Tøftfossen (31.01.2016)


Start point Drivstua
Endpoint Drivstua
Characteristic Alpine climbing
Duration 6h 00min
Map
Visits of other PBEs Drivstua parkering (689m) 31.01.2016
Tøftfossen (1,100m) 31.01.2016

Det er vanskelig å konsentrere seg om søknadskriving på jobb når tankane ligg att i eit bratt juv i Drivdalen. Skitt la gå - eg må nytte min akademiske fridom til noko. Eg skriv turrapport.

Med fersk familieauke har det ikkje vorte så mykje isklatring denne sesongen, men denne søndagen fikk eg og Andreas troppa saman ein liten ekspedisjon til Drivdalen superklassikar Tøftfossen (150m, Wi4).

Det vart alpin start frå Trondheim klokka 6. Til vår forskrekkelse oppdaga vi at bensinstasjonane langs E6'en ikkje hadde opna (=ingen kaffi). Ein kan lengte tilbake til New Hampshire av mindre.

Ditover!
Ditover!

Men dette gjorde at vi var nokolunde raskt på plass ved Drivstua (etter den obligatoriske svippturen oppom Dovre etter å ha køyrt forbi målet). Termometeret viste -6, og det vart varmt opp gjennom småskogen. Vi gikk på venstresida av bekken, slik det står i føraren. Det gikk heilt greit, men det var litt sleipt og småbratt på veg ned til bekken når vi kom inn til bollen under fossen.

Pen snøklatring opp mot fossen. Nesten som på MountainTV! Hadde eg kunna fransk hadde dette vore perfekt
Pen snøklatring opp mot fossen. Nesten som på MountainTV! Hadde eg kunna fransk hadde dette vore perfekt

Det hadde lagt seg ein del snø i nedre delen av fossen, og denne viste seg å vere ganske fast og fin, så vi rusla opp snøfeltet på høgre side av is-svaet som normalt er 1ste taulengde. Andreas kom inn på isen her og sette standplass. Eg tykte dette var litt vel eksponert etter min smak, og fekk sikring opp dei siste 3 metera. Ikkje vanskelig, men det byrja å bli langt ned.

Pillarane på cruxlengda såg både bratte og tynne ut, så vi beslutta å ta den litt enklare høgrevarianten. Det var eit godt val, for Andreas måtte jobbe for økseplasseringane i stålisen, men han leda solid opp ei nydelig rampe, med prikkfri fotteknikk! Han strakk tauet fullt ut, og sette stand godt ovanfor bratthenget. Eg fulgte på i ei flott WI4-lengde som i dag var grada på lettaste veg opp.

Andreas godt nøgd etter 60 meter med kremklatring
Andreas godt nøgd etter 60 meter med kremklatring

No var himmelen blå, det var stilt og ikkje alt for kaldt. Slike forhold inspirerar! Vegen vidare var meir moderat, men rett opp lokka eit litt brattare opptak som såg spennande ut. Eg gjekk rett på. Oppdrifta var ekstrem! Men det viste seg raskt at det var både høgare og brattare enn eg hadde trudd. Det vart mykje skruing. Normalt klarar eg å kome meg nok på beina til å riste ut pumpen undervegs, men her fekk eg mykje vekt på henda. Eit blikk til sida gav eit hint om kvifor: isen var heilt plan, 90grader+. Det hjalp ikkje at kvar økseplassering krevde 5-6 slag for å vere sikker. Etter litt surring, misting av skrue og rokkefot fikk eg satt inn ein skrue og satt meg. Milde måne, står det så dårlig til? Eg som har lest Training For The New Alpinism frå perm til perm eit dusin gonger denne vinteren?

OPP OPP OPP!
OPP OPP OPP!

Vel vel, ein kan ikkje sitte her for lenge. Ny giv, eg drog meg gjennom bratta utan å skru noko meir, og kom over på toppen. Med sure armar fikk eg satt ein skrue til før det var labbing opp til topprenna. Den var uten skavl, og etter litt roting i ura fikk eg satt ein skikkelig bombestandplass her av ei øks banka solid ned i ei sprekk, og ei slynge tredd i eit hol i steinen. Klatring er også ein kreativ sport!

Andreas toppar ut. God stemning!
Andreas toppar ut. God stemning!

Andreas hadde jobb nok med å få ut alle skruane i bratta, og skrytte av at dette måtte jo vere WI5+. Det var kanskje litt vel, men det er definitivt det hardaste eg har leda, forholda tatt i betraktning. Og forholda er jo det som avgjer grada på hardarde isklatring. Pumpen er adskillig bedre enn i fjord, og utan det hadde eg vore ille ute. Veldig veldig artig å støte hardt høgt til fjells!

Sjekk den standplassen!
Sjekk den standplassen!
Kos på fjellet - surr i tauet. Paradoks...
Kos på fjellet - surr i tauet. Paradoks...

Etter eit par primalbrøl rusla vi opp på topp-platået og fekk nydelig vintersol i fjeset, før vi gjekk rundt og ned snøflankane til vegen. Til alt overmål var det framleis dagslys med god margin. Tilbake ved bilen etter 6 timar på tur.

Pent
Pent
Ditover!
Ditover!
Pagan Warriors Tftfzn megazend!
Pagan Warriors Tftfzn megazend!

På veg heim vart det oksesteik med ihjelkokte poteter på Berkåk. Nam nam.

Takk for turen, Andreas!

User comments

  • -
    avatar

    Fett!

    Written by mskarra 01.02.2016 18:10

    Grattlerer med sendingz!

    • -
      avatar

      Sv: Fett!

      Written by kobbenes 01.02.2016 21:03

      takk! tøft med tøft!

    • -
      avatar

      Sv: Fett!

      Written by SturlaS 02.02.2016 07:07

      Grattis!

      Dere holdt bra fart og slapp brøyting gjennom stor skavel på toppen ser jeg.

      Hørte rapporter om at direktelinja i andre taulengde var bratt for tiden ja..

      • +
        avatar

        Sv: Sv: Fett!

        Written by kobbenes 02.02.2016 14:14
Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.