Puerto de Marbella (02.10.2015)


Start point Marbella (10m)
Characteristic Hike
Duration 3h 00min
Distance 11.0km
Map
Ascents Puerto de Marbella (1,092m) 02.10.2015

Konferanse i Marbella, og denne dagen hadde vi ettermiddagen fri. Eg hadde sett ein fin sti som gjekk oppover fjella frå Camino de Puerto Rico, og tenkte eg kunne følge denne eit stykke som ettermiddagstur. Etter kvart såg eg at den gjekk mot ein topp som såg litt nærare og lavare ut enn dei som låg lenger vest. Kanskje eg kunne plukke med eit peakbook-element?

Gradestokken viste 32 grader oppover bakkane og eg hadde ikkje med vatn, men klokka var halv 6 og det var jo ikkje så langt, tenkte eg.

Men det viste seg å vere eit godt stykke. Stien snirkla seg oppover fjellsida i nydelig terreng. Prøvde å vere effektiv så det ikkje skulle gå så lang tid.

Langt om lenge kom eg opp til skaret mellom Cruz De Jumar og toppen eg hadde sett meg ut. Her var det til alt overmål ein bilveg.

Eg tenkte på klokka og om dei lurte på kvar det hadde blitt av meg i byen, men no var det jo ikkje langt att til toppen. Eg passerte utsiktspunktet Mirandor, og kom meg til topps gjennom litt bush og pen sandstein.

Nydelig utsikt i det sola stod lavt på himmelen over Gibraltar. Hadde diverre ikkje med kamera.

Rask jogg nedatt til byen. Sjeldan har cola smakt så godt!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.