På slep opp Tilleråsen (05.03.2016)


Characteristic Ice climbing
Map
Visits of other PBEs Tilleråsen isklatring (185m) 05.03.2016

Tur til Tilleråsen med Mats. Han tok stort sett ledertrøya i dag, og jogga først opp "Den andre i midten". Nydelig rute med masse spennande klatring. Diverre har all snøen gitt varierande iskvalitet. Start opp hjørnet på snø og is, opp formasjonar til høgre, spennande men med gode moglegheiter for stemming etc. Så ut på den fritthengande søyla frå god hylle. Delikat og supereksponert opp søyla (ingen skruar her!), så på roten is og snø inn i diederet over søyla (god sikring i busk). Litt vertikal snømåking før overraskande bratt sisteopptak til toppen. WI5 i dag (og pga søyla vil eg gjette at denne stort sett er WI5 då desse linjene sjeldan er veldig feite), 50m.

Plassering for sikrar i botnen av ruta er utsatt, og ein bør vurdere å klatre opp under overhenget til høgre for startrenna.

Den andre i midten (WI5)
Den andre i midten (WI5)
Eksponerte saker, nesten snorrett i bakken.
Eksponerte saker, nesten snorrett i bakken.
God stemning
God stemning

Vi gikk så vidare til Tillerpillaren. Denne er ikkje fullt forma, og etter å ha vurdert mixstarten gikk vil på høgrevarianten, med smyging opp tynn is på sida. Eg leda opp veldig veldig artig klatring her. Heldigvis vart isen tjukkare lenger oppe, så eg fekk satt inn skruar. Klatra på tynn is og snø opp til hovedisen, bratt og spennande. Klatra meg rundt hjørnet, men var då så sliten i skuldrane at eg sette stand og lot Mats ta resten. Han klatra resten som var WI3 med to bratte opptak (4+) til toppen. Tydelig at fitnessen ikkje er på topp etter ein noko slunken isklatresesong. Noko å tenke på til neste års treningsplan.

Tillerpillaren, ikkje fullt forma. Alternativ start opp høgre side. WI4+ i dag. Neste år tar vi mixstarten!
Tillerpillaren, ikkje fullt forma. Alternativ start opp høgre side. WI4+ i dag. Neste år tar vi mixstarten!
Mats rappellerar av Tillerpillaren. Fint vær var det også!
Mats rappellerar av Tillerpillaren. Fint vær var det også!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.