Gråkallen (15.04.2016)


Map
Ascents Gråkallen (552m) 15.04.2016
Visits of other PBEs Skistua Parkering (433m) 15.04.2016

Etter gårdsdagens svært kontroversielle bestigning av Våttån våga eg og Eskil oss på tur også i dag. Det var på tide å få guten over tregrensa. Er Storheia Trondheim's Mont Blanch så er Gråkallen Matterhorn. Turen gjekk til Trondheims Matterhorn.

Ingen lang tur skal seiast. Rusa over merksemda i frå gårsdagens turrapport lurte eg på om eg skulle køyre heilt til topps. Men eg vil ikkje framstå som useriøs heller her på Peaker'n, så vi gikk frå skihytta.

Vi rusla oppover vegen, tok stien mot Gråkallen Panorama, og toppa ut til fin utsikt. Dette var tydeligvis likare enn gårsdagens skogsvandring, for her tok junior seg tid til å nyte utsikta.

På Trondheims tak.
På Trondheims tak.

Etter litt vasing i toppområdet gjekk vi for å sjå om ein kunne kjøpe sveler på skistua. Den var stengt.

User comments

  • -
    avatar

    Kontroverser

    Written by SturlaS 16.04.2016 09:16

    Dårlig respons på denne turen, men det er kanskje naturlig når du erstatter Våttån med Gråkallen..? Eller mangler det kontroverser rundt hva som kan registreres som bestigning (bæring til topps; motorisert støtte til toppen).

    Da kan jeg kaste en ny brannfakkel som kan passe godt til denne litt unnselige PF100-toppen i Trheim; hvor nærme selve toppunktet må man for å registrere en bestigning? ;-)

    Forøvrig flott å se at Eskil får være så mye ute på tur. Kroppssele til julegave? I dag åpner vi kilesesongen på Støren. :-D

    • -
      avatar

      Sv: Kontroverser

      Written by kobbenes 16.04.2016 10:54

      Ja, no var det tilbake til normalen iht antal kommentarar. Vel, det viste jo at det er ein gjeng som les rapportane uansett ;-)

      I somme tilfeller vil ein jo gå frå havnivå til topp, men i dei aller fleste tilfeller vil jo ei bestigning inneholde "formildande element" som bil eller tilsvarande. Sidan det går å køyre på toppen av Gråkallen kan ein for min del køyre heilt opp. Men ein skal jo møte seg sjølv i speilet etterpå ;-)

      Alle skal visst opp størenhammaren om dagen. Eg tar turen i morgon, det blir vel å trekke kølapp :-)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.