Tordenvær gir glatt granitt på Selnesklippen (11.08.2015)


Characteristic Climbing
Map
Visits of other PBEs Selnesklippen (175m) 11.08.2015

På sommarferie i Trøndelagen. Eg og AndreasNordstrand (Andreas Nordstrand) tok turen til Selnes for å oppleve årgangsgranitt. No går det litt i surr på rutenavn, men vi byrja med nokre svalengder, og enda i ein bratt toppvegg, sånn ca.

Det var meldt tordenbyger denne dagen, men kven kan tru på slikt når været er fint? Etter å ha klatra oss gjennom tre innledande sva-lengder stod vi under toppveggen, og den var så flott at litt forbipasserande skyer ikkje lot oss stoppe i det heile. Vi var havna noko feil i høve til føraren, men eg såg eg kunne kome inn på den planlagte ruta gjennom eit dieder også over til eit rissystem.

Diederet var fantastisk fin 4+/5- klatring. Deilig å berre følge formasjonane utan å tenke for mykje på rutebeta, berre tenke oppdrift oppdrift! Så kom dagens crux: ein kort 6/6+-seksjon, før eg kom over i eit vått riss der eg satte alt eg hadde att av sikringar inn i ein hengande standplass. Andreas kom begeistra etter.

Då han hadde racka opp for å forsyne seg av dei nydelige rissa mot toppen kom det nokon dropar. Vi lata som ingen ting og køyrde på. I mitt stille sinn tenkte eg at risset var jo fuktig uansett, så kva rolle spela det med litt duskregn.

Når Andreas kom eit par meter opp tiltok regnet, og han byrja å få tålelig dårlig friksjon for beina. Den ellers hovudsterke Nordstrand byrja å tvile. Eg såg han holdt i siste sikring. Svarten, der rauk fribestigninga. Skulle ikkje han vere spesialsoldat og eksponeringspsykolog liksom? I etterpåklokskapen sitt lys tyda vel dette på at forholda var verre enn eg trudde, men eg hadde ikkje toppa ut ei klatrerute på aldri så lenge. Dette påverka nok dømmekrafta mi noko.

Regnet tiltok enda meir. "Skal eg ta lengda?" ropa eg opp. Det var det som skulle til for at han prøvde eit par meter til. Men plutselig var begge beina i lufta, og han måtte huke seg inn etter det noko fuktige risset. "Det skal jo eigentlig vere grei klatring vidare" sa han. "Vi er ferdig med det vanskelige". Toppinstinktet mitt hadde no fjerna all kritisk tanke hjå meg - eg ville berre toppe ut! Reinhold Messner frisoloerte stupbratte Dolomittar i striregn med beksømstøvlar på 60-talet. Vi måtte vel kome oss opp ein bergknast på Selnes i duskregn!!

"Blink*@&%&#TORDNE!!!"

Tordenbyga var over oss, og den var veldig veldig nær! Då var det berre å kome seg ned i ein fei. På ein augneblink opna himmelen alle sluser, haglet dundra, og klatreruta vår vart til ei middels stor trøndersk elv. Nordstrand meinte han såg ein flokk ørret symje leikande forbi cruxlengda vår, noko eg kan stille meg forståande til.

Andrease rigga eit kjapt anker, og vi rappellerte oss av veggen med ein full 70m-rapell. Vi køyrde tilbake mot Trondheim og kosa oss med den nyerverva røvarhistoria over kaffi og svele på Flakk-Rørvik-ferga. Om tindegruppistane kjem seg ut av koia vil dei no altså belønnast med 2stk store DMM-nøtter.

Eg vil gjerne tilbake til Fosen-granitten!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.