Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Diskgolf Trolla

Date:
21.07.2025
Distance:
14.5km

Sommarferie 2025. Kjekt med frisbe-golf. Fann fram, med litt plundring, til bana på Trolla. Stilig anlegg som openbarte seg oppi skogen. Imponert av dugnadsinnsatsen for å få dette til. Så slo eg til med hole in one på siste post!!! Førstemann i familien, så dette kastet skal omsnakkast: l-e-n-g-e. Vart so forfjamsa at eg gløymde å slå av gps-trackinga etter ferdigspelt runde,så km på turen lyg voldsomt.

Map    

Trondheim

Date:
21.07.2025

Sommarferie 2025 Walkabout in Trondheim m disk-golf på Sluppen

StikkUt Herøy og Sande

Date:
18.07.2025

StikkUt runde i Herøy og Sande då skodda la seg andre stadar i distriktet Herøy gard & Fyrlykta på Hidsneset

Røyrafjellet

Date:
17.07.2025

StikkUT kveldstur på Røyrafjellet med GC

Rørsethornet

Date:
15.07.2025
Distance:
5.2km

For ein flott dag. Ulrik, Gunn og eg på tur til fine Midsund. Flotte turmål å velge mellom der, men ville prøve alle trappetrinna opp til Rørsethornet. Eit imponerande stykke arbeid og ein vill ide som vart gjennomført om å legge sherpatrapp opp hit. Må prøvast, kjennast godt i lår og leggar når ein er ferdig der.

Map    

Gyrinakken

Date:
14.07.2025

GC og eg på kveldstur til Gyrinakken frå gokartbana. Heimatt via bommen i lysløypa Vi vart utsatt for gjentatte, feige bakholdsangrep frå horder av blødtørstige, fandenivoldske og jæklige kleggar. Gunn må nok sutte på zyrtec dei neste dagane.

Kleppeåsen og Heida

Date:
12.07.2025

Kveldstur. Vi rakk akkurat opp på Heida i det sola gjekk ned.

Brendeåsen

Date:
11.07.2025

Runda i skogen og bommen i lysløypa, m GC.

Rjåhornet

Date:
09.07.2025
Distance:
6.2km

Gunn og eg på tur til Rjåhornet med start i frå Djupvika. Har ikkje gått herifrå før. Fin sti, mykje på berg og lettgått til siste lange motbakken til toppen. Den er ganske dryg. Nedatt via Bakkehornet og Bakkehammaren.

Map    

Brendeåsen

Date:
08.07.2025