Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

Collected lists

Kommunetopp - Drammen (Buskerud): Annevannshøgda 557 moh

Date:
29.05.2004
Duration:
2:17h
Distance:
18.4km
Map    

Kommunetopp - Nedre Eiker (Buskerud): Trettekollen 607moh

Date:
26.05.2004
Duration:
4:35h
Distance:
54.9km

Trettekollen (607moh) - Nedre Eiker, Buskerud Trettekollen 607moh - høgaste punktet i Nedre Eiker. Eg sykla til Eikesætra og Solvang, vidare mot Glitre og fylgde bilvegen inn til vatnet før Trettekollen. Der måtte eg setje frå meg sykkelen, og traska vidare til fots. Brukte som vanlig litt tid på å finne fram. Her på austlandet er det sjeldant at toppane stikk opp og "seier her er eg"... Ein må leite i skogen, og til slutt fann eg fram. På vegen møtte eg ein elg. Majestetisk skapning! Det var heilt stille, berre fuglesang og tiurleik var å høyre so langt inne i marka. Eg brukte vel omlag 1.5 time på denne rundturen til fots. Sjølve toppunktet er eit lite berg som stikk nokre meter over skogbotnen. Mens toppen røyser seg faktisk ein del eit par hundrede meter over landskapet >>>

Map    

Kommunetopp - Kongsberg (Buskerud): Jonsknuten 904moh

Date:
23.05.2004
Duration:
3:27h
Distance:
36.2km

Jonsknuten (904moh) - Kongsberg, Buskerud Jonsknuten 904moh - høgaste punktet i Kongsberg. Etter å ha olja plattingar heile denne fine dagen, måtte eg avreagere litt.. So eg bestemte meg for å reise til Kongsberg for å sykle, og gå opp til Jonsknuten. I dag var det strålande sol frå skyfri himmel, og temperaturen hadde heva seg eit par hakk, so det var godt å kunne sykle i shorts igjen. Som vanlig rota eg ei stund for å finne fram. Etter det eg kunne sjå frå kartet, skulle det gå ein veg frå Kongsberg sentrum, gjennom skisenteret, og vidare heilt opp til Knutehytta. Det gjekk greit opp til Hovet og vidare til skisenteret, men vidare derifrå kom eg meg ikkje. Eg prøvde eit par vegar utan å lukkast, so til slutt gjekk eg rett opp skibakken. Rekna med å treffe på vegen lenger >>>

Map    

Fylkestopp - Oslo: Kjerkeberget 631moh

Date:
22.05.2004
Duration:
3:00h
Distance:
35.5km

Kjerkeberget 629moh, det høgaste punktet i Oslo. Tre "toppar", tre fylkje, tre dagar.... Med dette er muligens dei minst spektakulære fylkestoppane nådd. Slavasshøgda i Østfold skal eg ta viss eg nokon gong går tom for turmål. Sannsynlegvis aldri.. Dagen i dag var kald. Iskald nordavind. Det starta med overskya vær om morgonen og under ti grader. Etter kvart sprakk skydekket og sola lyste opp mellom skyene. Eg starta sykkelturen på Bogstad, for å få litt bakketrening sykla eg opp til Tryvannstua og vidare til Ullevålsæter. Der var det nok med bakkar, ja. Og det var skikkelig slitsom grusvei med "rullegrus". Frå Ullevollsæter sykla eg langs Skjærssjøen i retning Kikut og forbi Bjørnsjøen, rundt Store Sandungen og til Sandungen gård. Heile tida sleit eg >>>

Map    

Fylkestopp - Hurdal, Akershus: Fjellsjøkampen 812 moh

Date:
21.05.2004
Duration:
1:00h
Distance:
6.5km

Fjellsjøkampen 812 moh i Hurdal kommune - høgaste punktet i Akershus fylke. Nok ein kombinert sykkeltur og fottur. I dag ein relativt kort tur. Brukte akkurat ein time til toppen: ein halv time på sykkel, pluss ein halv time å gå opp til toppen. Parkerte bilen der Gjødningsveien starta, og sykla opp til Gjødningssætra der stien til toppen startar. Stien går i skogen heile vegen til topps. Utsikta er nesten lik null, men der står eit gammalt falleferdig tårn på toppen som akkurat stikk opp over trea. Eg tok sjansen og klatra opp, der var utsikta vid over lave, skogkledde austlandsåsar. Litt kjedelig for ein vestlending... Her hadde det gjort seg med skikkelig flathogst, eller nokre kraftige skogbrannar... Men det var ein fin tur. Sol i dag også, men det var kjølig i lufta og iskald >>>

Map    

Skibergfjell 633moh - Hof, Vestfold

Date:
20.05.2004
Duration:
4:13h
Distance:
28.8km

Skibergfjell 633moh - Høgastet punktet i Vestfold fylke. Hof kommune. Nok ein kombinert sykkeltur og fottur. Køyrde til Hof, og sykla opp vegen i retning Hajeren. Meininga var å sykle ein rundtur, frå Hof til Gausesætra, og gå derifrå til toppen, for so å sykle ned til Holt rett før Eidsfoss, og so tilbake til bilen langs riksveg 35. Men eg tok feil i eit vegkryss og kom opp til Hajeren ca. 400moh. Stoppa der ei stund og prøvde å finne ut veien vidare... Det vart mykje studering av kart, og sykling fram og tilbake. Dette er vanskelig for ein vestlending som ikkje er vand med å måtte orientere seg i skog og mark. Utan eit einaste fjell, eller fjord å navigere etter. Så eg kasta vekk mesteparten av tida med å gruble over kar eg var, og kar eg skulle sykle. Det kartet eg hadde >>>

Map    

Sykkeltur til Breiliflaka 702 moh

Date:
18.05.2004
Duration:
3:23h
Distance:
38.2km

Breiliflaka (702 moh) - Modum, Buskerud Kombinert sykkeltur og gåtur til Breiliflaka 702moh. Det det eg trudde var det høgaste punktet i Modum kommune. Sette igjen bilen ved kraftverket på Dyrbakk. Det ligg ved Tyrifjorden omlag eit par mil frå Sylling i retning Vikersund. Derifrå sykla eg i retning Vikersund omlag ei mil på riksveg 284. Dårlig asfalt og jævlig motvind. Sleit med å hold 20km/t på flatmark, var av og til ned i under 15km/t der det bles som verst!! Ellers var det ein flott dag med sol og brukbar varme. Då eg kom til campingplassen ved Frydenberg, rett før den austlige delen Vikersund, tok eg av til venstre opp grusvegen som blant anna går opp til Abbortjern. Vegen går jevnt oppover til dette tjernet som ligg omlag på 400 moh. Rett før vatnet går det ein veg oppover >>>

Map    

Kommunetopp - Asker (Akershus): Hagahogget 459 moh

Date:
15.05.2004
Duration:
3:29h
Distance:
35.5km

Hagahogget (459 moh) - Asker, Akershus Sykkeltur til Hagahogget, det høgaste punktet i Asker kommune med sine 459 moh. Dette er min lengste tur hittil i år i tid, sjøl om turen berre var 35 km. På dei fyrste 15 km forbi Tveitersætra, brukte eg i underkant av 50 min. Då eg kom til Hagahogget, drog eg med meg sykkelen vidare forbi radaranlegget for å kome meg til utkikspunktet. Det var berre drags, måtte trille og bære sykkelen heile vegen. Brukte ein del tid på det sjøl om det berre var omlag 500m i luftlinje. Fantastisk fin dag i dag. Passe temperatur og lette skyer. Utsikta frå Hagahoget er flott: Eoin ser innover mot Oslo, Holmenkollen, Ekeberg, Nesodden og heile fjorden utover forbi Slemmestad. Asker, Dikemark og norvestover heilt til Norefjell! Brukte ein del tid på nyte denne >>>

Map