Ace of Spades - isklatresesongen er i gong! (21.12.2014)


Characteristic Ice climbing
Map
Visits of other PBEs Franconia Notch State Park 21.12.2014

Hæpp hæpp, etter ein træg start på vinteren la vi i veg til Franconia der rykta sa at det skulle finnast is. Det lisje cragget Ace of Spades i fjellsida på Mt. Lafayette tilbaud 1tl-ruter av varierande kvalitet, nokon veldig fine og andre meir forgløymelige.

Etter å ha gått ein WI3 som kjendes enkel ut (fjordårsbeste var WI3) la eg augene på Ace of Spades sjølv, ein bratt 10-15 m WI4-vegg fulgt av lettare terreng med diverse opptak. Ein skal jo vere forsiktig med led på is. Men i tillegg til at teknikken kjendes god ut på oppvarminga har eg lest hyllemeter på hyllemeter med artiklar om isklatring, samt sett time på time med internettvideoar, turrapportar etc etc. Hadde eg hovudet med meg så skulle dette gå bra.

Klatre klatre, skrue skrue, klatre klatre, skrue skrue. Smøris, hogg hogg, riste laus, skifte hand. Klatre klatre, skrue skrue. Det gikk fint. Eg vart knapt pumpa, og kontrollen var god heile vegen. Persinga var eit faktum!

Etter det vart det litt topptauing på noko eg trudde skulle vere ei fin mix-rute men som viste seg å vere mest roting i buskene, samt ein flott WI5-pillar som også kjendest tålelig for armane.

Erfaringa har talt: internett gjer deg bedre å klatre is!

Med på turen: Kona, Daniel, Phil (local). Takk for turen!

Glad type. Ace of Spades opp til høgre
Glad type. Ace of Spades opp til høgre

User comments

  • -
    avatar

    Pers!

    Written by SturlaS 23.12.2014 07:45

    Grattis med pers på is!

    Jeg trodde du var opp Kongsvollfossen i fjor, men det var kanskje ikke på led?

    • -
      avatar

      Sv: Pers!

      Written by kobbenes 23.12.2014 14:28

      Takker. På Kongsvollfossen leda eg 2dre tl (WI2-3) og siste opptak over kanten på toppen, som vi omgikk via eit mix-opptak til høgre, kanskje M3-4, kort men noko eksponert. Så dette var litt strammare ja :-)

      Håper de kosar dykk med is i gamlelandet!

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.