Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

So far I'm not a Peakbook-friend of anyone.

Collected lists

Stølstur til Nærøyfjorden

Date:
30.04.2016
Characteristic:
Backcountry skiing

Med ei laber vermelding for høgfjellet i Jotunheimen satsa me på stølstur til selet vårt på Kinnarbakken ved Nærøyfjorden, innlemma i UNESCO si verdsarvliste. Her har eg vore budeiejente heile oppveksten og det er den staden som ligg mitt hjarte nærast. Det største problemet med lokasjonen er skredfaren. Det går årleg stor-skred mellom Brekkenipa og Larsfonnberget med utløpssone som går tvers over heile dalsøkket og Brekkeelva. Eg hadde begge ungane med; minstemann i pulk, Eva på 5 måtte sjølv gå på ski dei 7 km frå Stalheim. Veret vart eventyrleg og føret hardt og godt. Store skavlar på vegen ut men hard og vindpakka snø var det berre å gje seg i veg.

Map    

Topptur til Grovabreen i Jølster

Date:
16.04.2016
Characteristic:
Randonnée/Telemark

Jølster skjuler fantastiske toppturar og dette er definitivt ei av perlene. Vi køyrde tidleg laurdags morgon til Dvergsdalsdalen og tok raskt skia på. Ganske bratt opp frå Dvergsdalsstølen rett opp mot Fagredalen (og ikkje Støylsnova pga lite snø på flanken). Rundar vatnet ved ca 1260 og skrår rett opp Fagredalen men ver var på skredfaren her. Så er det seigt opp mot toppunktet 1585 moh der dei fleste snur og renner ned att. Ei mektig flott utsikt i alle retningar mot Josten og fjella rundt. Ein kan fortsetja mot sjølve toppunktet 1633 moh men i grunn lita meining då det er paddeflatt. Nedkøyringa var episk. Det vert definititvt fleire toppturar i dette området.

Map