Romsdalsraid dag 3: Breitinden (05.06.2016)


Start point Trollstigen besøkssenter
Endpoint Trollstigen besøkssenter
Characteristic Randonnée/Telemark
Map
Ascents Breitinden (1,797m) 05.06.2016

Tredje dagen på romsdalsweekenden ville eg gå ein litt lenger tur, så eg tok sikte på Breitinden. Denne har ein flott profil sett frå Romsdalen, og ein pirrande primærfaktor. Sikkert ein nydelig utsiktstopp med fint overblikk over Mongejura og Trolltindmassivet.

Eg byrja frå Trollstigen-senteret i 9-tida, omtrent samtidig med ein annan gjeng som skulle opp same veg. Dei "boota" i forvegen - fint å ha nokon som kan vise vegen, og fint å ikkje vere heilt aleine i fjellet. Eg hadde tatt med liten sekk på ferie, og måtte difor ta skia og skoa på skuldrane. Det vart noko strabasiøst opp bakkane til ca 900 meter, der snøen låg. Esj, det blir ny sekk på meg i morgon!

Her kom eg i snakk med gruppa foran meg. Han eine var ein amerikanar frå Vermont som hadde jobba som skiinstruktør i White Mountains back in the days. Han flytta til Noreg for å stå på ski for 30 år sidan. Godt val tenkte eg for meg sjølv.

Innover mot Stigbotnen. Lille breitinden bak
Innover mot Stigbotnen. Lille breitinden bak

Herifrå var det behagelig inn forbi stigbotnvatnet, varmt og ganske mykje snø hadde smelta. Svinga så nordover, slakkaste rute opp mot nordvestryggen, og kryssa over nordvestflanken mot kanten av dalen. Her var det hardt og litt ekkelt. Det hadde lønt seg å kryssa lenger nede. Turfølget tok ei pause medan eg gjekk rett vidare, opp forbi 1554-punktet og tilbake mot nordvest-egga. Hardt også her, så eg tok ei lav rute. Det frista ikkje å krysse opp heile flanken, som var brattare lenger oppe, så eg tok av skia på egga og gikk resten i joggesko. Litt snøvassing på topp-platået, men men.

Utsikt innover Romsdalen med Mongejura sentralt plassert.
Utsikt innover Romsdalen med Mongejura sentralt plassert.

Utsikta på toppen var upåklagelig, og eg vart nok sittande her ein time før eg snudde nedatt. Eg hadde opprinneleg tenkt å ta med Storgrovfjellet på runden også, men her var det ikkje samanhengande snø i sørflanken. Ærlig tala hadde eg kanskje ikkje krutt nok i beina heller.

Mot Blånebba, Romsdalshorn og Vengetinden
Mot Blånebba, Romsdalshorn og Vengetinden

Nordvestflanken var framleis isete. Fin slush ned mot Stigbotnvatnet, men staking herifrå og ut. Det finnast nok meir spennande nedkøyringar, men som utsiktstopp var denne glimrande. Får ein med Storgrovfjellet får ein sikkert meir nedkøyring for innsatsen.

Så vart det softis på besøkssenteret før det vart telting ved Romsdalshorn.

Heilt grei teltplass. Utsikt til Breitinden heilt bak.
Heilt grei teltplass. Utsikt til Breitinden heilt bak.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.