Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

Collected lists

Vardåsen

Date:
27.03.2004
Map    

Kommunetopp - Sande (Buskerud): Presteseteråsen 568 moh

Date:
23.03.2004

Presteseteråsen (568 moh) - Sande, Vestfold Skitur: Presteseteråsen 568 moh, Sande/Vestfold. Nok eit forsøk på å nå det høgaste punktet i Drammen kommune; Annevannshøgda 557 moh. Denne gongen hadde eg tenkt å få med meg Presteseteråsen også. Med sine 568 moh er det den høgaste åsen i Sande kommune i Vestfold. Det hadde skya over og temperaturen låg på eit par pluss, då eg begynte å gå frå Andorsrud. Skogsbilvegen var pløgd og ikkje lagt opp med fine skispor, slik eg hadde håpa på. Det hadde faktisk vore heilt perfekt for sparkstøtting... Så eg tok skia på nakken og gjekk. Og det gjorde eg heilt til det punktet eg snudde på sykkel i sommar, sør for Grodalsåsen. Men i staden for å rette opp feilen frå i fjor, snudde eg og gjekk ikkje opp Gravdalen, men vestover mot >>>

Map    

Skitur på Skimten 554 moh

Date:
17.03.2004
Map    

Kommunetopp - Røyken (Buskerud): Villingstadåsen 357 moh

Date:
14.03.2004
Duration:
0:29h
Distance:
1.7km

Villingstadåsen (357 moh) - Røyken. Skitur. Nytt forsøk på å nå det høgaste geografiske punktet i Røyken kommune, denne gongen i regn og skodde. Typisk Kollen-vær!!! Sikta var dårlig, ned mot 10m.... Og føret var også dårlig, det var som å renne på sand. Det kom omlag 10cm nysnøv frå fredag til søndag. Men no var det plussgrader og regn. Gjekk fyrst inn til hytta på Herstadheia 343moh, der var so klart ingen servering i dag. Løypa var køyrd opp med scooter, og eg såg skispor etter andre, men ingen folk. Hadde plotta inn Villingstadåsen på GPS'en og sette på GOTO-funksjonen der eg gav opp på torsdag. Fann etter kvart toppen, som berre var nokre småhaugar i skogen. På kartet er toppen merka av som et utkikkspunkt, i dag såg eg berre skodde og skog.

Map