Flautangåsen ad vestveggen (06.08.2016)


Characteristic Climbing
Duration 11h 00min
Map
Ascents Flautangåsen (59m) 07.08.2016 07:38

På ferietur i Sandefjord med Nina og Bjørn Ole. Sjølv om barna var i sentrum på dette opphavet vart eg plaga med synet av perfekt granitt kvar enn eg snudde meg. Racket ropa til meg der det låg innelåst i skiboksen, og eg vakna bada i svette med hendene forma i fingerjams natt etter natt.

Så når ungane (så og seie) hadde sovna(ish) rusla eg og Bjørn Ole 5 min ned vegen frå hytta, og byrja på ein vegg eg hadde spotta dagen før: vestsida på Flautangåsen. Stort potensiale for nydelig kilecragging her!

Nokre spydige oslofolk lurte på om vi trengte hjelp, og eg sa at dei fekk kome om vi ropte.

Fin chimney opp til hylle. Fleire moglegheiter herifrå, men dei var alle ganske overgrodde. Eg gjekk litt til venstre og opp ei handsprekk. Litt henging i sikringane medan eg rensa så vart dette riktig så fint. Nydelig opp her og vidare til stor hylle. Bjørn Ole kom begeistra etter. "Rop om hjelp", grad 5+ 20 meter.

Vi rusla opp til toppveggen, som var rimelig bratt. Men ein stad var det gode tak gjennom bratta. Tricky opp under overhenget, god sikring før ein turna seg over kanten. Særs morsom klatring! Her sat eg og såg på solnedgangen medan musikk frå det eg er overbevist om er Øystein Stray Spetalen sin residens dura gjennom sommarkvelden. "Party Spretalen", 10 m grad 6.

Vi sprang deretter til toppen før vi rappellerte ned same veg til skoa.

Rop om hjelp: Opp chimneyen til høgre, 3-4 meter til venstre på hylla, så opp handsprekk. Direktevariantane er kanskje enda lekrare om du er sterk og/eller har med børste
Rop om hjelp: Opp chimneyen til høgre, 3-4 meter til venstre på hylla, så opp handsprekk. Direktevariantane er kanskje enda lekrare om du er sterk og/eller har med børste
Bjørn Ole toppar ut Rop om hjelp, og får eit nærblikk på edellauvskogen
Bjørn Ole toppar ut Rop om hjelp, og får eit nærblikk på edellauvskogen
Party Spretalen, om enn litt utydelig, går opp her
Party Spretalen, om enn litt utydelig, går opp her
Kveldsrappell
Kveldsrappell

User comments

  • -
    avatar

    Missing title

    Written by ligroenb 12.08.2016 21:02

    Som alltid en fornøyelse å lese rapporten din :-)

    • -
      avatar

      Sv:

      Written by kobbenes 12.08.2016 21:19

      takk for det, små eventyr og små rapportar :-)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.