Stjørdal: Forbordsfjellet - utforsking av traffikert fjell. (20.12.2015)


Characteristic Walk
Map
Ascents Forbordsfjellet (590m) 20.12.2015

I serien "bynære kremtoppar" var tida no kome til Forbordsfjellet. Det ligg fritt til på Stjørdal, og eg tenkte at her måtte det vere flott utsikt! Eg og Svigerfar Magne skulle hente ved på Skattval denne helga, og med dårlige meldingar i det meste av midt-noreg måtte dette vere passelig helgeunderholdning.

Vi parkerte i ein sving der det var skilta til Forbodsfjellet. Vegen gjekk lenger, men dette stemte bra med denne turrapporten. Ingen vits i å gjere turen kortare enn nødvendig.

Granskogen hadde eit overraskande komplisert vegnett, men det var tydelige blågrå merker og skilt. Etter kvart tok vi av frå skogsvegen og gjekk strake vegen bratt opp under monstermastene til toppen.

Oppstigninga til Forbordsfjellet
Oppstigninga til Forbordsfjellet

På toppen vart det kaffi, og vi konkurrerte om kven som kunne navngi toppane ikring oss med størst sjølvsikkerheit. Fin utsikt i alle retningar - særlig i retning Skarvane og Meråker.

Trøndersk panorama. Testar ut nytt kamera.
Trøndersk panorama. Testar ut nytt kamera.
Utsikt mot Skarvane i sør-aust
Utsikt mot Skarvane i sør-aust

Nedatt ville vi prøve ein annan veg, og vi var sikre på at det måtte gå ein sti ned nordaustsida. Det fann vi ikkje, og det vart litt snøbaksing ned mot Stormyra. Faktisk opp til knea i snø her - eit snøhol med lang skisesong!

Vi prøvde å finne stien "Forbordsfjellet rundt", men den glimra med sitt fråvær. Sidan begge er skråsikre på eigen stadssans veksla vi på villedinga. Over myra gikk vi oss også på ei gammal nedrasa gamme. Har det vore samisk aktivitet i området, eller har lokalbefolkninga nytta seg av slike byggeskikkar?

Nordveggen var ellers interessant med tanke på isklatring.

Nordveggen på Forbordsfjellet: full av potensielle islinjer ein truleg aldri gidd å oppsøke.
Nordveggen på Forbordsfjellet: full av potensielle islinjer ein truleg aldri gidd å oppsøke.

Midt i gaupeterrenget møtte vi ein kar i full jaktbunad. Han var lite snakkesalig og prøvde mest truleg å gøyme seg for folk.

Etter meir baksing i myr og småskog kom vi til slutt ned på ein gardsveg som var full av dei velkjente blågrå merka. Vi møtte enda ein jakttrønder, denne meir pratsom. Vi spurte han korleis vi kunne finne att bilen, og han villeda oss rett inn i eit granplantefelt.

Etter meir omgåingar fann vi bilen, og begge var einige om at det var ein fin tur.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.