Gründerstemning på Veten Klatrefelt (17.11.2014)


Start point Parkeringsplass v vegen til Brørevatnet
Characteristic Climbing
Map
Visits of other PBEs Veten Klatrefelt 17.11.2014
Veten med sin flotte vestvegg. Kan det vere alpine moglegheiter her, skal tru?
Veten med sin flotte vestvegg. Kan det vere alpine moglegheiter her, skal tru?
Go with the Flø føl rissa til venstre på biletet. Meget pent sikra. Baila frå blokka i toppen av biletet.
Go with the Flø føl rissa til venstre på biletet. Meget pent sikra. Baila frå blokka i toppen av biletet.

Flø er lizzom Lofoten på Hareidlandet.

Å kalle vestveggen på Veten for eit klatrefelt er kanskje å tøye det litt, sidan det ikkje har vore klatra her før. Men det bør det! Her er masse moglegheiter for trad-linjer, særlig i midtseksjonen der klippa er brattast og ura er høgast. Her er det både korte og lange, bratte og mindre bratte potensielle linjer. Resten av klippa er noget overgrodd.

Eg kravla meg opp ei 15-20 meter rute her, ca 70 meter til høgre for brattseksjonen. Kona hadde gløymt klatreskoa i Junaiten (berre tatt med isklatreutstyr - ambisiøs type), så ho sikra. Dei første 7-8 meterane var fin klatring i eit rissystem. Resten var meir forgløymelig, men det kan finnast lenkjer til ei linje som går heilt til topps her.

Ruta er døymt Go With the Flø (4/5) og er markert med eit bailetau ca 20 meter oppi veggen. Mi første førstebestigning - beskjeden i lengde, men hard nok for meg (måtte henge litt undervegs).

5 meter til høgre var det eit nydelig dieder med frekke sprekker, antakelig på 6-7-talet. Unnskyldinga mi var at eg måtte heim på familieforpliktingar.

Gledar meg til å kome tilbake hit og undersøke meir.

User comments

  • -
    avatar

    Wow

    Written by SturlaS 19.11.2014 00:10

    Aktiv norgesferie med etablering av nytt klatrefelt og greier!

    Da blir det vel ikke tid til isklatring i Drivdalen. Hører Tøftfossen ble klatret nå siste helg..

    • -
      avatar

      Sv: Wow

      Written by kobbenes 19.11.2014 11:12

      Aktiv og aktiv, det vart mest roting rundt i ura med litt krafsing opp nokon sprekkar ;-)

      Vi kjem til Trondheimen over helga, og hadde tenkt å få oss ein dag i Drivdalen. Tøftfossen har eg ikkje prøvd meg på. Kva er vanskeligheitsgrada, kor mange taulengder, og kor mykje tid må ein rekne med å bruke?

      • +
        avatar

        Sv: Sv: Wow

        Written by SturlaS 19.11.2014 15:23
Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.