Melhus: Vassfjellet - Rikelig med skilting. (29.11.2015)


Characteristic Hike
Map
Ascents Litlfjellet (605m) 29.11.2015
Vassfjellet (711m) 29.11.2015
Visits of other PBEs Rønningsjordet P-plass (160m) 29.11.2015

Vassfjellet - Trondheims Table Mountain, ruvar lengst nord i Melhus, med sitt snaue topp-platå og sine (medium) bratte flankar og imponerande primærfaktor. Det var på tide å sjekke turkvaliteten.

Starta frå parkeringa ved vasstanken, og gikk i rask og sjølvsikker gange forbi Barnas Turistforeningsdag; retning oppover. Eg tenkte at det var jo synd Vassfjellet ikkje hadde eit litt tøffare navn - Ørnenuten, Gaupetind eller Dødzhorn for eksempel? Det hadde heilt klart hjelpt på attraktiviteten.

Eg kika etter skilting mot toppen. Til tross for særs utbreidd skilting var det vanskelig å finne informasjon om kva av dei mange stiane i skogen som skulle lede til topps. Eg gikk etter hugsen, og fulgte ein sti sørover og oppover, men det såg ikkje ut som denne hadde stor trafikk. Det var også rimelig vått i marka, og joggeskoa mine var ikkje akkurat av det tette slaget.

Her er altså Bjønnholet ja.
Her er altså Bjønnholet ja.

Etter kvart kom eg opp på topp-platået og kunne nyte utsikta. Toppen var lett synleg rett der borte. Men kvar var stien som leda dit? Igjen byrja den noko kryptiske skiltinga. Eg fann eit skilt mot Litlfjellet, og tenkte at det kan jo ikkje skade. Så sant som gjort. Skreiv meg inn i boka og alt.

Derifrå vart det trakking i nesten frosa myr (berre nesten) i ca retning toppen. Det var vått ja. Heile toppen var ei einaste myr - Vassfjellet var kanskje eit dekkande navn allikavel? Ei ørn letta like bortanfor, men myra var allereide meir toneangivande for kjensla dette fjellet gav.

Om ein skulle lure på kvar Kastbakken er, så er den altså her.
Om ein skulle lure på kvar Kastbakken er, så er den altså her.

Etter kvart kom eg inn på grusvegen til toppen, og like etter var toppen nådd. To timar hadde det tatt. Toppområdet var prega av diverse lite flatterande multimediainstallasjonar. Men, utsikta var flott den. Ein ser det meste av Sør-Trøndelag herifrå, frå Sylan og Fongen til Frosta-alpan og Fosen, til Trollhøtta, Snota og til og med Snøhetta.

Ned att ville eg ta ei litt meir direkte linje, og sikta meg inn på noko som såg ut som ein sti. Det var det ikkje, og eg havna raskt i Trøndersk bukketerreng. Myrene var blaute men svaa var frosne. Merkelig dette her. Kanskje Drittfjellet hadde vore eit meir passande navn, funderte eg. Merkelig at det ikkje var bedre stiar på eit slikt bynært fjell??

Etter kvart kom eg inn på noko som faktisk minna om ein sti. Eg spurte ein kar som lufta hunden kva raskaste veg nedatt var. Han peika ned stien og sa "rett ned her". Jaha? Det byrja å ane meg at eg ikkje hadde tatt enklaste veg opp.

Eg fulgte stien nedover skogen - stien var både vid og breid, og merka med diverse skilting av ulike lokalgeografiske fenomen.

Her er Fugleåsen.
Her er Fugleåsen.

Brått var eg nede ved Barnas Turistforening igjen. Eg helste vennleg og turvand, som om eg hadde vore på tur i mi eiga bukselomme, og luffa ned til bilen med klisjblaute sko.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.