Tilleråsen isklatring (21.02.2016)


Characteristic Ice climbing
Map
Visits of other PBEs Tilleråsen isklatring (185m) 21.02.2016

Eg har lenge vore gira på å sjekke ut isklatringa på Tilleråsen. Eg fekk med meg Pål Christian, som hadde skapet bre-fullt av ubrukt breutstyr.

Tilleråsen. Frå venstre til høgre: Tillerpillaren (ikkje fullt forma, WI5); Den i midten (WI4); Den andre i midten (bak grana, WI4+); Høgre linje (WI3+).
Tilleråsen. Frå venstre til høgre: Tillerpillaren (ikkje fullt forma, WI5); Den i midten (WI4); Den andre i midten (bak grana, WI4+); Høgre linje (WI3+).

Mykje frysing og tining i det siste skulle berge for gode forhold, og det såg slettes ikkje verst ut! Tillerpillaren var ikkje i nærleiken av å botne, men for den som ønsker kan ein snike seg opp is på høgresida. Mix-starten såg også underholdande ut.

Etter kjapp gjennomgang av grunnkurs isklatring gjekk vi laus på "Den til høgre"/"Right icefall"/? (WI3+). Eg merka kjapt at eg har leda lite denne sesongen, for eg skalv meg opp issvaet. Noko stressa sette eg halvvegs hengande standplass under cruxet.

Pål Christian fulgte etter i god stil, og byrja allereide å spørje om kva sånn kult isklatreutstyr kosta.

Pål Christian i god stil på "Den til høgre".
Pål Christian i god stil på "Den til høgre".
Nyfrelst blikk? Eller lemfeldig forhold til pengar og klatreutstyr?
Nyfrelst blikk? Eller lemfeldig forhold til pengar og klatreutstyr?

Bratta såg både bratt og tynn ut, og eg følte ikkje at Oppdriftsguden gav meg styrke. I dag såg cruxet ut som hard 4+. Kanskje var det løysingar eg ikkje såg som låg lenger til høgre, men WI3 var det i alle fall ikkje.

Ikkje i dag. Vi traverserte bort til "Den andre i midten" (denne såg veldig kul ut, men noko tynn. Når hovudet er på plass må denne til pers) og rappellerte av.

Så prøvde vi oss på "Den i midten" (WI4). Her var det meir strukturar og smøris - det gjekk mykje bedre. Mine bønner til oppdriftsguden byrja å virke, og eg gjekk ut heile tauet og nådde akkurat ei gran på toppen. Veldig artig klatring, fine formasjonar, og artig moseklatring i topprenna. 60 veldig artige meter!

Pål Christian kom etter, og det er klart det tar tid å klatre 60 meter is når ein aldri har spent på seg eit stegjern før. Men når han dukka fram frå topprenna var det med eit nyfrelst blikk i augene!

Pål Christian toppar ut "Den i midten". Krasjkurs i isklatring!
Pål Christian toppar ut "Den i midten". Krasjkurs i isklatring!

Etter litt selfies og ymse diskusjon av rappellens mysterier, rappellerte vi av og sette snuten heimover.

Pål Christian rappellerar av "Den i midten". "Den andre i midten" (WI4+) til høgre
Pål Christian rappellerar av "Den i midten". "Den andre i midten" (WI4+) til høgre

Hit må ein heilt klart tilbake! Rimelig brutale og til dels brtte fossar, 60-80 meter høge, med masse artige element. Einaste kritiske merknad er at ein kanskje kunne gjort noko med rutenavna? Noko tøffare hadde gjort seg.

User comments

  • -
    avatar

    Endelig!

    Written by SturlaS 22.02.2016 09:19

    Relativt sjelden disse linjene er inne men nå ser jo alt bortsett fra den helt til venstre OK ut! Spenstig sted for kursing. :-)

    Håper forholdene holder seg til uke 9..

    • -
      avatar

      Sv: Endelig!

      Written by kobbenes 22.02.2016 09:25

      tillerpillaren kan du kome deg opp på høgresida. ovanfor pillaren såg det fint ut. den i midten var feit og fin, nesten WI3, den andre til midten kan kanskje klatrast om du har hovudet på rett plass, men den klokkar inn på WI5 i dag. den til høgre rota eg det til på - den var ikkje så feit, og cruxet var bratt. kanskje WI4 om eg hadde gått rundt på høgresida.

      Om det ikkje vert veldig mykje mildvær er det nok gode sjangsar for dykk! :-)

      Når det er sagt er det ein skikkelig monsterpillar i åssida bak gården. står ein på vegen og ser gjennom tunet ved snuplassen ser ein rett på den, ein skikkelig WI6. nokon som har gått denne skal tru?

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.