Tentamen på school of trad: Whitney-Gilman Ridge (07.09.2014)


Characteristic Alpine climbing
Map
Visits of other PBEs Cannon Cliff 07.09.2014 08:30

Etter å ha tatt nokre helgekurs på den noko uformelle School of Trad var det på tide å gå opp til tentamen. Oppgåveteksten var som følger: lede den klassiske Whitney-Gilman Ridge (II 5.7 5tl) på Cannon Cliff. Kona melde seg som sensor, og vi var klare til avmarsj.

Vi var fire stykker i bilen. 1) Den lokale trad-nissen Kevin, som i stoisk ro inntok ein slags Old Man on the Mountain-positur i baksetet. 2) Daniel, ein trivelig og klatreivrig kar frå Ålesund/Trondheim, som vi gikk oss på utanfor klatregymmen for halvannan veke sidan (!!), 3) Kona, og 4) Meg.

Bratt, sjø. Her skal ein opp.
Bratt, sjø. Her skal ein opp.

Alpin start frå Boston kl. 6 med ein slags tanke om at vi skulle vere først på ruta. Ankomst parkeringsplassen kl. 8:30, og ved innsteget kl. 09:30 i crispy haustvær. Alas, det var mange som skulle opp til tentamen denne dagen, og det aula allereide av fargesterke prikkar oppover ryggen. Eg brukte ventetida til å drikke vatn frå camelbacken i eit forsøk på å lette sekken litt. Sekken vart lettare, men all drikkinga medførte etterkvart andre praktiske problem i bratta.

Vel vel. Kevin og Daniel luska inn i buskene for å finne den alternative 5.8-starten, medan vi byrja på standardvegen.

1. tl. skulle vere 5.4, opp eit pent men ikkje heilt trivielt dieder, ca 40 m? Det var det absolutt ikkje 5.4, og når kona kom opp til første standplass (med sekk) var ho noko skeptisk. Om dette var 5.4, kva var då resten? Ein kjentmann sa at vi hadde tatt ein alternativ start, som holdt 5.6+. Eg tok sekken (meir drikking), og gjekk laus på neste lengd.

2. tl. 5.7, kort lengde kanskje 25m over eit spennande opptak som krevde balanse og fintfølelse. Her fikk ein også litt eksponering. Dei to første taulengdene kan slåast saman til ei, men kommunikasjonen blir eit problem.

Då eg kika over kanten til neste standplasshylle fikk eg meg ein overraskelse, for her var det kanskje 10 personar som stod i kø. Også Kevin og Daniel sat i sola og kosa seg, etter å ha gått eit bratt og solid 5.8-riss. Vel vel, hyggelig på standplass. Det trivelige med alpinisme er jo at ein får treffe så mykje nye folk.

Her dukka også to jenter frå bladet Alpinist sin redaksjon opp, og vart umiddelbart eit mål for diverse framspel. Over oss hadde vi god utsikt til den mest eksponerte delen av ruta, to taulengder opp, der ein etter ein trampa symaskinfoten med vel 100 loddrette meter under baken.

Trivsel er også viktig
Trivsel er også viktig

3. tl. 5.7 35m. Etter kanskje 45 min i solsteiken var det på tide å kome seg vidare. Kevin og Daniel tok den meir eksponerte 5.8-varianten på høgresida av ryggen, medan vi tok 5.7-varianten opp eit dieder til venstre, eit kort sva, før vi kom opp på ei eksponert hylle.

Daniel kjem med innspel til Alpinist Magazine.
Daniel kjem med innspel til Alpinist Magazine.

4. tl. 5.7 35m. På tide med dagens mest eksponerte høgdepunkt. Opp eit riss frå hylla, så står ein direkte på ryggen. The Black Dike, som er kløfta mellom ryggen og resten av klippa, ligg 100 meter rett ned. Nedi avgrunnen ein stad høyrde eg Daniel diskutere redaksjonelt innhold til neste Alpinist Magazine. Men eg skulle opp eit lite overheng (særs eksponert), rundt ein nabb, og opp til neste standplasshylle. Etter litt nøling var det berre å hive seg utpå, og det gjekk veldig fint. Sekk på ryggen, Goretexen knirka, og frisk oppvind susa kring nabbane medan skydottane låg langt under oss nede i dalen. Dette er noko anna ein buldring, gitt. Kona følte seg også som ein helt når ho kom opp etterpå.

Kona seilar forbi dei meir eksponerte delane av ruta medan ho mumlar noko om at "Eksponering er mellomnavnet mitt" eller noko i den duren.
Kona seilar forbi dei meir eksponerte delane av ruta medan ho mumlar noko om at "Eksponering er mellomnavnet mitt" eller noko i den duren.

5. tl. 5.7 50m. Det byrja å bli seint på dag, så vi slo saman dei to siste taulengdene. Fjellet endra karakter og vart lausare her, med færre positive tak. Vi gikk normalvegen på venstre side, medan Kevin leda stødig opp 5.8-varianten på egga, medan hestehalen blafra i vinden som ein annan Boromir.

Kevin vurderer redskapsbruken.
Kevin vurderer redskapsbruken.

Endelig på toppen, i fantastisk utsikt og nydelig septembervær. Særs nøgd med å ha leda opp her og følt meg trygg heile vegen. Det var ein god trask nedatt, og etterpå vart det burger og ølnekt (hadde ikkje med ID) før turen gikk tilbake til Boston.

Kona gir tentamenkandidaten bestått på føringa. Blid sensor!
Kona gir tentamenkandidaten bestått på føringa. Blid sensor!

"Tentamen bestått" sa kona. "Du skal få ein femmar".

Tenk at denne gamle mannen ikkje fekk kjøpe øl.
Tenk at denne gamle mannen ikkje fekk kjøpe øl.

User comments

  • -
    avatar

    Konge!

    Written by SturlaS 09.09.2014 19:56

    Litt av et privilegium å få gå opp i tentamen i Trad! Og for en karakter da gitt. Kult!

    Fikk du vite hva som manglet i måloppnåelse for å få 6? :-)

    • -
      avatar

      Sv: Konge!

      Written by kobbenes 09.09.2014 20:01

      Takk for det :-) Eg fikk berre ein kommentar om at eg drog inn tauet i rykk og napp. Dessutan kunne eg kanskje hatt med kaffi og litt meir sjokkis.

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.