Sunnmørsk bestigning av Black Dike, New Hampshire. (06.02.2015)


Start point Cannon Cliff Trailhead Parking
Endpoint Cannon Cliff Trailhead Parking
Characteristic Alpine climbing
Duration 7h 00min
Map
Visits of other PBEs Cannon Cliff 06.02.2015

Denne rapporten vart orginalt publisert på Nordmøre og Oppdal sin største alpinblogg Alpinist.no. Men sidan den har vore nede ganske lenge no så trykker eg den også opp her, til glede for peakbook sine lesarar.

The Dike!
The Dike!

Då eg fekk spørsmål om eg ville skrive eit innlegg på Alpinist.no var det to problem som raskt kom til syne. Det første var at eg er ein middelmåtig buldrar som nett har rista av meg høgdeskrekka, lært meg åttetalsknuten, og krafsa meg opp min første WI4. Det andre var at eg om dagen bur i Boston, New England, eit åskledd skoglandskap der alpinklatring definerast som klatring i dårlig vær. Korleis skulle dette finne sin plass mellom Tågbekken, Haisommer, Trollatraversen o.s.b. utan at eg skulle miste fullstendig andlet?

Ettersom årets isklatresesong framskreid med overraskande bedra isklatreevner byrja eg likevel å sjå moglegheiter. New England er på ingen måte ein stad ein besøker for sin ville natur. Men i skuggen av Yosemithe, Rockies, Palisades og Alaska har New England sine beskjedne og avrunda Appalachiske fjell fostra overraskande mange solide klatrarar. Det er som kvar ein nabb og kvar ein istapp har ei rute eller fem her oppe. Og iscragginga er av den beste i landet.

Daniel støtar på første taulengde.
Daniel støtar på første taulengde.

Den høgste klippa i New England er Cannon Cliff, ein stor slab av flakete granitt. På denne klippa ligg superklassikaren Black Dike (WI4-5 M3, 3tl). Eg fekk med ålesundaren Daniel (mellom anna kjent frå bloggen Vertical Dream), som har god alpin erfaring frå heimlige trakter. Fredag vassa vi oss opp ura mot kløfta The Black Dike, der ei tynn, brun islinje bukta seg oppover mellom steinane i botnen. Etter å ha forlest meg på Steve House si ”Training for the new alpinism” kjende eg meg i knallform. Men då fokksnøven stod meg til hoftene og blodsmaken stod i munnen måtte eg overgi brøytinga til Daniel. Eg var visst ikkje klar for Nanga Parbat heilt enda. Halv-annan time etter at vi hadde gått frå bilen var vi klar ved innsteget.

Mix-travers! Ekstra taudrag for ekstra utfordring
Mix-travers! Ekstra taudrag for ekstra utfordring

Daniel tok første taulengde, WI3 50 meter, og leda den i god stil. Eg tok andre lengde, som startar med ein mix-travers til venstre før ein kjem inn på sjølve flow’en. Vidare oppover her på nydelig og vedvarande klatring på ein smal flow klemt under den overhengande veggen til venstre. Alltid gode formasjonar og kvilar, WI4, 50m. Tredje lengde skulle etter føraren vere WI2-3. Home-stretch, tenkte eg med meg sjølv, før eg brått stod under eit bratt opptak. Her var tre moglegheiter opp, og eg valde den til høgre: bratt opp til ein trong kamin der det såg ut som ein kunne stemme imot ein stein. Uff, det var bratt, delvis overhengande og trongt, men eg fekk kilt meg inn i kaminen, satt ein skrue, og klæbba meg vidare. Morosamt, men neglespretten som følgde, samt den overraskande vanskeligheitsgrada sette meg litt ut. Vidare var det heldigvis enklare terreng, men kaldt, spindrift, og det knirka i snøen, akkurat som på Vimeo! Kanskje det ikkje er så verst alpint i New England allikavel? Siste lengda klokka inn på WI4-5, 60m. Eg kunne setje standplass i treet på toppen, og nyte synet av ein flott vinterdag i The White Mountains of New Hampshire.

Det er bratt her altså!
Det er bratt her altså!
Og kaldt. Enda med lett forfrysning på fingertuppane.
Og kaldt. Enda med lett forfrysning på fingertuppane.

Daniel kom begeistra etter, og begge var einige om at dette blir blogg! Vi pakka raskt saman, hang skruane på selen, og rutsja oss ned stien på sida av klippa. Og ein eller annan stad i den meterdjupe nysnøen på nedfarta rutsja halve skrueracket mitt av selen. Det oppdaga eg ikkje før dagen etter. Surt! Vi får ta det som økonomisk støtte til amerikanarane, som tross alt slit litt økonomisk om dagen.

Uttopping! Yes!
Uttopping! Yes!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.