School of trad gruppearbeid: Lakeview (28.09.2014)


Characteristic Alpine climbing
Duration 10h 00min
Map
Visits of other PBEs Cannon Cliff 28.09.2014

Denne søndagen hadde vi tenkt å cragge litt i nærområdet til Boston. Værmeldingane var nydelige, og sidan eg hadde nytta veka til å ruse meg opp på The American Alpine Journal 2013, hadde tankane mine byrja og vandre nordover. Medan vi sulla oss heim frå ein god middag laurdags kveld sette eg inn støtet: kva om vi dreg på Cannon heller enn å cragge? Kona sa "Ja, det gjer vi!" Eg hadde ruta Lakeview (5.6, 8tl) i tankane.

Spørsmålet var om min kollega Pontus, som vi hadde avtalt å cragge med, var interessert. Han er rimelig ny til klatresporten, men har vist seg sporty og ikkje heilt utan talent. Han var med!

Så dette vart jo som eit gruppearbeid på School of Trad (S.O.T), med vekselleding og føring av nybyrjar. Gruppearbeid høyrer jo til på ein skule.

Relativt alpin start frå Boston morgonen etter, 2,5t køyring og vi var på parkeringsplassen kl. 9 og ved innsteget kl. 10. Kona skulle få æra av å opne ballet, og gikk stilsikkert dei to første lengdene (5.3 og 5.4). Det spørs om ho snart må pressast ut på brattare grunn.

Pontus spurte kor lang tid dette kom til å ta. Hehe, om vi brukar ein time på kvar lengd så er vi ferdige til kl. 6, sa eg. Det var meint som ein spøk. Troll i ord osv. Vi peika opp på toppen, som låg rett der oppe.

Eg hadde i mitt stille sinn tenkt at dette vart sikkert så enkelt at kalk treng eg i alle fall ikkje ha med, og kanskje eg kan gå det heile i joggesko? Rett før eg skulle gå i den skarpe enden ombestemte eg meg. Det skulle vere runout slab. Best å vere på den sikre sida. Og jammen, denne lengda balanserte seg runout på ei sprekk så lita at ein ikkje kunne få inn ei einaste sikring, og med ingen tak for henda vart dette ei nervøs oppleving. Eg trudde det skulle vere 5.3, men det var visst 5.5. Hadde vore dødskult her i joggesko, gitt (*ironi). Mari og Pontus såg vantru på det som låg framom seg, og det var like før vi byrja å setje opp eit slags nødrigg-system. Men med iskaldt hovud og 256,9% fokus på teknikk kom dei seg pent over. Imponerande! Men, det sette også litt tankar i hovudet på meg om denne ruta var skrudd litt hardare til enn eg hadde tenkt.

Det er så pent at ord blir fattige. Om ein ikkje brukar >1000 ord - då seier dei omtrent like mykje som eit bilete. Utsikt sørover med velkjente I93 strake vegen til Boston sentralt i biletet.
Det er så pent at ord blir fattige. Om ein ikkje brukar >1000 ord - då seier dei omtrent like mykje som eit bilete. Utsikt sørover med velkjente I93 strake vegen til Boston sentralt i biletet.

To neste lengder var lite minneverdige. Gikk ut tauet i lettare lende to lengder (5.0?), men vi rota med taulagrutinene. Sist multipitch hadde det gått så greit, men då var vi berre to. No vart det rot og tauvas. Her trengst det trening.

Så var vi komne til nest siste taulengde (5.6). Dette var fantastisk fin klatring opp eit rissystem. Sola byrja å stå lavare på veggen, og dei fantastiske haustfargane som New England er kjent for skein i all si prakt laaangt under oss. Mari og Pontus var byrja å bli slitne, og køyrde raskt gjennom denne lengda, kanskje utan å gi tilstrekkelig merksemd til dei flotte haustfargane.

Pontus og Kona på siste standplass.
Pontus og Kona på siste standplass.

Siste lengd (5.6) byrja med ruta sitt crux: eit flak der ein stort sett må drage seg opp og over, før ein kjem inn i ei bratt men nydelig og moderat renne som fører opp til topp-platået. Opp renna kosa eg meg glugg ihjel, før eg toppa ut i sval haustluft, med ei nydelig utsikt.

Siste taulengde, med det berykta flaket under renna, og topprenna. Finn guiden mellom steinformasjonane.
Siste taulengde, med det berykta flaket under renna, og topprenna. Finn guiden mellom steinformasjonane.

Mari og Pontus kunne på si side styre si begeistring for dette flaket. Etter nokre forsøk i fri klekka Kona ut eit sinnrikt klemknutesystem som fekk dei over det vanskeligaste. Slik pen aid-klatrestil peiker jo fort vidare til storveggsklatring (eller i det minste småveggsklatring) i andre hjørner av dette vidstrakte landet. Gleda var stor når dei toppa ut.

Pontus toppar ut. Nydelig klatring med pen eksponering.
Pontus toppar ut. Nydelig klatring med pen eksponering.

Dette var Pontus sin tredje utendørs klatretur. Hadde eg visst den reelle vanskeligheitsgrada på denne ruta hadde eg nok tenkt meg om ein gong til før eg hadde valt denne som intro-rute (sjølv om den vert beskrive som "a great intro-climb"). Men, når det er sagt var innsatsen intet mindre enn imponerande.

På topp-platået. Kona har byrja å få guide-eigenskaper, og deler villig sin kunnskap om nærområdet *peike*forklare
På topp-platået. Kona har byrja å få guide-eigenskaper, og deler villig sin kunnskap om nærområdet *peike*forklare

Men troll-i-ord: klokka var 18:30, og det byrja å bli mørkt. Alltid hovudlykt i sekken; det er liksom sant og greier det tipset der. Plutselig er det mørkt.

Vi rusla ein time nedover stien i lyset av hovudlykta. Tilbake på parkeringsplassen 19:30, eit bad i elva, før vegen gikk til CommonMan Resturant for burger med alt (can I get ham on my bacon?) på.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.