Peak 9 (20.06.2015)


Start point Resort Quest Tyra (2,940m)
Endpoint Resort Quest Tyra (2,940m)
Characteristic Hillwalk
Duration 3h 00min
Distance 11.4km
Vertical meters 1,080m
Map
Ascents Peak 9 (4,024m) 20.06.2015 05:15

Hæpp hæpp, konferanseveke i Breckenridge Colorado! Også i Colorado då, som kanskje er min yndlingsstat. Nesten som New Hampshire, berre finare fjell, finare vær og fleire digeridooar (samt fleire rikingar også, vel og merke).

Eg ankom fredag kveld, og var litt seint i seng grunna rot med innsjekkinga. Like fullt gjorde tidsforskjela meg lys våken kl. 5. Konferansen byrja ikkje før 8:30, og rett bak hotellet låg peakbook-elementa på rekke og rad. Kunne ein rekke å skrape med seg ein topp før konferansestart?

Eg hoppa i joggeskoa og la i veg opp dei snølause alpinbakkane. Raskt merka eg at lufta var noget tynn (pust pes). Toppane over meg hadde dei klingande navna Peak 8, 9 og 10. Eg var ikkje heilt sikker på kven som var kva, men eg sikta meg ut ein høg ein litt mot sør. Då skibakkane tok slutt kryssa eg nokre snøfelt før eg kom opp på ein rygg. Klokka var no litt over 6, og eg vart meir og meir tungpusta. To toppar låg over meg: den høgste til venstre, og ein litt lavare rett fram. Eg forstod at den høgste var Peak 10, og den andre var Peak 9. 9aren var knytt til Peak 8 til høgre med ein slakk og fin rygg. Kanskje det kunne vere noko?

Men oppover toppryggen mot Peak 9 vart det seriøst tung pust. Hovudverken murra, men kom heldigvis aldri for fullt. Dette skulle jo berre vere ein morgentur før frukost, så å ta fleire toppar denne morgonen vart mindre og mindre aktuelt. I tillegg til at eg hadde litt dårlig tid så merka eg at det vart trøblete å knyte skolisser og slike ting. Så ingen grunn til å skyte for høgt.

Eg toppa ut litt over 7, etter to timar på tur. Nydelig vær og fantastisk utsikt! Det var rimelig langt ned att til Breckenridge, og eg var eigentlig ganske nøgd med innsatsen. Eg såg over på nabotoppane: den lavare men meir prominente Peak 8, og mot sør Peak 10 og Crystal Peak, som begge hadde imponerande alpine eigenskaper sett frå denne sida. Kanskje ein annan dag?

Ned går alt så meget enklere, og eg jogga ivrig ned snøfelta der eg tenkte på frukost (egg, bacon, KAFFI!). Eg møtte ein gjeng med ski på sekken som skulle køyre morgenslush på snøfelta på Peak 10. Vintersesongen er tydeligvis ikkje over her heller. Nede att hoppa eg i dusjen, rakk akkurat frukostbuffeten, før eg trava inn på konferansen berre 10 minutt for seint.

Det må seiast at turen kanskje tok litt meir på enn eg først trudde - kroppen var ikkje heilt nøgd med å ha vorte jaga rundt i tynn luft på så kort varsel.

Alt i alt knallstart på konferanseveka!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.