50km Skitur mot Urdalsknuten (06.05.2017)
Andre besøkte PBE'er | Brokke Heieveg (756moh) | 06.05.2017 06:30 |
---|
Forsøk på gå opp på Urdalsknuten 1434 moh som er den høgaste toppen i Valle og Sirdal kommuner og i Vest Agder fylke. Eg køyrde til Setesdal og Brokke/bommen på Suleskardvegen etter jobben på fredag og overnatta i bilen. Starta å gå 06.30.på laurdag morgon. Bar skia eit stykke opp i Evardalen. Nydelig vær og bra føre. Dårlig glid sidan lengda på kortfellane ikkje var justert i forhold til skia. Hadde ikkje med kniv. Det blei ein lang og varm dag: Sol og knapt nok eit vindpust. Heldigvis var det eit tynt slør over himmelen ei god stund. Turen blei lang sidan eg ikkje tok sjansen på å gå ut på isen fordi kraftselskapet meldte om utrygg is. Etter nesten tre mil og mange forsøk på å krysse Juvassåna, måtte eg gi meg og gå tilbake. Eg kom tilbake til bilen kl. 22.30. Med tre sovepauser kom eg heim kl. 06.00 søndag morgen. Det var litt av ein tur!
Kommentarer