelnCap leverar hard og nydelig klatring igjen!

Daniel testar klemknuteforma
Daniel testar klemknuteforma
Og godt nøgd på toppen, med høgrefoten på crux-laybacken.
Og godt nøgd på toppen, med høgrefoten på crux-laybacken.

Etter det gikk vi å såg på turninga til Arve og gjengen frå Klatresenteret tå Toppveggen, før vi oppsummerte at vi var ferdige for i dag, og rusla i samla flokk mot bilen.

Slutt.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.