Eskilruta på Blyberget (11.01.2016)


Characteristic Mixed climbing
Map
Visits of other PBEs Theisendammen (153m) 11.01.2016

Eg og Andreas hadde sjekka ut moglegheitene for litt bynær miksklatring på Blyberget i førre veke. Som fersk småbarnsfar har eg litt avgrensa aksjonsradius, så interessa for lett tilgjengelig cragging hadde auka. Veggen ovanfor gangvegen på Blyberget ved Theisendammen er mellom 5 og 15 meter høg, med oppsprekt stein og noko is her og der. Kunne dette vere noko?

I førre veke prøvde vi oss på ei miksrute ved den største istappen i veggen. Gode hooks men bratt og noko kreativt sikra i byrjinga. Etter litt topptauing beslutta vi å kome tilbake ein seinare dag for eventuell leding.

I dag gikk den. Etter eit par runder på Theisendammen som oppvarming sende vi begge ruta på naturlige sikringar. For det meste drytooling på venstre sida av isen, med litt hjelp av isen lengst oppe.

Ingen av oss er ekspertar på mix så vi lurte litt på graderinga. Etter ein del diskusjon kom vi til at den er minst M5, men hooksa er såpass gode at sjølv om den er svakt overhengande trudde ikkje eg den var M6. Artige og lange moves mellom gode hooks gjer denne 7-8 m høge ruta veldig morsom. Sikringa er litt kreativ i byrjinga, og blir bedre og bedre. Ikkje trivielt sikringsarbeid då den er noko overhengande. Greit å ha margin på pumpen før ein går på denne då ein blir hengande mykje på øksene.

Eg kalla ruta Eskilruta etter sonen min, Eskil, som vart føydd for knappe 2 veker sidan.

Blyberget har ellers potensiale for fleire linjer både bratte og enkle, noko som er heilt topp for den som vil ha lett tilgang til tørrøkstrening.

Eskilruta føl venstresida av isen.
Eskilruta føl venstresida av isen.

User comments

  • -
    avatar

    takk

    Written by kobbenes 13.01.2016 10:52

    og takk :-)

  • -
    avatar

    Missing title

    Written by ligroenb 12.01.2016 15:10

    Grattis med den nytilkomne med det flotte navnet !!

  • -
    avatar

    Grattis m Eskil!

    Written by SturlaS 12.01.2016 13:25

    Og så fint navn da gitt... ;-)

    Kult med mix-ruter i Trheim.

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.