Cannon&Cathedral (13.06.2015)


Characteristic Climbing
Duration 40h 00min
Map
Visits of other PBEs Cannon Cliff 13.06.2015
Cathedral Ledge 13.06.2015

Maur i baken! Eg må ut! Tenke planlegge ringe. Trad-helg i New Hampshire! Phil er alltid gira på klatring, og sa seg villig til både å vise meg nokon klassiske ruter på indrefileten Cathedral Ledge, samt tilby overnatting i nærmiljøet.

Det byrja jo også å bli sesong på ytrefileten Cannon Cliff også! Cannon er kort fortalt ei stor granittklippe der granittlaga skalar av som solbrendt hud på nordmenn i syden. Det vil seie at den ikkje er trygg før langt ut på forsommaren, når lausgodset frå vinter og vårsmelting har rasa frå seg. Laurdagen gjekk til Cannon!

Diverre hadde det vore eit heftig regnskyll dagen før, så det rann middels store bekkar gjennom ein del av planane våre. Vi byrja difor på Duet Direct (5.10+), ein totaulengder som Phil hadde sikla på lenge. Eg tok førstelengda (5.8) og sikra tett gjennom nokre litt fuktige parti. <3 <3 <3 Granitt!

Så tok Phil laus på det som var ruta sitt høgdepunkt: eit langt og vedvarande dieder. Jepp, sprekka i diederet var våt. Når det først er vått så er ikkje jamming det verste ein kan gjere. Phil støta på, sikra tett, og brukte ei evigheit på å kome seg oppover. Men det gikk oppover! Sterk type! Han kom seg forbi det brattaste partiet, men så glapp venstrefoten og han var i lufta! Det var eit klokkereint fall med forrige sikring i knehøgde, så ingen dramatikk. Men surt for Phil som såg ut til å ha ruta i boks.

Phil på veg opp diederet på Duet Direct
Phil på veg opp diederet på Duet Direct

Han kom til topps og sikra meg opp. Særs imponerande! Klatringa var vedvarande tung og teknisk, og dei glatte handtaka gjorde det rimelig spennande. Når eg kom meg over cruxpartiet var det framleis bratt og tungt. Eg var rimelig nøgd med å ha gått det heile utan å sitte i selen, men då eg skulle renske nøtta Phil hadde tatt fall på måtte eg ha begge henda fri.

Tilbakeblikk: Whitney-Gilman føl ryggen. Black Dike som vi klatra i vinter er siget i hjørnet. Ser bratt ut!
Tilbakeblikk: Whitney-Gilman føl ryggen. Black Dike som vi klatra i vinter er siget i hjørnet. Ser bratt ut!
Koselig i veggen. Merk at eg har fått meg slik trendy brillesnor for å ikkje miste solbrillene.
Koselig i veggen. Merk at eg har fått meg slik trendy brillesnor for å ikkje miste solbrillene.
På veg ned Duet Direct, med diederet til venstre. Bratt, gitt!
På veg ned Duet Direct, med diederet til venstre. Bratt, gitt!

På toppen vart det high-fives, skryt og generelt god stemning! Ein 60m-rapell rakk akkurat til bakken. Vi tok lunch og tenkte på neste prosjekt. Eg var gira på noko lenger, men sidan fleire av dei finare lange rutene var våte landa vi på Consolation prize (5.8). Dette var variert klatring på sva 8tl av varierande kvalitet. Klatringa var kanskje ikkje den kulaste, men kjekt å vere i veggen lenge, og øve på effektivitet. På toppen naut vi utsikta før vi rusla tilbake til bilen. Så venta burger og øl i Betlehem, NH.

Dagen etter tok vi turen til arnestaden i New England si trad-klatring, Cathedral Ledge. Denne klippa var sentral i utviklinga av klatremiljøet i New England. Ein skal leite lenge etter ein stad der klassikarane ligg tettare. Vi byrja på North End, som har pene ein-taulengders rissruter. Eg varma opp på They died laughing (5.9), eit perfekt finger/handriss for den aspirerande riss-klatrar. Hardt var det gitt, og eg var rimelig svett når eg kom til topps. Deretter fulgte eg Phil på Bird's Nest (5.9), som var bratt men med så perfekte fingerjammar at det var ei fryd. Så hoppa vi over på Recluse (5.10d), i same stil som dei to første rutene, men med eit tungt buldreproblem på byrjinga. Phil hoppa greit opp dette, medan eg brann kruttet på dårlig beta og for mange forsøk. Surt! Eg drog i slynga for å kome meg gjennom cruxet, og oppdaga at kreftene var særs reduserte vidare oppover resten av ruta, som var 5.9 handriss.

Rissklatring ass! They died laughing.
Rissklatring ass! They died laughing.

Etter lunch sikta vi oss inn på klassikaren Diedre (5.10), som skulle gi nokre nydelige lengder opp til topp-platået av klippa. Eg hadde akkurat tatt Phil opp til første standplass då vi haurde eit brak og skriking frå North End, 60-70 meter til høgre for oss. Det var tydelig at noko hadde skjedd der, og eg tenkte først at nokon hadde løyst stein på led. Klippa var full av folk denne dagen, og fleire sprang til, inkludert taulaget ovanfor oss på ruta, som fiksa tau og rappelerte av. North end er like ved bilvegen, og ambulansen var raskt på plass.

Vi klatra vidare til neste standplass der deira tau var knytt fast, tok ein kjapp diskusjon og bestemte oss for å avslutte. Phil syntest ikkje det var hyggelig i det heile å fortsetje klatringa når det tydeligvis hadde skjedd ei ulykke. Då vi var nede ved innsteget fekk vi vete at ein klatrar hadde tatt eit fall på ein 5.7. To sikringar hadde poppa i fallet, og han hadde gått 15-20 meter rett i bakken. Han vart raskt stabilisert og var bevisst. Han landa ikkje på stein og brukte hjelm. I ettertid fekk eg vete at det hadde gått overraskande bra: han hadde ikkje ein gong brote bein. Men det kunne like gjerne fått tragisk utfall. Ulukker skjer i klatring, og i dette tilfellet forstod eg det slik at ruta var enkel å sikre. Så det var sikringsarbeidet som hadde svikta. Dette er ein berre nøydd til å ta med seg vidare for å gjere klatringa så trygg som mogleg!

Vi tok ein øl i North Convay, før eg takka for ei glimrande helg. Med deilig verkande musklar sette eg snuten sørover mot Boston.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.