Skoddesafari på Hesten (26.07.2016)


Duration 3h 30min
Map
Ascents Bukkenibba (1,522m) 26.07.2016 17:06
Nord for Bukkenibba (1,411m) 26.07.2016 17:06
Sør for Bukkenibba (1,502m) 26.07.2016 17:06
Kroksleiven håpar på opplett
Kroksleiven håpar på opplett

Hesten er eit fjell eg har beundra frå vindauget på Orheim sidan eg var liten. Den har stått på blokka lenge, men det var ikkje før i år at vi gjorde alvor av turen. Veka før var det knallvær, men først i dag fekk eg og Kroksleiven avløysarar frå hhv. kids og frifjøs.

Rått landskap
Rått landskap

Når det er sagt, er navngjevinga på Hesten eit svært kontroversielt emne. Debattane er ofte prega av kjensler. Eg meiner derimot det heile er logisk: fjellet liknar på ein hest, med baken på hovedtoppen og hovudet på Høgefjellet. Navnet Bukkenibba heng difor ikkje på greip. Kroksleiven kallar Gjegnen for Hesten, og Hesten for veslehesten. Med all respekt så liknar ikkje Gjegnen på ein hest. Og Hesten liknar ikkje på ein liten hest. Sånn. Då håper eg at den debatten er lagt død.

Sol på Stårheim
Sol på Stårheim

I alle fall. Det var ikkje heilt optimalt vær i dag, og få delar av Noregs land er så nedbørsutsatt som brelandskapet i indre Bremanger. Men vi resonnerte at i dag fikk vi regn uansett kvar vi gjekk. Og Kroksleiven mangla Høgefjellet på lista si. Så vi hoppa på ferga og håpa på sol.

Toppstemning 1
Toppstemning 1
Toppstemning 2
Toppstemning 2

Bommen på anleggsvegen var stengt, så det vart trasking opp til vatnet. Derifrå merka sti oppover mot ”Bukkenibba”. Orange merker viste stort sett vegen, og det gjekk radig oppover med stadig bedre utsikt til det fantastiske Bremangerlandskapet. Ei skikkelig villmark og ei skjult perle, diverre skjemt av alle kraftutbyggingane i området.

Sola var ikkje langt vekk
Sola var ikkje langt vekk

Råsa fulgte stort sett nordryggen, og etter ca 3 timar gjekk vi oss rett opp i skodda. Her fulgte vi toppryggen bort til varden, der vi skreiv oss i boka. Ein veldig fin rygg som i klarvær må vere ein skikkelig kremtopp! Det var ikkje så alt for langt opp i sola, og sidan vi var både topphungrige og hadde god tid så venta vi her ei stund for å sjå om det klarna opp. Så rusla vi bortover ryggen eit stykke til.

Bigwall #1: Gjegnen - den store naboen
Bigwall #1: Gjegnen - den store naboen

Og jammen, her steig jo terrenget. Denne varden er jo slettes ikkje på høgste punkt! Dette kunne vorte peakbooktabbe aldeles! Trist å tenke på dei som har snudd her og gått turen forgjeves!

Vel, høgste punkt vart nådd, og vi venta enda litt for å sjå om det klarna opp. Men til slutt måtte vi gi tapt, og rusla heimover.

Men hesten er heller ikkje snau
Men hesten er heller ikkje snau
Bigwall #2: Kårnyken
Bigwall #2: Kårnyken

Hesten er ikkje så veldig kjent som turfjell, men dette er jo ein skikkelig kremtopp. Eit lettare men framleis høgt nabofjell til Gjegnen i eit heilt rått turområde. Anbefalast!

Hesten i finare vær, sett frå Orheim
Hesten i finare vær, sett frå Orheim

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.