Finalehelg isklatring: something good and something bad (07.03.2015)


Characteristic Ice climbing
Map
Visits of other PBEs Frankenstein 07.03.2015

Denne isklatresesongen har virkelig vore ein opptur. Den byrja med eit sprang frå redd WI3-klatring i fjord til sjølvsikker WI4-klatring frå første dag i år. I tillegg så er desse klimaendringane årsak til mykje rart, mellom anna iskalde New England-vintrar, så isen har vore knallbra. Difor har det vorte mange helgar i bilen på veg til New Hampshire. No var det nett så vi byrja å bli litt metta, og vi beslutta å ta denne helga som sesongavslutning. Sidan vi etter planen er tilbake i Noreg neste vinter så var dette også kanskje siste sjangse til å ticke av nokon lokale klassikarar. Vi sette turen mot det mest berømte iscragget i New England, Frankenstein.

Krafs krafs opp Hobbit Coloir.
Krafs krafs opp Hobbit Coloir.

Sendevind
Været var behagelig: eit par minus. Men sola har byrja å ta godt, og mange soleksponerte isar hadde byrja å sjå dårlige ut. Laurdagen var det merkelig nok nesten ikkje folk på cragget, så vi kunne eigentleg velge fritt. Vi byrja med Hobbit Couloir (WI4+), ei smal renne med eit noko kort crux med litt stemming og eit lite overheng. Søyla var så uthooka at det var berre å slenge øksene i hook på hook. Sidan eg har lite erfaring med stemming og denslags var dette artig. Bratt var det og! Solid oppvarming. Men på standplassen på toppen var det sol!

Etter det rusla vi bortover cragget for å sjå om det var fleire klassikarar som kunne plukkast. Eg hadde ein draum om Dropline, men den var smal nederst, og med dei triste nyhenda om dødsulukka på Lipton på Rjukan i bakhovudet slo eg dette raskt frå meg.

Derimot var superklassikaren Dracula ledig! Dette er eit imponerande isfall 40-50 meter høgt og rimelig bratt. Den har to linjer, ein til venstre som ofte dannar ein kamin med fjellet, og ei midt på som er meir direkte. Eg prøvde meg på sentrallinja. Igjen var det rikelig med hooks og takk og pris for det, for dette var BRATT! På videoar har eg sett at ein kan stemme noko i eit hjørne på toppen, men i år var dette hjørnet jammen grunt. Dessutan var det LANGT. Toppveggen aleine må ha vore 15 meter. Dette er utan tvil den mest dyrekjøpte WI4+'en eg har gått. Eg holdt auge på greinene over meg, og fokuserte på toppen. Det kjendest bra og stødig. Marginen var god. Gåen og ganske stolt sikra eg kona opp. Ho gjorde ein særs hederlig innsats, og begge var særs nøgde med det heile! Venstrevarianten kunne vi ta som kos i morga.

Deretter gikk vi ein kort WI4 og kona øvde på skruesetjing. Ho hadde backa ut på leding det meste av sesongen, men no var tydeligvis noko i gjære.

Dagen etter var det mykje meir folk i området. Dan, Phil og Kevin var også på plass. Dei byrja på Hobbit, medan eg og Kona gikk Pegasus Rock Finish (WI3M3), grunnkurs i mixklatring. Eg satte så mange kammar i mixfinishen at eg knapt klara å kome meg over kanten av berre taudrag.

Grunnkurs drytooling (skrape skrape)
Grunnkurs drytooling (skrape skrape)

Triumfen
Deretter sa Kona "Ja, då skal eg gå Standard Route". Standard Route er 2tl benchmark WI3. Eg vart litt forundra, for sjølv om ho har gode skillz på isen så har ho vore litt defansiv på ledinga (=har ikkje leda særlig). Standard Route skulle vere målet hennar for sesongen, men sjølv om eg hadde oppfordra henne til dette så vart eg no litt spent på korleis dette kom til å gå. Uansett var det lett å hente seg inn på ei slik rute, så marginane skulle vere gode. Ho starta opp den første lange taulengda, i fin stil over opptak over opptak. Cruxet, som er eit 5-7 meter bratt parti (av somme gradert WI3+) tok ho utan å mukke. Der var eg noko skjelven som ny ledar på same tid i fjord. Ho ropa ned at standplass var etablert, og eg fulgte etter, rimelig imponert. Andre taulengde var enklare, og den gikk som smurt. Dette var jo kvinnedagen, og sidan det ikkje var så enkelt å finne eit 8.mars-tog var det jo berre naturleg at ho feira med å ta ledelsen opp her. Imponerande!

Kona i guide-modus på første standplass.
Kona i guide-modus på første standplass.
Standard Route sendt!
Standard Route sendt!

På toppen fikk vi også selskap av Dan, Phil og Kevin som hadde klatra ein anna variant. Phil hadde fortalt meg på førre standplass at Dan hadde tatt eit fall sidan sist vi såg dei, på ei rimelig enkel WI3-rute. Dan er ein habil isklatrar, men på enkelt terreng hadde han ramla i det han skulle setje i ein skrue, rett og slett av uoppmerksomheit. Heldigvis var fallet reint og forrige skrue holdt. Vi snakka ein del om dette, og tykte at det ikkje var særlig trivelig. Fall på is er skummelt då ein har med mykje skarpt både på føter og hender.

Fallet
Dagen byrja å gå mot slutten, men eg hadde lyst å klatre venstrevarianten på Dracula før vi pakka ned utstyret for sesongen. Denne var ganske mykje enklare enn sentrallinja, men hadde eit punktcrux i uttoppinga. Vi skynda oss ned og eg byrja oppover i god stim. Også her var det mykje hooks, og eg forserte greit nokre bratte søyler med gode kvilar mellom. Så kom eg opp i ein WI3-kamin som eg gikk ganske greit og kjapt før eg kom opp på ei hylle i botnen av eit hjørne under toppen. Her stussa eg litt på korleis eg skulle legge det opp: eg måtte klatre opp hjørnet, traversere litt til høgre under eit overheng, for så å kome meg over ein slags "bulge" som det heiter på amerikansk med litt dårlige bein, før eg toppa ut.

Eg klatra oppover, og passa på å sikre med tanke på hylla under. Eg såg etter brukte skru-hol for kjapp innskruing (slike hol er målt til å vere trygge) og fulgte etablerte hooks. Under traversen satte eg ein skrue i hjørnet og satte ei 50cm-slynge i den for å unngå taudrag. Eg traverserte til høgre ut på eksponert og litt keitete is, før eg fekk øksene over kanten. Her måtte det mantlast, og eg prøvde difor å få begge økser så høgt som mogleg. Med litt tvilsomme bein byrja eg å drage meg over kanten.

Men så skjedde det som ikkje skulle skje: midt i bevegelsen over kanten sat eg plutselig fast. Først forstod eg ikkje kva som skjedde, men så såg eg at venstre fot sat fast i karabineren til 50cm-slynga eg hadde plassert på siste skrue. Eg prøvde å riste den av, men den sat fast. Eg prøvde å senke meg litt ned, men det var vanskelig å sjå bein under meg (eg var midt i ein bevegelse over kanten). Eg rista meir, prøvde å rykke, men det gjorde berre at eg vart meir og meir pumpa. Backup-planen i slike situasjonar var å hekte ei slynge eller tauet på handtaket på øksene. Men dei var for langt oppe og eg var for pumpa. Det fekk eg ikkje til.

Eg ropte ned til Mari (Kona) at no kom eg til å dette. Frå her gikk det fort. Eg senka meg så langt ned som eg klarte før eg pumpa ut på øksene, ramla og kjende eg vart snudd opp-ned. Då eg fekk summa meg hang eg etter venstrefoten i slynga. Kroppen kjendest bra ut og skruen hadde holdt. Fallet hadde vore reint - eg hadde ikkje treft noko på veg ned. Eg ropa ned at det gikk bra, og byrja arbeidet med å løsne venstrefoten. Karabineren hadde kilt seg mellom stegjernet og skoen. Med all vekta på den måtte eg ta av skoen for å kome meg laus. Dan kasta ned eit rappell-tau, og eg rappellerte ned ruta. Resten av gjengen var noko sjokka over det heile.

Dette var ein lei slutt på sesongen, men heldigvis gikk det bra når uhellet først var ute. Årsaka til fallet var ein idiotisk feil, og eg har lært at eg er nøydd å sjekke at alt er fritt før eg går på vanskelige flyt. Andre feil var at begge øksene var så langt oppe. Eg skulle hatt ei lavare øks, og denne skulle eg kobla meg på med det same eg merka at noko var gale. Det som virka godt var at skruen holdt og var godt plassert. Mari la på sprang ned bakken i det eg ropte, noko som gjorde at tauet mest sannsynlig bremsa fallet. Det hindra eit statisk fall på foten min og på skruen. Det var eit relativt kort fall, men det er nok til at ting kan skje. Fleire lag med sikkerheit hindra at det var meir alvorlig. Likevel var dette ei lekse: både mitt og Dan sitt fall var idiotiske feil, men det er ofte idiotiske feil som gir ulykker.

I alle fall, Dracula venstrevariant får stå der til neste sesong, om vi framleis er her. Alt i alt ei kjempeavslutning på ein kjempesesong.

Høgt heng han og sur er han. Eg har nett ramla av uttoppinga av Dracula Venstre. Dracula Høgre (senterlinja) til høgre
Høgt heng han og sur er han. Eg har nett ramla av uttoppinga av Dracula Venstre. Dracula Høgre (senterlinja) til høgre

User comments

  • -
    avatar

    Dramatisk finale!

    Written by SturlaS 01.04.2015 10:30

    Spennende lesning og bra at det gikk så godt! Det blir en del krefter i sving når tyngdepunktet flytter seg bare et par meter vertikalt.

    Det ser ut som dere har fått gjort mye på is i vinter og skikkelig kjekt å ha med fruen, nå også i den skarpe ende !

    • -
      avatar

      Sv: Dramatisk finale!

      Written by kobbenes 01.04.2015 14:23

      Det gikk bra ja, men eg fikk litt å tenke på. Ser kor viktig det er å ha fleire lag av sikkerheit til kvar tid!

      New England er veldig bra for is, både fordi isen er god, men også fordi snøen er dårlig (så ein brukar ikkje opp helgene på å stå på ski;-)). Det er ikkje samme dimensjonane på ting som i Noreg, men sidan det er stort miljø og godt etablerte crag så er det ein veldig bra plass å lære.

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.